The Ballad of East and West

«The Ballad of East and West» er eit dikt av Rudyard Kipling. Det kom først ut i 1889, og har kome ut i fleire seinare diktsamlingar og antologiar.

Teikning av Rudyard Kipling

Særleg refrenget som opnar og endar diktet er kjend:

Oh, East is East, and West is West, and never the twain shall meet,
Till Earth and Sky stand presently at God's great Judgment seat;
But there is neither East nor West, Border, nor Breed, nor Birth,
When two strong men stand face to face, though they come from the ends of the earth!

UtgjevingarEndra

Diktet kom først ut under tittelen «Kamal» i Pioneer den 2. desember 1889, i The Week’s News den 28. desember og i desemberutgåva av Macmillan’s Magazine same året. Kipling underteikna den første utgjevinga «Yussuf», som var eit av løyndenamna Kipling brukte i sine yngre dagar. Seinare kom det mellom anna ut i diktsamlinga Barrack-Room Ballads and Other Verses (1919).[1]

HandlingEndra

 
Wazirihest teikna av far til Rudyard Kipling, John Lockwood Kipling.
 
Ung mann til hest i dagns Khyber Pakhtunkhwa.

Handlinga går føre seg i det urolege området North-West Frontier, den dåverande grensa til Britisk India i dagens Pakistan (Khyber Pakhtunkhwa ved grensa til Afghanistan).[a] Ein stammehøvding stel den høgt verdsette merra til den britiske kommandanten i området.[b] Sonen til kommandanten dreg etter hestetjuvane og konfronterer Kamal. Sonen skyt etter Kamal, og dei rid om kapp. Etter 20 mile fell hesten til sonen, og Kamal slår pistolen av handa hans. Han seier at det berre er på grunn av han at sonen har kunna ri uskadd gjennom territoriet hans. Sonen svarer at omhan var blitt skadd, ville han blitt grundig hemna. Då kjem merra bort til sonen, og Kamal aksepterer valet hennar. Dei utvekslar gåver og sver kvarandre truskap:

They have looked each other between the eyes, and there they found no fault,
They have taken the Oath of the Brother-in-Blood on leavened bread and salt:
They have taken the Oath of the Brother-in-Blood on fire and fresh-cut sod,
On the hilt and the haft of the Khyber knife, and the Wondrous Names of God.

Kamal gjev så den einaste sonen sin ordre om å følgja kommandantsonen tilbake til den engelske leiren. Når soldatane trugar sonen til Kamal, forsvarer kommandantsonen hans og seier han er ein av dei no.

Kritisk analyseEndra

Særleg opningslinjene til diktet er blitt mykje siterte. Dei er ofte blitt tolka som å seia at Austen og Vesten aldri kan forstå kvarandre eller sameinast. I røynda seier diktet at det nettopp er det dei kan «når to sterke menn står andlet til andlet».[1]

AntologiarEndra

T.S. Eliot tok diktet med i si samling A Choice of Kipling's Verse frå 1941.

Seinare brukEndra

Litteratur

Diktet har gjeve tittel til den britiske stumfilmen East Is East frå 1916 og til romanen Never the Twain Shall Meet frå 1923 av Peter B. Kyne,[2] som blei filmatisert som stumfilm i 1925[3] og lydfilm i 1931.[4]

Den britiske situasjonskomedien Never the Twain, som blei send frå 1981 til 1991, har tittel etter diktet.

Det gav også namn til skodespelet East Is East av Ayub Khan Din frå 1996, filmen med same namn frå 1999, og oppfølgjaren West Is West frå 2010.

Musikk

Albumtittelen The Twain Shall Meet frå 1968 av Eric Burdon & The Animals refererer til diktet.

Songen «Mrs. Jones» av den amerikanske musikkgruppa Hole, på albumet Pretty on the Inside frå 1991, inneheld linja «East is East, and West is West» frå diktet.

MerknadarEndra

  1. Diktet nemner Abazai og Peshawur, som fastset staden
  2. The Colonel, obersten

KjelderEndra

  1. 1,0 1,1 John McGivering. «“The Ballad of East and West”». kiplingsociety.co.uk. Henta 20. november 2019. 
  2. Kyne, Peter B. (Peter Bernard) (1923), Never the twain shall meet, Fisher - University of Toronto, Toronto : Copp, Clark, henta 20. november 2019 
  3. Never the Twain Shall Meet, henta 20. november 2019 
  4. Never the Twain Shall Meet, henta 20. november 2019 

BakgrunnsstoffEndra

 

Originaltekst av The Ballad of East and West ved Wikisource.