The Kingsmen er eit 60-tals beat/garasjerockband frå Portland i Oregon i USA. Dei er mest kjend for innspelinga si frå 1963 av Richard Berry-songen «Louie Louie», som låg seks veker på andreplassen på Billboard-lista. Singelen har sidan blitt ein klassikar.

The Kingsmen

The Kingsmen i 1966. Med klokka frå nede til venstre: Lynn Easton, J.C. Rieck, Kerry Magness, Mike Mitchell, Dick Peterson
OpphavPortland i Oregon i USA
AktivSidan 1959
Sjanger
PlateselskapJerden, Wand, Sundazed
MedlemmerMike Mitchell

Dick Peterson
Steve Peterson

Todd McPherson
Dennis Mitchell
Tidlegare medlemmerLynn Easton

Jack Ely
Bob Nordby
Don Gallucci
Gary Abbott
Norm Sundholm
Barry Curtis
Kerry Magness
J.C. Reick
Turley Richards
Pete Borg
Jeff Beals
Steve Friedson
Yank Barry[1]
Fred Dennis
Andy Parypa

Kim Nicklaus
Marc Willett

Tidlege år

endre

I 1959 inviterte Lynn Easton Jack Ely til å spele med han på ein konsert på Portland Hotel, då Ely song og spelte gitar, medan Easton spelte trommer.[2] Dei to tenåringane voks opp i lag og foreldra var nære vener.[2] Easton og Ely spelte på seglklubbfestar og fekk etter kort tid med seg Mike Mitchell på gitar og Bob Nordby på bass til å fylle ut resten av besetninga i bandet. Dei kalla seg sjølv The Kingsmen etter eit band som nyleg var oppløyst.[3] The Kingsmen byrja å spele på moteshow, for Raude krossen og på supermarknader og unngjekk stort sett rockesongar på setlista si.[4]

«Louie Louie»

endre

I 1962 spelte dei ein konsert på Pypo Club i Seaside i Oregon, som då var styrt av Al Dardis. Bandet la då merke til The Fabulous Wailers sin versjon av «Louie Louie» som vart spelt om att og om att på ein jukeboks. Heile klubben reiste seg og dansa.[5] Ely overtydde The Kingsmen om at dei måtte lære seg songen, som dei så byrja å spele på dans til god respons frå publikum.[6] Ely endra rytmen utan at han visste det, fordi han hadde høyrt feil på jukeboksen.[7] Ken Chase, som var radiovert på KISN, skipa sin eigen klubb[8] han kalla «Chase», og The Kingsmen vart husband der, medan Ken Chase vart manageren deira. Den 5. april 1963 leigde Chase ein time i det lokale studioet Northwestern Inc. dagen etter.[9]

Trass i at bandet fekk lita tid til å førebu seg, gjekk dei inn i studio den 6. april kl. 10 om morgonen. For at det skulle høyrast ut som eit liveopptak, måtte Ely lenge seg attende og syngje inn i ein mikrofon som hang frå taket. Ely sa: «Det var meir roping enn synging, fordi eg prøvde å bli høyrd over alle instrumenta.»[9] I tillegg hadde han streng på tennene på den tida, noko som førte til at orda vart utydeleg.[10] Ely byrja for tidleg på det tredje verset, men skjønte feilen sin og venta på resten av bandet. Bandet trudde det berre var ein prøve, men dette vart det einaste opptaket dei fekk. The Kingsmen var ikkje nøgd med sin eigen versjon, men manageren likte råskapen i versjonen deira.[11] B-sida var «Haunted Castle», skriven av Ely og Don Gallucci, den nye klaverspelaren i bandet.[12] Lynn Easton vart kreditert på både Jerden og Wand-utgjevinga. Heile innspelinga kosta 50 dollar, som bandet delte seg i mellom.[11]

«Louie Louie» nådde andreplassen på Billboard Hot 100 der dei låg seks veker seint i 1963 og tidleg i 1964. Dei vart halde unna førsteplassen av The Singing Nun og Bobby Vinton, som låg på toppen fire veker kvar. The Kingsmen-songen gjekk til topps på Cashboxlista og nådde 26. plaslsen på Record Retailer-lista i Storbritannia. Han selde over ein million eksemplar og fekk gullplate.[13]

Bandet vart nasjonalt kjende då «Louie Louie» vart bannlyst av guvernøren i Indiana, Matthew E. Welsh, og fekk merksemda til FBI på grunn av påstått usømmeleg tekst i sin versjon av songen. Tekssten var i røynda uskuldig, men den utydelege uttalen til Ely gjorde at fans og urolege foreldre trudde dei song skandaløse obskønitetar. All denne merksemda var berre med på å gjere songen meir populær. I april 1966 vart «Louie Louie» gjeven ut på ny og gjekk igjen inn på listene. Han nådde 65. plassen på Cashbox-lista og 97. plassen på Billboard Hot 100.

I løpet av åra har Kingsmen-versjonen av «Louie Louie» blir anerkjend av organisasjonar og publikasjonar verda over for innverkanden han hadde på rockemusikken.

Kjelde Liste År Rangering
Rock & Roll Hall of Fame Hall of Fame Singles 2018 Ingen
Rock & Roll Hall of Fame 500 songar som forma rock and roll 1995 Ingen Arkivert 2016-06-29 ved Wayback Machine.
National Academy of Recording Arts and Sciences Grammy Hall of Fame 1999 Ingen Arkivert 2011-02-19 ved Wayback Machine.
National Public Radio Dei 300 viktigaste amerikanske innspelingane på 1900-talet 1999 Ingen
The Wire Magazine The 100 Most Important Records Ever Made 1992 Ingen
Mojo Magazine Ultimate Jukebox: 100 singlane du må eige 2003 #1
Paste Magazine Dei 50 beste gararsjerocksongane gjennom tidene 2014 # 3
Rolling Stone 40 songar som endra verda 2007 #5 Arkivert 2013-03-08 ved Wayback Machine.
All Time Top 1000 Albums, Colin Larkin Dei 100 beste singlane gjennom tidene 2000 #6
VH1 100 beste rock and roll-songane 2007 #11
The Heart of Rock and Soul, Dave Marsh Dei 1001 beste singlane gjennom tidene 1989 #11
Rolling Stone Dei 100 beste singlane dei siste 25 åra 1989 #18
VH1 100 beste dansesongar 2000 #27
Mojo Magazine 100 beste singlar gjennom tidene 1997 #51
Rolling Stone Dei 500 beste songane gjennom tidene 2004 #54 Arkivert 2018-01-20 ved Wayback Machine.
NEA og RIAA Songs of the Century 1999 #57
Mojo Magazine Big Bangs: 100 singlar som endra verda 2007 #70
NME Magazine Dei 500 beste songane gjennom tidene 2014 #157
WCBS-FM Dei 1001 beste songane på 1900-talet 2005 #184

Vidare historie

endre

The Kingsmen følgde opp «Louie Louie» med ein versjon av «Money (That's What I Want)» som nådde 16. plassen på Billboard Hot 100 og 17. plassen på Cashbox-lista. Så kom «Little Latin Lupe Lu» som nådde 46. plassen på Billboard-lista og 49. plassen på Cashbox-lista. Etter det var «Death of An Angel» på 33. plassen på Cashbox- og 42. plassen på Billboardlista.

I 1965 nådde The Kingsmen igjen Topp 10 nasjonalt med «The Jolly Green Giant», som nådde fjerdeplassen på Billboard-lista og åttandeplassen på Cashbox-lista. Oppfølgjaren, «The Climb» nådde 45. plassen på Cashbox-lista og 65. plassen på Billboard-lista. «Annie Fanny» var den neste singelen og denne nådde 43. og 47. plass på Cashbox- og Billboard-lista. Den neste var «(You Got) The Gamma Goochee» med ein 98. plass på Cashbox og 122. plass på Billboard-lista. Gruppa var òg med i strandfilmen How To Stuff A Wild Bikini der dei song «Give Her Lovin'». Innspelinga deira av tittelsporet kom òg ut på filmmusikkalbumet.

I 1966 fortsette The Kingsmen å få fleire hittar, med «Killer Joe». Den siste singelen dei fekk inn på listene kom i 1967 med «Bo Diddley Bach» som nådde 128. plassen på Billboard-lista.

Den 9. november 1998 fekk The Kingsmen eigarskap over alle dei tidlege innspelingane sine gjevne ut på Wand Records frå Gusto Records, inkludert «Louie Louie». Dei hadde ikkje fått utbetalt honorar for songane sine sidan 1960-åra.[14]

Medlemmar

endre

Noverande medlemmar

  • Mike Mitchell - vokal, gitar (Sidan 1959)
  • Dick Peterson - trommer (Sidan 1963)
  • Steve Peterson - klaverinstrument (Sidan 1988)
  • Todd McPherson - bass (Sidan 1992)
  • Dennis Mitchell - gitar (Sidan 2006)

Tidlegare medlemmar

  • Lynn Easton – vokal, trommer (1959-1967)
  • Jack Ely – vokal, gitar (1959-1963)
  • Bob Nordby - bass (1959-1963)
  • Don Gallucci - klaverinstrument (1962-1963)
  • Gary Abbott - trommer (1963)
  • Norm Sundholm - bass (1963-1967)
  • Barry Curtis - klaverinstrument (1963-2005)
  • Kerry Magness - bass (1966-1967) (died 2004)
  • J.C. Reick – klaverinstrument, vokal (1966-1967)
  • Turley Richards – vokal, gitar (1967)
  • Pete Borg - bass (1967)
  • Jeff Beals - bass (1967-1968)
  • Steve Friedson - klaverinstrument (1967-1973)
  • Yank Barry - vokal (1968-1969)
  • Fred Dennis - bass (1972-1984)
  • Andy Parypa - bass (1982-1984)
  • Kim Nicklaus - klaverinstrument (1982-1984)
  • Marc Willett - bass (1984-1992)

Tidslinje

endre

Diskografi

endre

Amerikanske singlar og album gjevne ut frå 1963 til 2003.

Singlar

endre
  • «Louie Louie» / «Haunted Castle» (Jerden 712) 1963)
  • «Louie Louie» / «Haunted Castle» (Wand 143) 1963 (#2) -- B-side endra til Little Green Thing på seinare utgåver. Gjeve ut på ny i 1966 som Louie Louie 64-65-66 med B-sida Haunted Castle
  • «Money» / «Bent Scepter» (Wand 150) 1964 (#16)
  • «Little Latin Lupe Lu» / «David's Mood» (Wand 157) 1964 (#46)
  • «Death of An Angel» / «Searching for Love» (Wand 164) 1964 (#42)
  • «The Jolly Green Giant» / «Long Green» (Wand 172) 1964 (#4)
  • «The Climb» / «The Waiting» (Wand 183) 1965 (#65)
  • «Annie Fanny» / «Give Her Lovin’» (Wand 189) 1965 (#47)
  • «(You Got) The Gamma Goochee» / «It's Only The Dog» (Wand 1107) 1965 (#122)
  • «Killer Joe» / «Little Green Thing» (Wand 1115) 1966 (#77)
  • «The Krunch» / «The Climb» (Wand 1118) 1966
  • «My Wife Can't Cook» / «Little Sally Tease» (Wand 1127) 1966
  • «If I Needed Someone» / «Grass Is Green» (Wand 1137) 1966
  • «Trouble» / «Daytime Shadows» (Wand 1147) 1967
  • «Children's Caretaker» / «The Wolf of Manhattan» (Wand 1154) 1967
  • «Don't Say No» / «(I Have Found) Another Girl» (Wand 1157) 1967
  • «Bo Diddley Bach» / «Just Before The Break of Day» (Wand 1164) 1968 (#128)
  • «Get Out of My Life Woman» / «Since You’ve Been Gone» (Wand 1174) 1968
  • «On Love» / «I Guess I Was Dreamin’» (Wand 1180) 1968
  • «You Better Do Right» / «Today» (Capitol 3576) 1973

Album

endre

Kjelder

endre
  1. Yank Barry was the lead singer for a separate Kingsmen group in the late 60s. More details in «Other uses of the name» section. He is listed at www.louielouie.org as a Kingsmen member based on his shared history with the original group and his ongoing humanitarian efforts. In 2014 he was invited to sing with the band at a concert in Florida.
  2. 2,0 2,1 Marsh 1993, s. 85
  3. Marsh 1993, s. 86
  4. Marsh 1993, s. 87
  5. Blecha 2009, p. 134
  6. Blecha 2009, p. 135
  7. Marsh 1993, p. 83
  8. Blecha 2009, p. 136
  9. 9,0 9,1 Blecha 2009, p. 137
  10. Hayes, Ron (13. august 1993). «Rock's Rumored Dirtiest Song Turns 30». Lewiston Morning Tribune. Henta 19. juli 2012. 
  11. 11,0 11,1 Blecha 2009, p. 138
  12. Blecha 2009, p. 136.
  13. Murrells, Joseph (1978). The Book of Golden Discs (2nd utg.). London: Barrie and Jenkins Ltd. s. 161. ISBN 0-214-20512-6. 
  14. Louielouie.org, arkivert frå originalen 19. juli 2006, henta 1. mai 2018 

Bakgrunnsstoff

endre