The Chordettes
The Chordettes var ein kvinneleg songkvartett som framførte populærmusikk. Gruppa blei skipa i Sheboygan i Wisconsin i 1946. Dei best kjende songane hennar er «Mr. Sandman», som kom ut i 1954, og «Lollipop» frå 1958. Den sistnemnde blei ein hit i 1967 i ein coverversion av den britiske popgruppa Red Squares.
The Chordettes | |||
| |||
Aktiv | 1946–1963 | ||
---|---|---|---|
Sjanger | folkemusikk, doo-wop | ||
Plateselskap | Columbia Records, Apex |
Dei opphavlege medlemmane i gruppa var Janet Ertel (f. Buschmann; 1913–1988), Alice Mae Buschmann Spielvogel (1925– 1981), Dorothy «Dottie» (Hummitzsch) Schwartz og Jinny Osborn/Lockard (1927–2003). Alice Spielvogel blei erstatta av Carol Buschmann, svigerinna si, i 1947. I 1952 kom Lynn Evans (f. Hargate; 1924–2020)[1] inn i staden for Schwartz.[2] I 1953 erstatta Margie Needham Osborn, som venta barn. Osborn kom seinare tilbake til gruppa. Nancy Overton var med gruppa på konsertar i 1957 etter at Janet Ertel, som var over ti år eldre enn dei andre medlemmene, valde å ikkje vera med på turnear. Ertel heldt likevel fram med å spela inn musikk med Chordettes. Gruppa song opphavleg folkemusikk i same stil som The Weavers, men gjekk etterkvart over til ein harmoniserande stil som i barbershop eller tett harmoni.
Diskografi
endre- Album
- Harmony Time (1951)
- Harmony Encores (1952)
- The Chordettes Sing Your Requests (1954)
- Close Harmony (1955)
- The Chordettes (1957)
- Listen (1957)
- Drifting and Dreaming (1959)[3]
- Never On Sunday (1962)
Singlar (på Billboard Hot 100)
- 1954 – «Mr. Sandman»/«I Don't Wanna See You Cryin'» (#1)
- 1956 – «The Wedding»/«I Don't Know, I Don't Care» (#91)
- 1956 – «Eddie My Love»/«Whistlin' Willie» (#14)
- 1956 – «Born To Be With You»/«Love Never Changes» (#5)
- 1956 – «Lay Down Your Arms»/«Teen Age Goodnight» (#16 / #45)
- 1957 – «Just Between You and Me»/«Soft Sands» (#8 / #73)
- 1958 – «Lollipop»/«Baby, Com-A Back-A» (#2)
- 1958 – «Zorro»/«Love Is A Two-Way Street» (#17)
- 1959 – «No Other Arms No Other Lips»/«We Should Be Together» (#27)
- 1961 – «Never On Sunday»/«Faraway Star» (#13 / #90)
Kjelder
endre- ↑ «Lynn Evans Mand». The Chronicle. 11. februar 2020. Arkivert frå originalen 13. februar 2020. Henta 8. mai 2020.
- ↑ PogieJoe (January 14, 2015). «MRS. SANDMAN: A Chat with The Chordettes' Lynn Evans». YouTube. Arkivert frå originalen October 16, 2020. Henta February 6, 2020.
- ↑ «Chordettes, The – Drifting And Dreaming (Vinyl, LP) på Discogs». Discogs.com. Henta May 7, 2012.
- Denne artikkelen bygger på «The Chordettes» frå Wikipedia på svensk og «The Chordettes» frå Wikipedia på engelsk, den 27. desember 2022.