The Heart of Chicago 1967–1997
The Heart of Chicago 1967-1997 Samlealbum av Chicago | ||
Utgjeve | 22. april 1997 | |
Innspelt | 1969 - 1997 | |
Sjanger | Rock | |
Lengd | 66:59 | |
Selskap | Reprise | |
Produsent | James William Guercio, David Foster, Ron Nevison, Lenny Kravitz and James Newton Howard | |
Chicago-kronologi | ||
---|---|---|
Night & Day Big Band (1995) |
The Heart of Chicago 1967-1997 | The Heart of Chicago 1967-1998 Volume II (1998)
|
The Heart of Chicago 1967–1997 er det femte samlealbumet og det 23. albumet i alt av det amerikanske bandet Chicago, gjeve ut i 1997. Det vart sett saman for å feire 30-årsjubileet deira som band.
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
Allmusic | [1] |
Ideen var å knyte saman dei to periodane til bandet på ein CD: James William Guercio- og Columbia Records-tida i 1970-åra, og David Foster- og Warner Bros. Records-tida i 1980-åra. I tillegg la bandet til to nye songar, «The Only One» produsert av Lenny Kravitz og «Here In My Heart» av James Newton Howard. Begge songane vart ein suksess på adult contemporary-marknaden, der «Here In My Heart» toppa AC-lista og «The Only One» vart ein topp 20-hit på AC-lista.
Albumet selde til gullplate i april 1997, men mange kritikarar og fans mislikte konseptet og meinte at dei markante stilartane frå dei to periodane ikkje passa i lag, i tillegg til at mange kjende songar mangla. For å balansere dette, vart det gjeve ut eit nytt album, The Heart of Chicago 1967-1998 Volume II, året etter. Rhino Records gav i 2002 ut den doble The Very Best of: Only the Beginning med songane i kronologisk rekkefølgje.
Innhald
endreNr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «You're the Inspiration» | Peter Cetera/David Foster | 3:49 |
2. | «If You Leave Me Now» | Peter Cetera | 3:55 |
3. | «Make Me Smile» | James Pankow | 2:59 |
4. | «Hard Habit to Break» | Steve Kipner/Jon Parker | 4:44 |
5. | «Saturday in the Park» | Robert Lamm | 3:55 |
6. | «Wishing You Were Here» | Peter Cetera | 4:35 |
7. | «The Only One» (ny song med Lenny Kravitz) | James Pankow/Greg O'Connor | 5:59 |
8. | «Colour My World» | James Pankow | 2:59 |
9. | «Look Away» | Diane Warren | 4:00 |
10. | «Here in My Heart» (ny song) | Glen Ballard/James Newton Howard | 4:15 |
11. | «Just You 'N' Me» | James Pankow | 3:42 |
12. | «Does Anybody Really Know What Time It Is?» | Robert Lamm | 3:19 |
13. | «Will You Still Love Me?» | David Foster/Tom Keane/Richard Baskin | 5:41 |
14. | «Beginnings» | Robert Lamm | 7:54 |
15. | «Hard to Say I'm Sorry/Get Away» | Peter Cetera/David Foster/Robert Lamm | 5:05 |
Albumet nådde 55. plassen på albumlista i USA, der det låg på lista i 27 veker. Det nådde òg 21. plassen i Storbritannia.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «The Heart of Chicago 1967-1997» frå Wikipedia på engelsk, den 7. november 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene: