Vaskebrett
Vaskebrett er ei bølgjeforma rifla plate til å gni tøyet på når ein vaskar klede for hand. Vaskebrett kan også brukast som musikkinstrument, særleg innan fleire typar nordamerikansk folkemusikk. I overført tyding kan «vaskebrett» visa til ein mage med skarpt definerte musklar som kan minna om eit vaskebrett.
Vaskebrett til vask
endreEin set vaskebrettet i eit kar med vatn og skrubber klesvasken mot rillene. Vaskebrett finst i tre, metall som sink og stål, eller glas. I moderne tid er dei fleire stader blitt avløyste av vaskemaskin, men kan likevel nyttast til toving av tøy.
-
Vaskebrett og sinkbalje
-
Vaskebrett av glas i ein vask.
-
Japansk trevaskebrett i balje.
-
Lita jente med vaskebrett.
-
Vasking med vaskebrett i 1900-åra.
Musikkinstrument
endreSaman med sinkbalja vert vaskebrettet òg bruka som eit rytmeinstrument i nordamerikansk folkemusikk, og er mellom anna vanleg i jazz, blues, cajun, zydeco, jug band og oldtime. Vaskebrettet er eit viktig kjenneteikn på musikkstilen skiffle, som var populær på 1950-talet. Stilen har fått namn etter eit engelsk namn på vaskebrett, skiffleboard.
Ein speler på vaskebrett gjennom å slå eller skrapa på det, i nokre høve med fingerbjørg, flaskeopnarar eller børstar. Ein kan bruka alle slags vaskebrett som musikkinstrument, men dei gjev ulik lyd. Etterkvart er det også utvikla spesiallaga vaskebrett for musikalsk bruk, som til dømes er forma for å hengja langs brystet eller har ulike perkusjonsinstrument som treblokker, kubjøller eller cymbalar festa til seg.
Vaskebrett i overført tyding
endreInspirert av utsjånaden til vaskebrettet, vert ordet «vaskebrett» òg bruka om ujamn, småbølgjet vegbane. Vaskebrett oppstår i bakkar på grusvegar med for grov grus i slitelagsdekket, eller i snø. Ved køyring dannar det seg først små riller som etterkvart veks til større humpar på rad.
Tilsvarande vert «vaskebrett» òg bruka om tydeleg muskulatur på magen. Mønsteret er danna av dei rette magemusklane, Musculus rectus abdominis, som ligg i riller som på eit vaskebrett. Slike mønster finst gjerne på kroppar med mykje muskelmasse og lite feitt, særleg hjå menn. Vaskebrett eller «sixpack» er dermed sett som symbol på ein veltrent kropp.
-
Vaskebrett-veg.
-
Mann med vaskebrett-mage.
-
Kvinneleg kroppsbyggar med vaskebrett.
Bakgrunnsstoff
endre- Vilde ville vaske[daud lenkje]. Vaskebrettdemonstrasjon i Laagendalsposten.
Kjelder
endre- Ung.no, Tema: Trening og idrett
- Trim.no, Et skikkelig vaskebrett Arkivert 2011-05-18 ved Wayback Machine.
- Herman Bennett, Washboards
- John Swenson, WASHBOARD CHAZ: MAN OF A THOUSAND BANDS, Offbeat Magazine, 01 June 2011
- Diana Badi, «Sit-ups gir ikke vaskebrett» Arkivert 2009-05-15 ved Wayback Machine., dagbladet.no, 03.07.2005
- Reidar Gregersen og Kurt Siversten, «Dårlig veg har fått tilnavnet ”Abortvegen”», nrk.no, 13.05.2011
- Marie Wilsey, «What causes washboard roads?», HowStuffWorks.com
- Roger Ødegård, «'Vaskebrett-vei' i Aurskog», indre.no