The Elder Scrolls III: Bloodmoon
The Elder Scrolls III: Bloodmoon er den andre utvidingspakka til Bethesda Game Studios The Elder Scrolls III: Morrowind. I motsetnad til den fyrste utvidinga Tribunal, som låg til ein ny by åtskilt frå den eksisterande speleverda som ikkje blir vist på kartet, legg Bloodmoon til ei stor ny øy på kartet. Øya heiter Solstheim og har eit kald klima. I staden for Dunmer-rasen som er urfolket på Vvardenfell, er Solstheim busett hovudsakleg av Nord-rasen. Dette er fordi øya ligg på grensa mellom Morrowind og Skyrim, som er Nords sitt heimland.
The Elder Scrolls III: Bloodmoon | |||
Utviklar(ar) | Bethesda Game Studios | ||
---|---|---|---|
Utgjevar(ar) | Bethesda Softworks | ||
Serie | The Elder Scrolls | ||
Spelmotor | Gamebryo | ||
Siste versjon | 1.6.1820 | ||
Plattform(er) | Xbox, Microsoft Windows | ||
Utgjeving | NA: 3.juni 2003 | ||
Sjanger | Action RPG | ||
Spelemodus | Einspelar | ||
Medium | DVD, digital nedlasting | ||
Nettstad | http://elderscrolls.com | ||
Del av serien The Elder Scrolls⠀ |
Tilleggspakka legg til nye fiendar, East Empire Company som ein ny organisasjon spelaren kan bli med i og høvet til å verta ein varulv. Bloodmoon har mange side-quests, som er mindre oppdrag spelaren kan få ved å utforske verda som er utanom hovudoppdraget. Dragonborn-DLCen til Skyrim tek òg stad på Solstheim, 200 år etter hendingane i Bloodmoon.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «The Elder Scrolls III: Bloodmoon» frå Wikipedia på engelsk, den 23. juli 2015.