The Shape I'm In
The Shape I'm In Singel av The Band frå albumet Stage Fright | ||
A-side |
«Time To Kill» | |
---|---|---|
Innspelt | Mai til juni 1970 Bearsville Studios Woodstock i New York | |
Sjanger | Rootsrock | |
Lengd | 3:24 | |
Selskap | Capitol | |
Låtskrivar(ar) | Robbie Robertson | |
Produsent | The Band |
«The Shape I'm In» er ein song skriven av Robbie Robertson. Han vart først gjeven ut av The Band på albumet Stage Fright i 1970 og er sungen av Richard Manuel. Han vart òg gjeven ut som b-side til singelen deira «Time to Kill», og vart langt meir populær enn a-sida.[1] Miksen nytta for singelen er omstridd, sidan The Band hadde sine tvil om kor bra den første miksen til lydteknikaren Todd Rundgren var, og sende lydbanda for å bli miksa på ny av den britiske lydteknikaren Glyn Johns. Truleg er det Johns-miksen som vert nytta på både albumet og singelen.[2]
Låtskrivaren Robertson gjorde lite for å skjule at kjensla av frykt og oppløysing i songen omhandla keyboardisten Manuel, ironisk nok solosongaren på songen.[3] Han vart eit fast innslag på konsertane deira og finst på konsertalbuma Rock of Ages, Before the Flood og The Last Waltz. I lag med «The Weight» er dette ein av Band-songane som er mest spelt av andre artistar.[4] Han vart mellom anna spelt av The Pointer Sisters og The Mekons.
Singelen nådde 62. plass på den kanadiske singellista.
Medverkande
endre- Richard Manuel – solovokal, clavinet
- Levon Helm – trommer, korvokal
- Rick Danko – bassgitar, korvokal
- Robbie Robertson – elektrisk gitar
- Garth Hudson – Lowrey-orgel
Salslister
endreListe (1971) | Plassering |
---|---|
Canadian RPM Singles Chart[5] | 62 |
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «The Shape I'm In (Robbie Robertson song)» frå Wikipedia på engelsk, den 24. januar 2011.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Promotional poster by Capitol Records, retrieved 19-11-10
- ↑ Hoskyns, Barney. Across the Great Divide: The Band and America. ISBN 142341442X, s. 243-244.
- ↑ Hoskyns, Barney.
- ↑ Lewis, D.L. The Band website, henta 24. januar 2011
- ↑ Canadian RPM peak