The Honeydrippers: Volume One

The Honeydrippers: Volume One
EP av The Honeydrippers
Språk engelsk
Utgjeve 24. september 1984
Innspelt Mars 1984, Atlantic Studios, New York City
Sjanger Rock and roll
Lengd 17:56
Selskap Es Paranza/Atlantic Records
90265
Produsent Nugetre & The Fabulous Brill Brothers
(Ahmet Ertegun, Robert Plant, Phil Carson)
Kritikk

The Honeydrippers: Volume One er ein EP gjeven ut den 24. september 1984, av eit band leia av rockesongaren Robert Plant. Prosjektet kom til då direktøren i Atlantic Records, Ahmet Ertegün ønskte å spele inn eit album med favorittsongane sine frå 1950-åra. Plant vart vald ut fordi Ertegün hadde sett band hands the Honeydrippers spele standardlåtar frå 1950-åra. Med seg i bandet hadde Plant frontmannen i Chic, Nile Rodgers, og dei tidlegare Yardbirds-gitaristane Jeff Beck og Jimmy Page—sistnemnde òg gitarist i Led Zeppelin i lag med Plant.

Til Plant sin store skrekk vart «Sea of Love» den mest seljande singelen til Plant nokon gong. I følgje Plant var det «Rockin' at Midnight» som skulle vere singel med «Sea of Love» som B-side. Singelen vart snudd fordi radiostasjonane spelte «Sea of Love» langt meir enn «Rockin' at Midnight». Plant frykta at karrieren hans var over på grunn av dette og at folk no ville sjå på hans om ein «smørsongar», i staden for ein rockesongar. Som følgje av dette omtalte Plant The Honeydrippers som «lagt på is» når han vart spurt om prosjektet i ettertid.«Rockin at Midnight» er ein ny versjon av Elvis Presley sin «Good Rockin' Tonight».

Albumet vart gjeven ut på ny i 2007 med bonusspor. Plant og Ertegün diskuterte høvet til å gjere eit nytt Honeydrippers-album, men då sistnemnde døydde i desember 2006 vart dette skrinlagt.

Innhald endre

1984-utgåve
Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«I Get a Thrill»Toombs2:37
2.«Sea of Love»Khoury, Phillips3:01
3.«I Got a Woman»Charles, Richard2:55
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Young Boy Blues»Pomus, Spector3:28
2.«Rockin' at Midnight»Brown5:55

Lister endre

Liste (1984) Topplassering
US Billboard 200 4
Den svenske albumlista[1] 44
Den britiske albumlista[2] 56
Den kanadiske albumlista[3] 1
US Billboard Top R&B Albums 67
Den tyske albumlista 40

Medverkande endre

Produksjon endre

  • Produsentar: Nugetre (Ertegun stava baklengd), the Fabulous Brill Brothers (Page, Plant og Nile Rodgers)

Kjelder endre

  1. «Top 60 Albums - 7 December 1984». swedishcharts.com. Henta 29. mars 2011. 
  2. «Top 100 Albums - 8 December 1984». chartstats.com. Henta 29. mars 2011. 
  3. «RPM Albums Chart - 22 December 1984». RPM. Henta 29. mars 2011.