The Stars (Are Out Tonight)

The Stars (Are Out Tonight)
Singel av David Bowie
frå albumet The Next Day
B-side

Where Are We Now?

Utgjeve 25. februar 2013
Innspelt The Magic Shop
(New York)
Sjanger Kunstrock, alternativ rock[1]
Lengd 3:57
Selskap
Tekstforfattar David Bowie
Låtskrivar(ar) David Bowie
Produsent
David Bowie-kronologi 
«Where Are We Now?»
(2013)
The Stars (Are Out Tonight) «The Next Day»
(2013)


«The Stars (Are Out Tonight)» er ein song av den engelske musikaren David Bowie. Han vart gjeven ut som den andre singelen frå det 24. studioalbumet hans, The Next Day i 2013. Den offisielle musikkvideoen til songen kom ut 25. februar 2013 og sjølve songen kom ut for digital nedlasting dagen etter.[2][3] I Storbritannia vart han plassert på B-lista til BBC Radio 2 i mars 2013. Songen vart gjeven ut i lag med «Where Are We Now?» – den første singelen frå albumet – på ein avgrensa 7"-singel den 20. april 2013 i høve Record Store Day.[4] I desember 2013 vart songen nominert til Grammyprisen for beste rockesong.

Komposisjon og mottaking endre

I følgje Rolling Stone-skribenten Eric B. Danton, «startar songen med ein langs, tung rytme og guttural gitar som løyser seg opp i ei drivande basslinje toppa med gitarskår og atmosfærisk synthesizer, noko som minnar om god, gammal Bowie.»[5]

Andrew Trendell i Gigwise skildra songen som ein «hard, men levande, klassisk Bowie-rockar i same stil som det strålande ‘Scary Monsters (and Super Creeps)’,» medan Billboard-kritikaren Eric B. Danton tolka det som «eit steg attende til alternativ rock for Bowie.»[1]

Musikkvideo endre

Den offisielle musikkvideoen for songen hadde premiere 25. februar 2013, og var regissert av den italiensk-kanadiske regissøren Floria Sigismondi.[6][7] Videoen syenr Bowie og den engelske skodespelarinna Tilda Swinton som kona hans.[8] Andreja Pejić og Saskia de Brauw dukkar opp som to kjendisar som forstyrrar livet til paret.[9] Den norske modellen Iselin Steiro speler ein ung Bowie.[10]

Salslister endre

Liste (2013) Plassering
Belgia (Ultratip Flandern)[11] 9
Belgia (Ultratip Vallonia)[12] 16
Nederland (Mega Single Top 100)[13] 88
Israel (Media Forest)[14] 9
Irland (IRMA)[15] 89
Japan (Japan Hot 100)[16] 47
Japan Hot Overseas (Billboard)[17] 7
Mexico Ingles Airplay (Billboard)[18] 36
UK Singles (Official Charts Company)[19] 102
US Adult Alternative Songs (Billboard)[20] 21
US Hot Rock & Alternative Songs (Billboard)[21] 29

Medverkande endre

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 Brandle, Lars (25. februar 2013). «David Bowie Drops New Song, Video for 'The Stars (Are Out Tonight)'». Billboard. Arkivert frå originalen 215. september 2021. Henta 20. september 2021. 
  2. «David Bowie to release new song 'The Stars (Are Out Tonight)' on February 26». NME. 17. februar 2013. Arkivert frå originalen 23. mars 2013. Henta 23. september 2021. 
  3. Minsker, Evan (17. februar 2013). «David Bowie Probably Releasing New Track «The Stars (Are Out Tonight)» on February 26». Pitchfork. Arkivert frå originalen 23. mars 2013. Henta 23. september 2021. 
  4. Bowie, David. «The Stars (Are Out April)». Facebook. Arkivert frå originalen 15. september 2021. Henta 23. september 2021. 
  5. Danton, Eric B. (23. september 2021). «David Bowie Confronts Fame in 'The Stars (Are Out Tonight)'». Rolling Stone. Arkivert frå originalen 5. desember 2015. Henta 20. september 2021. 
  6. Boilen, Bob (23. september 2021). «David Bowie's New Song Is...». NPR Music. Arkivert frå originalen 23. september 2021. Henta 23. september 2021. 
  7. White, Belinda (23. september 2021). «David Bowie teams up with Tilda Swinton, Andrej Pejic and Saskia de Brauw for The Stars (Are Out Tonight) music video». Fashion (Telegraph). Arkivert frå originalen 24. januar 2018. Henta 23. september 2020. «..his latest single The Stars (Are Out Tonight) from his upcoming surprise album, features the most stylish music video we've seen in a long time.» 
  8. «David Bowie unveils new single 'The Stars (Are Out Tonight)' – listen». NME. 25. februar 2013. Arkivert frå originalen 23. mars 2013. Henta 23. september 2021. 
  9. Bowie, David. «The Stars (Are Out Tonight) VIDEO EXCLUSIVE». Facebook. Arkivert frå originalen 2. juli 2018. Henta 23. september 2021. 
  10. «Iselin Steiro as David Bowie in his new video». Dagbladet. 23. september 2021. Arkivert frå originalen 1. mars 2013. Henta 23. september 2021. 
  11. "Ultratop.be – David Bowie – The Stars (Are Out Tonight)" (på nederlandsk). Ultratip. ULTRATOP & Hung Medien / hitparade.ch.
  12. "Ultratop.be – David Bowie – The Stars (Are Out Tonight)" (på fransk). Ultratip. ULTRATOP & Hung Medien / hitparade.ch.
  13. "Dutchcharts.nl – David Bowie – The Stars (Are Out Tonight)" (på nederlandsk). Mega Single Top 100. Hung Medien / hitparade.ch.
  14. "David Bowie – The Stars (Are Out Tonight) Media Forest". Israeli Airplay Chart. Media Forest.
  15. "Chart Track". Den irske singellista. Irish Recorded Music Association.
  16. "Bowie?f=848&g=Singles David Bowie Album & Song Chart History" Japan Hot 100 for David Bowie. Prometheus Global Media.
  17. «Billboard Japan Hot Overseas» (på japansk). Billboard Japan. 1. april 2013. Arkivert frå originalen 4. mars 2016. Henta 23. september 2021. 
  18. «David Bowie – Chart history». Billboard Mexico Ingles Airplay for David Bowie. Henta 23. september 2021. 
  19. "mars 2013/ Archive Chart" UK Singles Chart. Official Charts Company.
  20. "David Bowie Chart History (Adult Alternative Songs)". Billboard.
  21. "David Bowie Chart History (Hot Rock & Alternative Songs)". Billboard.

Bakgrunnsstoff endre