Stage Fright
Studioalbum av The Band
Utgjeve 17. august 1970
Innspelt Mai og juni 1970
Studio Woodstock Playhouse i Woodstock i New York
Sjanger Rootsrock
Lengd 35:41
Selskap Capitol
Produsent The Band
The Band-kronologi
The Band
(1969)
Stage Fright Cahoots
(1971)


Singlar frå Stage Fright
  1. «Stage Fright/Sleeping»
    Utgjeve: August 1970
  2. «Time to Kill/The Shape I'm In»
    Utgjeve: October 1970

Stage Fright er det tredje studioalbum av den kanadisk-amerikanske gruppa The Band, gjeve ut i 1970. Det inneheld to av dei mest kjende songane deira, «The Shape I'm In» og «Stage Fright», som vart spelt fast på konsertane deira.

Stage Fright var ei motseiande plate, som kombinerte oppløftande musikk og desillusjonerte tekstar, og utforska tema som fred, flukt og lettsindigheit som avslørte mørkare sider av melankoli, angst og utmatting.[1] Forfattaren Ross Johnson skildra det som «ei munter plate som utilsikta vart vedkjennande... ei lystig boltring gjennom ein ein ubehageleg periode i historia til gruppa.»[2] Som følgje av dette fekk det noko blanda kritikk samanlikna med dei kritikarroste føregangarane deira, hovudsakleg på grunn av korleis det skilde seg frå desse platene, og kanskje ikkje levde opp til forventningane.[3][4][5][6] Generelt var kritikarane samde i at musikken var solid. Dei hylla aspekt som den varierte teksturen Garth Hudson bidrog med, den skarpe gitaren til Robbie Robertson og funken til rytmeseksjonen Danko–Levon Helm, men dei var usamde i den plagsame tonen og den totale samanhengen på plata. I seinare år har kritikarar vore mildar i synet på plata og ofte rekna det på høgde med dei første to[7] og synte at dei framleis var i toppform.[8]

Det var mykje meir eit rockealbum enn dei to første platene og hadde eit meir nedslått, moderne fokus med mindre vokalharmoni, som hadde vore eit midtpunkt på dei to første albuma. Tradisjonen dei hadde hatt med å byte instrument heldt derimot fram, der kvar musikar bidrog på minst to forskjellige instrument. Albumet inneheld dei to siste songane komponerte av pianisten Richard Manuel, begge skrivne i lag med Robertson, som kom til å bli den meir dominerande låtskrivaren i gruppa fram til dei gav seg i 1976.

Stage Fright nådde femteplassen på Billboard-lista i USA, høgare enn dei to første albuma. Det var eit av tre album av The Band som selde til gullplate i USA (for meir enn 500 000 eksemplar).[9]

ProduksjonEndra

Todd Rundgren var lydteknikar på Stage Fright og plata vart produsert av gruppa sjølv for første gongen. Plateomslaget syner ein delvis abstrakt solnedgang designa av Bob Cato, pakka inn i ein plakat av eit fotografi av Norman Seeff.[10]

Robertson ønskte i utgangspunktet å gjere ei mindre seriøs «leiken» eller «ha-det-bra»-plate i motsetnad til The Band.[1] Planen deira var å spele inn albumet live i heimen deira i Woodstock i New York, Woodstock Playhouse. Til slutt gav ikkje byrådet løyve til dette, i frykt for store folkemassar skulle samle seg der slik dei hadde gjort under Woodstockfestivalen og bandet brukte teateret som eit provisorisk studio i staden. Livlege, streite rockesongar som «Strawberry Wine», «Time to Kill» og «Just Another Whistle Stop», den meir funky «The W.S. Walcott Medicine Show», og den meir dominerande gitaren til Robertson indikerte alle ei plate som var i tråd med ei opphavlege planane til Robertson. Men Robertson fann at songane gradvis tok ein mørkare veg: «dette albumet Stage Fright byrja å drype gjennom golvet. Eg oppdaga at eg skreiv songar som eg ikkje kunne noko for å skrive.»[1] «The Shape I'm In» og «Stage Fright» var gripen av oppløysing og panikk, medan «The Rumor» og «Daniel and the Sacred Harp» omhandla vondskapen i sladder og tapet av sjela si i leitinga etter heider og ære.[8] Den drøymande «Sleeping» av Manuel gjekk på ei ukomfortabel linje mellom lykke og ein for verkeleg lengsel etter flukt.[1] «All La Glory» av Robertson stod aleine som ein reint positiv song som ein fin voggesong, løfta av ein mild og kjenslefull vokal av Helm.[1] Men sjølv der brukte Robertson bilete om einsemd og refererte til å kjenne seg «like høg som ein fengselsmur».[11]

I eit intervju i 2010 skildra Robertson atmosfæren under innspelinga som spent, der gruppa sleit med dei vanskelege lydtilhøva i teateret, at dei var uvande å arbeide med Rundgren, og «distraksjonar og mykje eksperimentering med dop.»[12] I This Wheel's On Fire sa Helm noko liknande og skildra ei «mørk stemning som slo ned over oss» under desse innspelingane.[13] Helm meinte òg at plata kunne ha blitt betre om dei hadde brukt meir tid, og sa «for første gongen hadde ikkje med spelt det inn etter standarden vår. Dagane då me kunne leve med musikken var over.»[13]

Det vart laga to forskjellige miksar, ein av Rundgren og ein av Glyn Johns, begge i Storbritannia. Somme rapportar har indikert at Johns-miksen vart valt ut for den originale LP-plata og alle seinare utgåver på Capitol (inkludert den ommastra utgåva i 2000), medan miksen til Rundgren til slutt kom ut på gull-CD-utgåva i 1994.[14] Men det er mykje usemje kring dette. Rundgren sa i eit intervju i magasinet Relix at det vart laga ein tredje versjon av bandet i statane, som brukte spor frå dei originale miksane. Til sjuande og sist trudde han at ingen verkeleg visste kva miksar som vart valt ut for originalen.[15] I memoarane sine Sound Man ser Johns ut til å stadfeste det Rundgren sa, og at ingen truleg veit sikkert kva miksar som vart nytta.[16]

MottakingEndra

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic     [17]
Christgau's Record GuideB+[18]
DownBeat     [19]
Entertainment WeeklyA–[20]
MusicHound4/5[21]
Q     [22]
Rolling Stone     [23]
The Rolling Stone Album Guide     [24]

Då albumet kom ut fekk det generelt god kritikk. Men fleire peikte på skilnader frå dei to første albuma. Tema som angst og sårbarheit, færre karakterskisser av americana, mindre kjensle av sameining og at det mangla noko flyktig. Rolling Stone-kritikaren John Burks skreiv om «presisjonsgruppearbeidet», men kjende at tekstane ikkje høyrte heilt saman med musikken og vokalen. Han skreiv at albumet mangla «ære.»[3] Kritikaren Robert Christgau meinte at dei «lyse og persistente» melodiane slo teksten. Han konkluderte «Minneverdige som dei fleste av desse songane er, hektar dei seg aldri på - og gjev aldri opp den musikalsk-verbale fraseringa som kan innkapsle krafta deira.»[5] Ed Ochs i Billboard skildra det som «oppriktig og vedkjennande, genuint komisk og lett satirisk,» men merka seg eit «forhold mellom musikk og melding som merkbart manglar.»[25]

Seinare meldingar har stilt spørsmål ved om noko av kritikken i 1970-åra var farga av ei opplevd nedgang i utgjevinga deira etter Stage Fright. I magasinet Q roste skribenten John Bauldie den vokale samspelet på «The Rumor» og «Daniel and the Sacred Harp», balladane «All La Glory» og «Sleeping», og «The Shape I'm In» som eit høgdepunkt i karrieren deira. Han meinte at Stage Fright «like gjerne kunne ha vore det beste albumet deira.»[7] Allmusic-kritkaren William Ruhlmann applauderte dei tette arrangementa og det instrumentale arbeidet på albumet, og skreiv om den «nakne vedkjennande» kvaliteten og skreiv «Det var sannleg forskjellig frå dei førre platene deira, men det var ikkje mindre overtydande av den grunn.»[8]

InnhaldEndra

Side einEndra

# TittelLåtskrivar(ar)Solovokal Lengd
1. «Strawberry Wine»  Levon Helm, Robbie RobertsonHelm 2:34
2. «Sleeping»  Robertson, Richard ManuelManuel 3:10
3. «Time to Kill»  RobertsonRick Danko, Manuel 3:24
4. «Just Another Whistle Stop»  Manuel, RobertsonManuel 3:48
5. «All La Glory»  RobertsonHelm 3:31

Side toEndra

# TittelLåtskrivar(ar)Solovokal Lengd
1. «The Shape I'm In»  RobertsonManuel 3:58
2. «The W.S. Walcott Medicine Show»  RobertsonHelm, Danko 2:58
3. «Daniel and the Sacred Harp»  RobertsonHelm, Manuel 4:06
4. «Stage Fright»  RobertsonDanko 3:40
5. «The Rumor»  RobertsonDanko, Helm, Manuel[26] 4:13
Bonusspor på 2000-utgåva
# Tittel Lengd
11. «Daniel and the Sacred Harp» (Alternativt opptak) 5:01
12. «Time to Kill» (Alternativ miks) 3:26
13. «The W.S. Walcott Medicine Show» (Alternativ miks) 3:05
14. «Radio Commercial»   1:05

MedverkandeEndra

The Band

Andre medverkande

SalslisterEndra

AlbumBillboard (USA)

År Liste Plassering
1970 Pop Albums 5

SinglarBillboard (USA)

År Singel Liste Plassering
1970 «Time To Kill» Pop Singles 77

KjelderEndra

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 Hoskyns, Barney. Across the Great Divide: The Band and America, Milwaukee: Hal Leonard Corp., 2006, s.234-5. Henta 13. september 2020
  2. Johnson, Ross. «It's All in the Name,» Miami New Times, 26. oktober 2000. Henta 13. september 2020.
  3. 3,0 3,1 Burks, John (17. september 1970). «Stage Fright». Rolling Stone. Henta 18. mars 2017. 
  4. Marcus, Greil. Mystery Train, New York: E.P. Dutton, 1975. Henta 13. september 2020.
  5. 5,0 5,1 Robert Christgau review site. [1] Henta 13. september 2020.
  6. Williams, Richard. «The Band: A Melody Maker Band Breakdown», Melody Maker, 29. mai 1971. Henta 13. september 2020.
  7. 7,0 7,1 Minturn, Neil. The Last Waltz of The Band, New York: Pendragon, 2005, p. 143. Henta 13. september 2020
  8. 8,0 8,1 8,2 Ruhlmann, William. Review in All Music Guide to Rock: The Definitive Guide to Rock, Pop, and Soul, Ed. by Vladimir Bogdanov, Chris Woodstra, Stephen Thomas Erlewine, San Francisco: Backbeat Books, 2002, p. 61. Henta 13. september 2020
  9. Recording Industry Association of America (RIAA) website. [2] Henta 13. september 2020
  10. Pemberton, Pat. «Norman Seeff Shares Stories Behind His Iconic Rock Photos,» Rolling Stone, 16. mai 2013. Henta 13. september 2020.
  11. https://www.rollingstone.com/music/music-album-reviews/stage-fright-115961/
  12. Paul Myers music blog. Interview with Robbie Robertson excerpts. [3] Henta 13. september 2020
  13. 13,0 13,1 Helm, Levon with Stephen Davis. This Wheel's On Fire: Levon Helm and the Story of the Band, Chicago: Chicago Review Press, 2000. Henta 13. september 2020.
  14. «Stage Fright». Theband.hiof.no. Henta 14. september 2020. 
  15. Steve Hoffman Music Forums [4] Henta 13. september 2020
  16. Johns, Glyn. Sound Man, New York: Penguin Publishing Group, 2015, p.71-2. Henta 13. september 2020.
  17. Ruhlmann, William. «The Band - Stage Fright». AllMusic. Henta 27. april 2020. 
  18. Christgau, Robert (1981). «Consumer Guide '70s: B». Christgau's Record Guide: Rock Albums of the Seventies. Ticknor & Fields. ISBN 089919026X. Henta 21. februar 2019. 
  19. «The Band: Stage Fright». DownBeat: 66. October 2001. 
  20. Scherman, Tony (1. september 2000). «Music Review: 'The Band'». Entertainment Weekly. Henta 26. april 2019. 
  21. Graff, Gary; Durchholz, Daniel (eds) (1999). MusicHound Rock: The Essential Album Guide. Farmington Hills, MI: Visible Ink Press. s. 72. ISBN 1-57859-061-2. 
  22. «The Band: Stage Fright». Q: 139. October 2000. 
  23. «The Band: Stage Fright». Rolling Stone: 69–73. 31. august 2000. 
  24. Brackett, Nathan, with Hoard, Christian (eds) (2004). The New Rolling Stone Album Guide (4th edn). New York, NY: Fireside. p. 42. ISBN 0-7432-0169-8.
  25. Ochs, Ed. Review in Billboard, 12. september 1970, p. 10. Henta 13. september 2020.
  26. «Stage Fright». hiof.no. Henta 14. september 2020.