Gimme Some Lovin'
Gimme Some Lovin' Singel av The Spencer Davis Group | ||
B-side |
Blues in F | |
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 28. oktober 1966[1] | |
Innspelt |
| |
Sjanger | ||
Lengd | 2:51 | |
Selskap |
| |
Tekstforfattar | Steve Winwood | |
Låtskrivar(ar) | ||
Produsent | ||
The Spencer Davis Group-kronologi | ||
«When I Come Home» (1966) |
Gimme Some Lovin' | «I'm a Man» (1967)
|
«Gimme Some Lovin'» er ein song først spelt inn av The Spencer Davis Group. Han vart gitt ut som singel i 1966 og nådde topp 10-lista i fleire land. Seinare inkluderte Rolling Stone songen på lista si over dei 500 beste songane gjennom tidene.
Andre artistar har òg spelt inn versjonar av songen; gruppesongaren Steve Winwood spelte han seinare inn live med Traffic, og ein versjon av The Blues Brothers nådde 18. plassen på den amerikanske singellista.
Bakgrunn
endreIfølgje bassist Muff Winwood vart låten komponert, arrangert og innøvd på berre ein halvtime. På den tida var gruppa under press for å komma opp med ein ny hit, etter at den førre singelen, «When I Come Home», som var skriven av den jamaicanskfødte musikaren Jackie Edwards, som òg hadde skrive dei tidlegare nummer-ein-hittane deira, «Keep On Running» og «Somebody Help Me». Bandet prøvespelte og avviste andre songar Edwards tilbaud dei, og dei lét saka liggja heilt til manager Chris Blackwell tok dei med til London, plasserte dei i eit øvingslokale på Marquee Club og beordra dei til å finna på ein ny song. Muff Windwood sa: «Me byrja å rota med riff, og klokka må ha vore elleve om formiddagen. Me hadde ikkje vore der i ein halvtime, og så kom ideen. Me tenkte at dette høyrest skikkeleg bra ut. Me sette det heile saman, og rundt klokka tolv hadde me heile songen. Steve hadde sunge «Gimme, gimme some loving» og ropt kva som helst, så me bestemde oss for å kalla den det. Me fann ut dei åtte midtarste strofene, og så gjekk me til ein kafé som framleis ligg på hjørnet nede i vegen. Blackwell kom for å sjå korleis det gjekk med oss, fann utstyret vårt sett opp og oss ikkje der, og han storma inn på kafeen og skrik: «Korleis kan de gjera dette?», skrik han. Ikkje vêr redd, sa me. Me var alle veldig sjølvsikre. Me tok han med tilbake og sa: «Kva seier de til ein halvtimes arbeid?» Me spelte «Gimme Some Lovin», og han kunne ikkje tru det. Vi klippa han dagen etter, og alt fungerte. Same kveld spelte me på ein klubb i Nord-London og prøvde han på publikum. Den gjekk ned med storm. Me visste at me hadde ein ny nr. 1.»[4]
Medverkande
endreThe Spencer Davis Group:[5]
- Steve Winwood – solovokal, orgel, piano, perkusjon
- Spencer Davis – rytmegitar, vokal
- Muff Winwood – bass, vokal
- Pete York – trommer
Salslister
endreListe (1966–1967) | Plassering |
---|---|
Australia (Kent Music Report)[6] | 6 |
Irland (IRMA)[7] | 7 |
UK (Singels Chart)[8] | 2 |
US (Billboard Hot 100)[9] | 7 |
I 2004 rangerte magasinet Rolling Stone «Gimme Some Lovin'» som nummer 247 på lista si over dei 500 beste låtane gjennom tidene.[10] Winwood spelte seinare inn liveversjonar av songen med Traffic til Welcome to the Canteen (1971)[11] og The Last Great Traffic Jam (2005).[12]
«Gimme Some Lovin'» har vorte spelt inn av fleire rockeartistar og andre artistar.[13] Popartisten Olivia Newton-John covra låten i 1978 på albumet hennar, Totally Hot, som ein platemeldar kalla «det næraste ein kjem ein fyllefest på eit Newton-John-album.».[14] Ei framføring for den musikalske komediefilmen The Blues Brothers (1980) «har eit arrangement som er oppsiktsvekkjande på grunn av blåseseksjonen som erstattar Steve Winwood sitt buldrande orgel», ifølgje kritikar Bret Adams.[15] Gitt ut som singel av Atlantic Records nådde han 18. plassen på magasinet Billboard Hot 100-lista.[16] I 1990 spelte den britiske gruppa Thunder han inn på debutalbumet Backstreet Symphony.[17] AllMusic = AllMusic }}</ref>
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Gimme Some Lovin'» frå Wikipedia på engelsk, den 20. juli 2023.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 «Willa Dean Parker and Rose Banks as successor to Homer Banks v. Mervyn Winwood, Spencer Davis, Steve Winwood, The Spencer Davis Group, Kobalt Music Publishing, And Universalsongs of Polygram International, Inc.» (PDF). Loeb & Loeb LLP. In The United States District Court Middle District of Tennessee Nashville Division. 17. oktober 2018. Arkivert frå originalen (PDF) 7. februar 2018. Henta 7. februar 2018.
- ↑ Uslan, Michael; Clark, Dick; Solomon, Bruce (1981). Dick Clark's the First 25 Years of Rock & Roll. Dell Publishing Company. s. 203. ISBN 978-0-440-51763-4.
- ↑ Paymer, Marvin E. (July 1993). Facts behind the songs: a handbook of American popular music from the nineties to the '90s. Garland Pub. s. 247. ISBN 978-0-8240-5240-9.
- ↑ Muff Winwood, quoted by John Bell, liner notes to Eight Gigs A Week: The Spencer David Group - The Steve Winwood Years (Island Records, 1996)
- ↑ McDermott, John (1995). The Finer Things (CD set booklet). Steve Winwood. New York City: Island Records. s. 39. OCLC 32289434. 314 516 860-2.
- ↑ Kent, David (1993). Australian Chart Book 1970-1992. St Ives, N.S.W.: Self-published. ISBN 0-646-11917-6.
- ↑ "The Irish Charts – Search Results – Gimme Some Lovin'". Irish Singles Chart.
- ↑ Roberts, David (2006). British Hit Singles & Albums (19th utg.). London: Guinness World Records Limited. s. 143. ISBN 1-904994-10-5.
- ↑ Whitburn, Joel (1991). Joel Whitburn's Top Pop Singles 1955–1990. Menomonee Falls, Wisconsin: Record Research. ISBN 0-89820-089-X.
- ↑ «500 Greatest Songs of All Time (2004)». Rollingstone.com. 11. desember 2003. Henta 7. april 2011.
- ↑ Ruhlmann, William. «Traffic: Welcome to the Canteen – Review». AllMusic. Henta 17. august 2022.
- ↑ Jurek, Thom. «The Last Great Traffic Jam – Review». AllMusic. Henta 17. august 2022.
- ↑ «The Spencer Davis Group: 'Gimme Some Lovin' – Also Performed By». AllMusic. Henta 16. september 2022.
- ↑ Viglione, Joe. «Olivia Newton-John: Totally Hot – Review». AllMusic. Henta 16. september 2022.
- ↑ Adams, Bret. «The Blues Brothers [Original Soundtrack] – Melding». AllMusic. Henta 1. oktober 2022.
- ↑ {{ref> <!-Medarbeider(e); ingen by-linje.--> --> title = Blues Brothers. «Blues Brothers: Chart History - Billboard Hot 100». Billboard.com. Henta 1. oktober 2022.
- ↑ Henderson, Alex. «Thunder: Backstreet Symphony – Melding». AllMusic.
248: «(Your Love Keeps Lifting Me) Higher and Higher » Jackie Wilson |
Plassering på lista til Rolling Stone frå 2010 over dei 500 beste songane gjennom tidene 247 «Gimme Some Lovin'» The Spencer Davis Group |
246: «Love Shack » The B-52's |