Opna hovudmenyen
The King of Rock and Roll
Studioalbum av Little Richard
Utgjeve Oktober 1971
Innspelt 25. mai - 2. juli 1971
Sjanger Rock, soul
Lengd 42:34
Selskap Reprise
Produsent H.B. Barnum
Little Richard-kronologi
Mr. Big
(1971)
The King of Rock and Roll The Second Coming
(1972)


The King of Rock and Roll var det andre studioalbumet Little Richard spelte inn for Reprise Records. Albumet kom ut i oktober 1971 og inneheld ein original Little Richard-song, gospel-rockesongen «In the Name» og ein ny song skriven i lag med produsenten H.B. Barnum, «Green Power». Sistnemnte vart gjeven ut på singel. I tillegg inneheld albumet songar av artistar så forskjellige som Hank Williams, The Temptations, Martha and the Vandellas, Three Dog Night og The Rolling Stones. Tittelsporet og albumet opnar med at Little Richard vert introdusert som ein konge og nemner artistar som Tom Jones, Elvis Presley, Ike & Tina Turner, Sly and the Family Stone og Aretha Franklin.

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Rolling Stone(negativ) lenkje
Allmusic3.5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar half.svgStar empty.svg lenkje

MottakingEndra

Albumet fekk negativ omtale i Rolling Stone, der Vince Aletti skreiv «mykje av albumet er designa rundt prateprogram-personen og ikkje songaren, og gjev albumet ei kjensle av preike-ekstravaganse».[1]

InnhaldEndra

Side ein
# TittelLåtskrivar(ar) Lengd
1. «King of Rock 'n' Roll»  Bradford Craig, H.B. Barnum 3:11
2. «Joy to the World»  Hoyt Axton 6:49
3. «Brown Sugar»  Keith Richards, Mick Jagger 3:23
4. «In the Name»  Richard Penniman 3:10
5. «Dancing in the Street»  Marvin Gaye, William Mickey Stevenson 5:31
Side to
# TittelLåtskrivar(ar) Lengd
6. «Midnight Special»  Trad. arr. Richard Penniman 4:02
7. «The Way You Do the Things You Do»  Robert Rogers, William Robinson 3:29
8. «Green Power»  H.B. Barnum, John Skip Anderson 3:59
9. «I'm So Lonesome I Could Cry»  Hank Williams 2:40
10. «Settin' The Woods On Fire»  Ed G. Nelson, Fred Rose 2:22
11. «Born on the Bayou»  John C. Fogerty 4:27

MedverkandeEndra

Resten av musikarane er ikkje identifiserte.

SalslisterEndra

Album

År Liste Plassering
1971 Billboard Pop Albums 193

KjelderEndra