The Fabulous Wailers

The Wailers, ofte kalla The Fabulous Wailers, var eit amerikansk rockeband frå Tacoma i Washington. Dei vart populære i det nordvestlege USA seint i 1950- og tidleg i 1960-åra,[1] og spelte saksofondriven R&B og Chuck Berry-aktig rock and roll.[2] Den største hitten deira var «Tall Cool One», som kom ut i 1959, og dei vert kalla «eit av dei aller første, om ikkje det første, amerikanske garasjerockbandet[3]

The [Fabulous] Wailers
OpphavTacoma, Washington, United States
Aktiv1958–1969
SjangerRock and roll, garasjerock
PlateselskapGullen Crest, Etiquette, United Artists, Bell
Tidlegare medlemmerOriginalbesetning:
John Greek
Richard Dangel
Kent Morrill
Mike Burk
Mark Marush
Seinare medlemmer:
«Rockin' Robin» Roberts
John «Buck» Ormsby
Gail Harris
Ron Gardner
Neil Andersson
Dave Roland
Denny Weaver

Karriere endre

Gruppa vart først skipa som The Nitecaps i 1958 av fem skulevener:

  • John Greek (27. oktober 1940 – 6. oktober 2006) – rytmegitar, trompet
  • Richard Dangel (1. desember 1942 – 2. desember 2002) – sologitar
  • Kent Morrill (2. april 1941 – 15. april 2011) – klaverinstrument, vokal
  • Mark Marush (15. august 1940 – 9. august 2007) – tenorsaksofon
  • Mike Burk (f. 1942) – trommer

Seint i 1958 spelte gruppa inn ein demo av ein instrumental skiven av Dangel, Morrill og Greek, som fann sin veg til Clark Galehouse i det New York-baserte Golden Crest Records. Han likte songen og fekk dei til å spele han inn på ny i Lakewood i februar 1959.[4] Tittelen var «Tall Cool One» og vart føreslått av mora til Morrill.[5] Songen vart gjeven ut på singel og nådde 36. plassen på Billboard Hot 100 og 24. plassen på R&B-lista.[6][7] Bandet kryssa landet til New York for å spele inn albumet The Fabulous Wailers, som kom ut i desember 1959 med to songar med vokal av Morrill og resten instrumentalar. Dei spelte så på Dick Clark sitt American Bandstand, og turnerte på austkysten.[4][8] Ein annan instrumental frå den første innspelinga, «Mau-Mau», som nådde 68. plassen på Billboard si popliste,[6] men den tredje singelen, «Wailin'», gjekk ikkje inn på lista.

Bandet drog attende til nordvesten i staden for å bli verande i New York, slik plateselskapet ville, og dei vart droppa frå kontrakten sin.[9] På denne tida fekk dei inn vokalisten «Rockin' Robin» Roberts (Lawrence Fewell Roberts II), ein karismatisk frontmann som tidlegare hadde sunge i The Bluenotes, ein rival få Tacoma.[10][11] John Greek slutta i gruppa etter bitre omstende, og vart erstatta av bassisten John «Buck» Ormsby (fødd i Seattle, 1941–2016).[4][12] Ormsby, Morrill og Roberts skipa så Etiquette Records og i 1961 gav selskapet ut sin første singel, ein versjon av Richard Berry sin «Louie Louie». Av kontraktårsaker vart singelen kreditert til Roberts, men var framført av heile bandet.[9] Innspelinga deira vart ein lokal hit og vart distribuert nasjonalt av Imperial Records, men gjekk ikkje inn på den nasjonale lista. Songen vart spelt med eit 1-2-3, 1-2, 1-2-3-riff, som var varemerket deira,[13] og som inspirerte andre grupper frå Seattle-området, som Kingsmen frå Portland i Oregon, som spelte inn den same songen.[3][8][10]

The Wailers fortsette å spele lokalt, i følgje Morrill, og ein av dei største tilhengjarane deira var ein ung Jimi Hendrix, som då byrja å spele gitar.[14] Bandet spelte både med og utan Roberts, som studerte på University of Washington, University of Puget Sound og Oregon State University, og tok til slutt ein mastergrad i biokjemi.[10][12] Dei hadde òg stundom med seg tenåringsjenta Gail Harris på vokal, mellom anna på konsertalbumet The Fabulous Wailers at the Castle frå 1961, som er blitt skildra som «utan tvil eit av dei viktigaste albuma i rock and roll-historia i Seattle.»[9][15] Alt i alt gav bandet ut fire album på sitt eige Etiquette-selskap mellom 1962 og 1966, og ei rekkje signlar. Dei var òg med å sparke i gang platekarrieren til The Sonics, som gav ut dei to første albuma sine på selskapet,[12] og hjelpte karrieren til Jini Dellaccio som rock and roll-fotograf då dei leigde ho til å ta bilete for albumet deira Wailers, Wailers, Everywhere.

Mark Marush slutta i The Wailers i 1962 og vart erstatta av Ron Gardner, som òg song; Dangel og Burk slutta i 1964 og vart erstatta av gitaristen Neil Andersson og trommeslagaren Dave Roland.[12][16] Dei fortsette å halde konsertar og spele inn musikk, og la til ein trio med kvinnelege korsongarar, kjend som The Marshans.[9] I 1964 vart «Tall Cool One» utgjeve på ny av Golden Crest, og gjekk igjen inn på Billboard si pop-liste, denne gongen opp til ein 38. plass.[6] I 1965 spelte Roberts inn den siste innspelinga med gruppa, og i 1967 vart gitaristen Neil Andersson erstatta av Denny Weaver.[16] Roberts omkom, 27 år gammal, i ei bilulukke seint i 1967.[10]

Bandet vart oppløyst i 1969 og då var Kent Morrill det einaste originale medlemmet som var att. Morrill, Dangel og Ormsby og andre musikarar kom saman som The Wailers for enkelte konsertar utover i 1970-åra.[16][17]

Seinare aktivitetar endre

Ormsby starta opp att Etiquette i midten av 1980-åra og gav ut Wailers-samlinga The Boys from Tacoma i 1993.[9] The Wailers-songen «Out of Our Tree» var med på CD-utgåva av Nuggets: Original Artyfacts From the First Psychedelic Era frå 1998. Fleire av Wailers-innspelingane vart òg spelte av The Ventures,[5] og dei to banda gav ut eit album i lag, Two Car Garage, i 2009 for å feire 50-årsjubilea sine.[18]

Ron Gardner døydde i 1992.[19] Richard Dangel døydde av ein aneurisme i 2002.[5] John Greek døydde i 2006,[20] Mark Marush i 2007,[19] og Kent Morrill av kreft den 15. april 2011.[21] Ormsby døydde i Mexico på 75-årsdagen sin, den 29. oktober 2016.[22]

Diskografi endre

Album endre

  • The Fabulous Wailers (Golden Crest, 1959) (òg kjend som The Wailer's (sic) Wail)
  • The Fabulous Wailers At The Castle (Etiquette, 1962)
  • Wailers and Company (Etiquette, 1963)
  • Tall Cool One (samleplate, Imperial, 1964)
  • Merry Christmas (med The Galaxies og The Sonics, Etiquette, 1965)
  • Wailers, Wailers, Everywhere (Etiquette, 1965)
  • Out of Our Tree (Etiquette, 1966)
  • Outburst! (United Artists, 1966)
  • Walk Thru The People (Bell, 1968)
  • The Boys from Tacoma (samleplate, Etiquette, 1993)
  • Two Car Garage (med The Ventures, Blue Horizon, 2009)

Singlar endre

  • «Tall Cool One» (Golden Crest, 1959)
  • «Mau-Mau» (Golden Crest, 1959)
  • «Wailin'» (Golden Crest, 1960)
  • «Louie Louie» (Rockin' Robin Roberts with the Wailers, Etiquette, 1961)
  • «Mashi» (Etiquette, 1962)
  • «Doin' the Seaside» (Etiquette, 1962)
  • «We're Goin' Surfin'» (Etiquette, 1963)
  • «Seattle» (Etiquette, 1963)
  • «Frenzy» (Etiquette, 1964)
  • «Don't Take It So Hard» (Etiquette, 1964)
  • «You Don't Love Me» (Etiquette, 1965)
  • «Dirty Robber» (Etiquette, 1965)
  • «Out of Our Tree» (Etiquette, 1965)
  • «It's You Alone» (Etiquette / United Artists, 1966)
  • «Think Kindly Baby» (Etiquette / United Artists, 1966)
  • «You Won't Lead Me On» (United Artists, 1966)
  • «I'm Determined» (Viva, 1967)
  • «You Can't Fly» (Bell, 1968)[23]

Kjelder endre

  1. Colin Larkin (red.). «Wailers (rock 'n' roll)». Encyclopedia of Popular Music (4th utg.). Oxford Music Online. Henta 18. mai 2010. 
  2. Harrington, Joe S. Sonic Cool: The Life and Death of Rock 'n' Roll. Hal Leonard (2002), pp. 94-95. ISBN 0-634-02861-8.
  3. 3,0 3,1 Richie Unterberger. «The Wailers». AllMusic. 
  4. 4,0 4,1 4,2 John Broven, Golden Crest Records: The Wailers, arkivert frå originalen 28. november 2019, henta 1. mai 2018 
  5. 5,0 5,1 5,2 «RICH DANGEL». rockabilly.nl. 
  6. 6,0 6,1 6,2 Whitburn, Joel (2003). Top Pop Singles 1955–2002 (1st utg.). Menomonee Falls, Wisconsin: Record Research Inc. s. 748. ISBN 978-0-89820-155-0. 
  7. Whitburn, Joel (2004). Top R&B/Hip-Hop Singles: 1942–2004. Record Research. s. 464. 
  8. 8,0 8,1 «KVI, Seattle: Tribute to Kent Morrill». [daud lenkje]
  9. 9,0 9,1 9,2 9,3 9,4 Peter Blecha, Etiquette Rules! The Northwest's Reigning '60s Garage-Rock Record Company, HistoryLink.org, 10. april 2009
  10. Theo de Grood. «Louie Louie». xs4all.nl. 
  11. 12,0 12,1 12,2 12,3 Dick Stewart, Up Close With Buck Ormsby, The Lance Monthly, 27. august 2005
  12. Harrington, Joe S. Sonic Cool: The Life and Death of Rock 'n' Roll. Hal Leonard (2002), s. 95. ISBN 0-634-02861-8.
  13. Live Wire, Coffee with a Legend – Kent Morrill of The Fabulous Wailers, 9. april 2009
  14. Review of The Fabulous Wailers at the Castle by Cub Koda at Allmusic.com
  15. 16,0 16,1 16,2 «The Fabulous Wailers website; history». Arkivert frå originalen 27. april 2011. Henta 1. mai 2018. 
  16. Bruno Ceriotti. «Rock Prosopography 102». rockprosopography102.blogspot.com. 
  17. Two Car Garage website, arkivert frå originalen 31. januar 2011, henta 1. mai 2018 
  18. 19,0 19,1 «The Fabulous Wailers - Tacoma, WA (1958 - 2011) with a little break in the middle». pnwbands.com. 
  19. «RIP: John Greek, founding member of the Wailers, 65». The Louie Report. 
  20. «Fabulous Wailers official website». Arkivert frå originalen 27. april 2011. Henta 1. mai 2018. 
  21. «Rock ’n’ legend: Last of the ‘Louie Louie’ hit makers dies in Mexico». 
  22. «AUDIOVIDEOMIX.OM». audiovideomix.com. Arkivert frå originalen 12. august 2011. Henta 1. mai 2018. 

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: The Fabulous Wailers