The Turbans var ei afroamerikansk doo-wop-gruppe som oppstod i Philadelphia i 1953. Dei originale medlemmane var Al Banks (førstetenor), Matthew Platt (andretenor), Charlie Williams (baryton) og Andrew «Chet» Jones (bass).

The Turbans

OpphavPhiladelphia i Pennsylvania i USA
Aktiv1955-1962
SjangerDoo-wop, R&B
PlateselskapHerald, Red Top, Roulette, Parkway
Tidlegare medlemmer
  • Al Banks
  • Matthew Platt
  • Charlie Williams
  • Andrew «Chet» Jones

Kring juletider i 1954 vann dei førsteprisen i ein talentkonkuranse med utgåva si av «White Christmas». Dette skapte interesse blant lokale plateselskap og seint på våren 1955 spelte dei inn ein demo. Herman Gillespie, den første manageren til gruppa, tok demoen med seg til Al Silver i Herald Records i New York City. Dei signerte ein kontrakt der i juli 1955 og fekk ein ny manager, Allen Best. Best arbeidde for Shaw Artists Corporation.

Karriere endre

I juli 1955 gjorde The Turbans dei første innspelingane sine for Herald, og seinare den månaden kom den første plata deira, «Let Me Show You (Around My Heart)» med B-sida «When You Dance». Sjølv om «Let Me Show You» vart ein hit i Atlanta, Cleveland Pittsburgh, Detroit, Boston, og New Orleans, var det større interesse for «When You Dance». Denne byrja først å bli populær i New York City, Philadelphia, Washington D.C. og Baltimore, før han i november vart ein nasjonal R&B- og pophit. «When You Dance» nådde tredjeplassen på R&B-lista og vart verande der i to månader. Han nådde berre 33. plassen på poplista, men vart verande der i fem månader, så det vart rekna som ein ganske stor hit.

I desember 1955 gav Herald Records ut «Sister Sooky/I’ll Always Watch Over You» som ein oppfølgjar, men denne selde dårleg. Med éin nasjonalhit drog dei seint i januar 1956 ut på turné, i lag med Irvin Feld sin «Super Attractions Tour». I mars 1956 var dei på ein ny turné med Roy Gaines, Guitar Slim, Margie Day og Lloyd Lambert.

Dei vart så ein del av «Rhythm And Blues Show of 1956» og i april 1956 gav dei ut «I’m Nobody’s»/«B-I-N-G-O»,[1][2][3] men denne nådde ikkje dei nasjonale salslistene. I juli turnerte dei i Midtvesten med Sonny Boy Williamson sitt orkester. I august 1956 kom «It Was A Night Like This»/«All Of My Love» ut, men heller ikkje denne singelen nådde dei nasjonale salslistene. Til slutt, den 21. oktober, spelte dei i Circle Theater i Cleveland, med Don Rello, The Quails og Ralph Wilson’s orchestra.

Interessaa for The Turbans var dalande utan fleire hittar, og i 1957 var dei attende i studio, men klarte heller ikkje då å produsere fleire hitsinglar. I juli 1957 gjekk kontrakten deira med Herald Records ut. Etter nokre utskiftingar i bandet, fekk Turbans seint i 1958 ny kontrakt med Red Top Records. Matthew Platt og Charlie Williams var blitt erstatta av Earl Worsham (førte og andretenor) og John Christian (baryton/andretenor), som begge hadde sunge med The Quadrells. Dei gav ut singelen «I Promise You»/«Curfew Time». Singelen selde dårleg og The Turbans var ikkje i studio att dei neste to åra. Jones slutta i gruppa ei stund og dei fortsette som ein trio.

I 1960 flytta dei til Morris Levy sitt Roulette Records. Jones kom attende og dei spelte inn «Diamonds And Pearls» med B-sida «Bad Man». Denne songen var det derimot ei gruppe kalla The Paradons som fekk ein hit med. I januar 1961 gav dei ut den andre og siste singelen på Roulette, «Three Friends» (skriven av Burt Bacharach og Hal David) med B-sida «I’m Not Your Fool Anymore». Denne selde òg dårleg.

Det neste stoppet for The Turbans var Bernie Lowe og Kal Mann sitt Parkway Records. Denne gongen hadde Jones, som var ein av berebjelkane i bandet, slutta. Gruppa bestod no av Al Banks, Earl Worsham, John Christian, og ein ny bass, Reggie «Tootie» Price. I Parkway spelte dei inn ein ny versjon av «When You Dance», som kom ut i februar 1961 for å konkurrere med ein nyutgjeving av den originale Herald-versjonen. Denne nye versjonen nådde 114. plassen på poplista i USA.

Seinare i 1961, utan suksess hos Parkway Records, signerte dei ein platekontrakt med Imperial Records. Price slutta og vart erstatta av James Oscar «Cisco» Williams, (ein bass/baryton/tenor), som òg tidlegare hadde vore i The Quadrells. Gruppa var no ein kvintett og det femte medlemmet var tenoren Sonny Gordon, som hadde vore frontsongar i The Angels i 1954.

Den første utgjevinga deira for Imperial var «Six Questions» (leia av Banks) med B-sida «The Lament Of Silver Gulch». I mars 1962 var det ei ny utgjeving for Imperial, «This Is My Story»/«Clicky Clicky Clack», begge sider med Banks. Den siste Turbans-plata kom i mai 1962: «I Wonder»/«The Damage Is Done» med Sonny Gordon på solovokal. Ingen av dei tre singlane nådde salslistene.

Etter dette vart The Turbans oppløyst for godt. Worsham gjekk til Billy Byrd sitt Ink Spots, men song sidan i ei Coasters-gruppe baserte i Boca Raton. Banks var med Charlie Thomas' Drifters tidleg i 1970-åra.

Diskografi endre

Singlar under Herald
  • «When You Dance» (1955)
  • «Sister Sookey» (1955)
  • «B-I-N-G-O (Bingo)» (1956)
  • «I'm Nobody's» (1956)
  • «It was a Nite Like This» (1956)
  • «Valley of Love» (1957)
  • «Congratulations» (1957)
  • «When You Dance» (1961)
Singlar på andre selskap
  • «Promise You Love» (Red Top, 1958)
  • «Diamonds and Pearls» (Roulette, 1960)
  • «Three Friends» (Roulette, 1961)
  • «Golden Rings» (Parkway, 1961)
  • «Six Questions» (Imperial, 1961)
  • «This Is My Story» (Imperial, 1962)
  • «I Wonder» (Imperial, 1962)

Kjelder endre

  1. «The Turbans - B-I-N-G-O (Bingo) / I'm Nobody's - Herald - USA - H-478». 45cat. Henta 13. februar 2018. 
  2. Rosalsky, Mitch (2002). Encyclopedia of Rhythm & Blues and Doo-Wop Vocal Groups. Scarecrow Press. s. 580. ISBN 9780810845923. 
  3. Goldberg, Marv (2000). «The Turbans». Marv Goldberg's R&B Notebooks. Arkivert frå originalen 12. juni 2006. 

Bakgrunnsstoff endre