Bill Black
William Patton «Bill» Black jr. (17. september 1926–21. oktober 1965)[1] var ein USA-amerikansk musikar og bandleiar som er kjend som ein av pionerane innan rock and roll. Black var bassist i den tidlege trioen til Elvis Presley, og danna sidan Bill Black's Combo.
Bill Black | |||
| |||
Fødd | 17. september 1926 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Memphis i Tennessee i USA | ||
Død | 21. oktober 1965 | ||
Dødsstad | Memphis | ||
Fødenamn | William Patton Black, Jr. | ||
Opphav | USA | ||
Aktiv | 1954–65 | ||
Sjanger | Rock and roll | ||
Instrument | |||
Tilknytte artistar | Elvis Presley The Blue Moon Boys Bill Black's Combo | ||
Plateselskap | Sun (Presley); Hi, UK: Felsted, London (Combo) | ||
Verka som | Bassist, bandleiar | ||
Prisar | Rock and Roll Hall of Fame |
Biografi
endreBlack spelte først for Sun Records tidleg i 1954 som del av eit countryband, Doug Poindexter and the Starlite Wranglers, der gitaristen Scotty Moore òg spelte. Denne gruppa gav berre ut ein singel for Sun, men det var nok til at sjefen i Sun, Sam Phillips, sette Black og Morre saman med Elvis Presley. Som Elvis Presley, Scotty og Bill, gav dei ut fem singlar for Sun i 1954 og 1955, som vanlegvis vert rekna som somme av dei beste rockabilly-songane som nokon gong er spelt inn. Blak var ein viktig del av den tidlege stilen til Presley med sin klaskande kontrabass og sprudlande framferd på scenen.
Black og Moore arbeidde med Presley fram til 1958, men slutta då dei ikkje vart samde om honorara. Black og Morre hadde fått ein fjerdedel av honrara i starten av karrieren til Presley, men sjøv etter at Presley vart stor stjerne med RCA i starten av 1956, fekk dei berre 200 dollar kvar i veka. Sjølv om Morre seinare arbeidde med Presley igjen, slutta Black heilt og vart med ei gruppe i Memphis som utvikla seg til Bill Black's Combo i 1959. Instrumentalen deira «Smokie» kom ut seinare på året og nådde topp 10.
Bill Black's Combo heldt seg til stilen dei hadde funne på «Smokie» på dei neste singlane, ein enkel shuffle-rytme, enkelt bluesaktig R&B-riff, og litt orgel og saksofon på toppen. Dei var ikkje særleg nyskapande, men ganske suksessrike, og fekk åtte singlar på topp 40 mellom 1959 og 1962, inkludert «White Silver Sands», «Josephine», «Don't Be Cruel», «Blue Tango» og «Hearts of Stone». Dei instrumentale rockesongane høva bra som bakgrunnsmusikk på barar, klubbar og kafear, og mange av platene deira var å finne i jukeboksar. Dette var medverkande til det gode salet. Dei hadde framleis singlar å topp 100 så seint som i 1964, og det året turnerte dei òg med The Beatles under den første turneen deira i Amerika.
Black fekk ein hjernesvulst han døydde av i 1965, kort tid før 40-årsdagen.
Diskografien til Bill Black's Combo
endreAlbum
endreÅr | Tittel | Plassering |
---|---|---|
US 200 | ||
1960 | «Solid and Raunchy» | 23 |
1962 | «Let's Twist Her» | 35 |
1963 | «Big Black Combo Goes West» | 139 |
1964 | «Big Black Combo Goes Big Band» | 139 |
1964 | «Plays Tunes By Chuck Berry» | 143 |
1965 | «Mr. Beat» | 143 |
1967 | «Bill Black's Greatest Hits» | 195 |
1967 | «Bill Black's Beat Goes On» | |
1969 | «Solid and Raunchy 3rd» | 168 |
1970 | «Raindrops Keep Fallin on My Head» | — |
1975 | «World's Greatest Honky-Tonk Band»A | — |
- APeaked at #47 in Billboard Country Albums
Singlar
endre1960-åra
endreÅr | Tittel | Plassering | Album | |
---|---|---|---|---|
US | US R&B | |||
1959 | «Smokie, Part 2»
med «Smokie, Part 1» (frå Smokie) |
17 | 1 | Saxy Jazz |
1960 | «White Silver Sands»
med «The Wheel» |
9 | 1 | |
«Josephine»
med «Dry Bones» (frå That Wonderful Feeling) |
18 | — | Let's Twist Her | |
«Don't Be Cruel»
med «Rollin'» (frå Greatest Hits) |
11 | 9 | Solid and Raunchy | |
«Blue Tango»
med «Willie» |
16 | — | Greatest Hits | |
1961 | «Hearts of Stone»
med «Royal Blue» |
20 | 22 | |
«Ole Buttermilk Sky»
med «Yogi» |
25 | — | ||
«Honky Train» / | 92 | — | Movin' | |
«Movin'» | 41 | — | ||
«Twist Her»
med «My Girl Josephine» |
26 | — | Let's Twist Her | |
1962 | «Twistin' 'White Silver Sands'»
med «My Babe» |
92 | — | Non-album tracks |
«So What»
med «Blues For The Red Boy» (Non-album track) |
78 | — | The Untouchable Sound of Bill Black's Combo | |
«Joey's Song»
med «Hot Taco» (Non-album track) |
114 | — | ||
1963 | «Do It – Rat Now»
med «Little Jasper» (Non-album track) |
51 | — | Greatest Hits |
«Monkey-Shine»
med «Long Gone» |
47 | 47 | Non-album tracks | |
1964 | «Comin' On»
med «Soft Winds» (Non-album track) |
67 | — | Bill Black's Combo Plays The Blues |
«Tequila» / | 91 | — | Solid and Raunchy | |
«Raunchy» | 118 | — | ||
«Little Queenie»
med «Boo-Ray» |
73 | — | Bill Black's Combo Plays Tunes By Chuck Berry | |
1965 | «So What»
med «Blues For The Red Boy» (Non-album track) |
89 | — | The Untouchable Sound of Bill Black's Combo |
«Come On Home»
med «He'll Have To Go» |
124 | — | More Solid and Raunchy | |
«Spootin'»
med «Crazy Feel» |
135 | — | Mr. Beat | |
1966 | «Hey Good Lookin'»
med «Mountain Of Love» |
124 | — | All-Timers |
«Rambler»
med «You Call Everybody Darling» |
— | — | Black Lace | |
1967 | «Son Of Smokie»
med «Peg Leg» |
— | — | Non-album tracks |
1968 | «Turn On Your Love Light»A
med «Ribbon Of Darkness» (frå Bill Black's Beat Goes On) |
82 | — | Turn On Your Love Light |
«Bright Lights, Big City»
med «Red Light» (Non-album track) |
— | — | ||
1969 | «But It's Alright»
med «Slow Action» |
— | — | Black With Sugar |
«California Dreamin'»
med «The Funky Train» |
— | — | ||
«Creepin' Around»
med «Son Of Hickory Holler's Tramp» |
— | — | Solid and Raunchy The 3rd |
- ANådde òg 82. plassen på den kanadiske singellista.
1970-åra
endreÅr | Tittel | Plassering | Album |
---|---|---|---|
US Country | |||
1975 | «Back Up and Push» | 84 | World's Greatest Honky-Tonk Band |
«Boilin' Cabbage» | 29 | Bill Black Combo* Featuring Bob Tucker* – Solid & Country | |
1976 | «Fire on the Bayou» | 37 | World's Greatest Honky-Tonk Band |
«Jump Back Joe» | 100 | ||
«Redneck Rock» | 89 | It's Honky Tonk Time | |
1978 | «Cashin' In (Tribute to Luther Perkins)» | 96 | Award Winners |
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Bill Black» frå Wikipedia på engelsk, den 27. september 2016.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Colin Larkin (2011). The Encyclopedia of Popular Music. Omnibus Press. s. 2006.