Opna hovudmenyen
Garth Hudson
The Band -2005710053-.jpg
Hudson i 1971.
Foto: Heinrich Klaffs.
Fødd2. august 1937
FødestadWindsor i Ontario i Canada
FødenamnEric Garth Hudson
OpphavCanada
Aktiv1949 til i dag
SjangerRock, pop, jazz, countryrock, folk
InstrumentOrgel, piano, klaverinstrument, trekkspel, saksofon, slidetrompet, piccolo, vokal, bass, trommer
Kjende instrumentLowrey orgel
Tilknytte artistarThe Band, Ronnie Hawkins, The Best!, Burrito Deluxe, Maud Hudson, Paul London and the Capers, The Shutouts, The Bandini Brothers
PlateselskapCapitol, Corazong, Make It Real, Other People's Music
Verka somMusikar, låtskrivar, plateprodusent, musikklærar

Eric Garth Hudson (fødd 2. august 1937) er ein kanadisk multi-instrumentalist. Som organist og pianist for The Band, var han ein av berebjelkane i den unike stilen til bandet.

Han var ein meister på Lowrey orgel, og han fekk lydar ut av dette instrumentet som ein seinare først fekk med polyfone synthesizerar. Dei andre viktigaste instrumenta hans er piano, elektriske klaverinstrument, tenorsaksofon, sopransaksofon og trekkspel. Han har vore særs mykje nytta som studiomusikar og har spelt med mange artistar. Han spelar òg i ein duett med kona Maud, og i 2002 vart han med venen Sneaky Pete Kleinow i Burrito Deluxe, ein avleggar av The Flying Burrito Brothers. Han har òg sitt eige tolv mann store band kalla The Best!.

DiskografiEndra

År Album Selskap Merknad
2001 The Sea to the North Woodstock
2005 Live at the Wolf Make It Real *med Maud Hudson
2005 Our Lady Queen of the Angels Other People's Music *innspelt i 1980
2010 Garth Hudson Presents: A Canadian Celebration of The Band Sony Music

FilmarEndra

Hudson har medverka i følgjande filmar

SamarbeidEndra

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra