The Songs of Distant Earth av Mike Oldfield

The Songs of Distant Earth
Studioalbum av Mike Oldfield
Utgjeve 21. november 1994
Innspelt 1993–1994
Studio Roughwood Croft, Chalfont St Giles, Buckinghamshire
Sjanger
Lengd 55:51
Selskap WEA
Produsent Mike Oldfield
Mike Oldfield-kronologi 
Tubular Bells II
(1992)
The Songs of Distant Earth Voyager
(1996)


Singlar frå The Songs of Distant Earth
  1. «Hibernaculum»
    Utgjeve: 5. desember 1994
  2. «Let There Be Light»
    Utgjeve: 21. august 1995

The Songs of Distant Earth er det 16. studioalbumet til den engelske musikaren Mike Oldfield, gjeve ut 21. november 1994 på WEA. Det er eit konseptalbum basert på science fiction-romanen The Songs of Distant Earth av Arthur C. Clarke frå 1986.[2]

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic2/5 stars[1]

Bakgrunn endre

I 1993 var Oldfield ferdig med turneen sin etter det førre albumet, Tubular Bells II (1992), som var den første turneen hans sidan 1984. Albumet var det første av tre han hadde i kontrakten sin for Warner Music UK, etter at han signerte for selskapet i 1992.[3] Då Oldfield var klar til å spele inn ein oppfølgjar, føreslo styreformannen Rob Dickins at han kunne lage eit konseptalbum basert på science fiction-romanen The Songs of Distant Earth av Arthur C. Clarke frå 1986.[4] Oldfield synest ikkje soga til Clark var blant dei beste han hadde laga, «men han hadde mykje atmosfære» og byrja å tenke på musikalske idear om romreiser og å lande på ei anna verd og hendingane som finn stad der.[4] Særskild trekte tittelen på boka seg merksemda til Oldfield, og kalla det «eigentleg musikalsk, eit naturleg utgangspunkt».[5][6] Oldfield reiste til Sri Lanka, der Clarke budde, for å diskutere mogelegheita og fann ut at han var fan av musikken hans for filmen The Killing Fields frå 1984 og kjende seg «stornøgd» med albumet. Clarke fekk ein kopi av Tubular Bells II han kunne lytte til, og vart imponert nok til at han gjekk med på eit samarbeid.[7]

Låtskriving og innspeling endre

Oldfield unngjekk å fortelje om att soga i same rekkjefølgje som i boka og ønskte at albumet berre «laust» skulle følgje plottet.[5] Soga fortel om korleis jorda vert øydelagd i år 3600 då sola vert ein nova, og planeten har 1 600 år å førebu seg på, og sender romskip til nærliggande planetsystem.[6] Det tok lengre tid å fullføre albumet enn det Oldfield hadde planlagt, fordi science fiction-konseptet avgrensa kva instrument han kjende han kunne bruke, som dei akustiske instrumenta han vanlegvis brukte. I staden måtte han skape eit «nytt vokabular» av lydar i studioet.[5] Oldfield meinte at han utvida lydane sine som følgje av dette, og gjekk bort frå den keltiske og folkemusikkorienterte musikken han var blitt kjend for, og skreiv songar som kunne appellere på tvers av generasjonane.[5] Oldfield omtalte albumet som «særs ambient».[8]

Oldfield brukte mykje samplingar, som kom frå samplings-CD-ar, som Datafile One (1991) av Zero-G, og filmusikkalbum. Dette var tilfellet for verdsmusikk-vokalane, som inkluderte lydopptak frå Polynesia og Lappland.[8]

Då albumet vart miksa var Oldfield uroa for at sidan det var spelt inn heilt digitalt, så ville det høyrast for «kantete» ut. Som ein test vart ein kopi ført over til lydband ved hjelp av Dolby SR, ein slags støyreduksjon, som han syns gav fint resultat, men tapte klårheit.[8]

I plateomslaget er det eit føreord av Clarke om utviklinga av boka, frå ei novelle til ein roman.[9]

CD-ROM-innhald endre

Oldfield hadde først vanskar om å skrive musikk til ei soge og trengde noko «rom innimellom» for å hjelpe seg til å visualisere det. Hjelpa kom då han fekk ein kopi av det grafiske eventyrspelet Myst for PC i 1993 og vart imponert over grafikken. Dette gjorde at han ønskte å lage ein 3D, datagenerert musikkvideo for musikken på albumet på ein Enhanced CD, som kombinerte ein vanleg CD med CD-ROM. Resultetet vart grafikk som Oldfield hadde hatt i tankane då han skreiv musikken..[10]

CD-ROM-en let brukarane reise gjennom ein futuristisk by ombord på eit romskip og mot eit sentralt kontrollsystem inne i eit musikalsk tårn. Brukaren måtte svare på musikalske gåter som utløyste ein ny song på albumet.[6]

Utgjeving endre

Albumet kom ut i USA i januar 1995 på Reprise Records.[10][11]

Albumet kom ut på CD og kort tid etter, på Enhanced CD i to forskjellige versjonar. Begge versjonane inneheld biletet av ei djevelrokke som flyt føre ein planet. Seinare utgåver inneheld biletet av ein mann i dress som held ei lysande kule, medan djevelrokka flyg over hovudet på han. Den andre utgåva av den utvida CD-en inneheld har noko meir multimediainnhald, med den fulle versjonen av videoen «Let There Be Light». Lyddelen av CD-en er den same på alle versjonar. Albumet kom òg ut på vinyl.

Innhald endre

Nr.TittelLengd
1.«In the Beginning»1:24
2.«Let There Be Light»4:52
3.«Supernova»3:29
4.«Magellan»4:41
5.«First Landing»1:16
6.«Oceania»3:27
7.«Only Time Will Tell»4:19
8.«Prayer for the Earth»2:10
9.«Lament for Atlantis»2:44
10.«The Chamber»1:49
11.«Hibernaculum»3:32
12.«Tubular World»3:23
13.«The Shining Ones»2:59
14.«Crystal Clear»5:42
15.«The Sunken Forest»2:39
16.«Ascension»5:48
17.«A New Beginning»1:33

Medverkande endre

Music

  • Mike Oldfield – ymse instrument
  • Eric Cadieux – ekstra programmering
  • Mark Rutherford – ekstra rytmesløyfer
  • Sugar «J» – ekstra rytmesløyfer
  • Pandit Dinesh – tabla
  • Molly Oldfield – klaverinstrument
  • Cori Josias – vokal
  • Ella Harper – vokal
  • David Nickless – vokal
  • Roame – vokal

Utdrag:

  • Bill Anders – opplesing frå 1. mosebok medan han krinsar månen på julaftan 1968 på «In the Beginning»[9]
  • «Vahine Taihara» av Tubuai Choir
  • Mike Joseph – sjølvhypnosekassett på «Crystal Clear»

Teknisk

  • Mike Oldfield – produsent, lydteknikar
  • Gregg Jackman – assisterande lydteknikar
  • Steve MacMillan – assisterande lydteknikar
  • Tom Newman – assisterande lydteknikar
  • Richard Barrie – teknisk lydteknikar
  • Eric Cadieux – ekstra programmering
  • Bill Smith Studio – design, kunstnarisk leiar
  • Simon Fowler – portrettfotografi

Salstrofé og salstal endre

Region Salstrofé Salstal
Spania(PROMUSICAE)[12] 2× Platina 200 000^
Storbritannia (BPI)[13] Gull 100 000^
Oppsummering
Worldwide 750,000[14]

*salstala er basert på sertifiseringa aleine
^salstala er basert på sertifiseringa aleine
xuspesifserte tal er baserte på sertifiseringa aleine

Kjelder endre

  1. The Songs of Distant Earth av Mike OldfieldAllmusic
  2. «Notes about Tubular Bells II». Tubular.net. Henta 4. juli 2020. 
  3. Oldfield 2008, s. 248.
  4. 4,0 4,1 Oldfield 2008, s. 244.
  5. 5,0 5,1 5,2 5,3 «Promotional blurb for 'The Songs of Distant Earth'». WEA. 1994. Henta 4. juli 2020. 
  6. 6,0 6,1 6,2 Salem, Charlie (February 1995). «Totally Tubular». Internet and Comms Today. Henta 4. februar 2020. 
  7. «Pre-release promotional blurb for 'The Songs of Distant Earth'». WEA. 1994. Henta 4. juli 2020. 
  8. 8,0 8,1 8,2 White, Paul (February 1995). «Tubular Worlds». Sound on Sound. Henta 4. juli 2020. 
  9. 9,0 9,1 Arthur C. Clarke (1994). The Songs of Distant Earth (Mike Oldfield vinyl LP cover). Warner Music UK Ltd. 4509-98581-1. 
  10. 10,0 10,1 Gillen, Marilyn A. (5. november 1994). «Oldfield Pioneers Music/Cyberspace Border». Billboard. Henta 4. juli 2020. 
  11. «The Songs Of Distant Earth Press Release». WEA. 30. november 1994. Henta 4. juli 2020. 
  12. Salaverrie, Fernando (September 2005). Sólo éxitos: año a año, 1959–2002 (PDF) (på spansk) (1st utg.). Madrid: Fundación Autor/SGAE. s. 940. ISBN 84-8048-639-2. Henta 20. juni 2019. 
  13. «British album salstrofé – Mike Oldfield – The Songs of Distant Earth». British Phonographic Industry. Henta 30. juni 2020.  Enter The Songs of Distant Earth in the field Search. Select Title in the field Search by. Select album in the field By Format. Click Go
  14. «Who Is Selling Where». Billboard. 17. februar 1996. Henta 30. juni 2020. 

Bakgrunnsstoff endre