The Who by Numbers

The Who by Numbers
Studioalbum av The Who
Språk engelsk
Utgjeve 25. oktober 1975 (US)
3. oktober 1975 (UK)
Innspelt April – 12. juni 1975
Studio Shepperton Studios (Shepperton, Surrey, England) ved hjelp av Ronnie Lane's Mobile Studio
Sjanger Rock
Lengd 37:19
Selskap Polydor, MCA
Produsent Glyn Johns
The Who-kronologi 
Tommy
(1975)
The Who by Numbers The Story of The Who
(1976)


Singlar frå The Who by Numbers
  1. «Squeeze Box»
    Utgjeve: Oktober 1975
  2. «Slip Kid»
    Utgjeve: 7. august 1976

The Who by Numbers er det sjuande albumet til det engelske rockebandet The Who, utgjeve den 3. oktober 1975. Det vart kåra til det tiande beste albumet dette året av The Village Voice sin Pazz & Jop kritikaravstemming.[1]

Historie endre

Utan den massive strukturen og ambisjonane som låg dei meir kjende verka til bandet, Tommy og Quadrophenia, står låtskrivinga til Pete Townshend for seg sjølv i den sparsame og mørke The Who by Numbers. Her er ikkje syntheziserar eller lag på lag med lydspor. I staden finn ein skildringar om alkoholisme, begjær og avsky for seg sjølv, samt dei mørke sidene av snikande mellomalderen og frykt for å verte irrelevant. På «They Are All In Love» klagar Townshend: «Hey goodbye all you punks, stay young og stay high / Hand me my checkbook while I crawl off to die». Slike tema strekkjer seg frå det håplause refrenget på «However Much I Booze» (sungen av Townshend, sidan Roger Daltrey fann han for personleg), «There ain't no way out» («Det finst ingen utveg»), til det desillusjonerte spørsmålet, «How many friends have I really got?» («Kor mange vener har eg eigentleg?»)

Eit par spor står i kontrast til dette, som singelen og hitten «Squeeze Box» og «Blue, Red and Grey» med tekstlinja «I like every minute of the day» («Eg likar kvart minutt av dagen»). Songen til John Entwistle, «Success Story», går tilbake til eit like fortvilt og kynisk syn på stjernelivet som resten av plata. På «In a Hand or a Face» kan ein høyre tekstmessige og musikalske tema frå Who-songar frå 60-talet og songen er ein uventa heftig avslutning på albumet.

Omslaget på albumet er ei teikning av John Entwistle, teikna som ein del av ein teikneserie om The Who.

Utgjeving og mottaking endre

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic     [2]
Christgau's Record GuideB+[3]
MusicHound Rock4/5[4]
The Rolling Stone Album Guide     [5]
The Daily VaultB+[6]

The Who by Numbers nådde sjuandeplassen på UK Albums Chart og åttandeplassen på Billboard 200 i USA. «Squeeze Box» vart òg ein topp 20-hit i både Storbritannia og Amerrika, men oppfølgjaren «Slip Kid» nådde ikkje listene.

Rolling Stone-melsinga av The Who by Numbers sa: «Dei kan ha laga det beste albumet sitt i møtet med dei personlege problema sine, men berre tida vil avgjere dette.»[7]


Innhald endre

Alle songar er skrivne av Pete Townshend, bortsett frå der andre er nemnde.

Side ein
Nr.TittelLengd
1.«Slip Kid»4:32
2.«However Much I Booze»5:03
3.«Squeeze Box»2:42
4.«Dreaming from the Waist»4:09
5.«Imagine a Man»4:04
Side to
Nr.TittelLengd
6.«Success Story» (John Entwistle)3:24
7.«They Are All in Love»3:03
8.«Blue, Red and Grey»2:50
9.«How Many Friends»4:07
10.«In a Hand or a Face»3:25

Bonusspora frå 1996-utgåva vart spelt inn på ein konsert i Swansea Football Ground den 12. juni 1976.

Bonusspor på 1996-utgåva
Nr.TittelLengd
11.«Squeeze Box»3:13
12.«Behind Blue Eyes»4:39
13.«Dreaming from the Waist»4:57

Salslister endre

Album
År Liste Plassering
1975 Billboard Pop Albums 8[8]
1975 UK Albums Chart 7[9]
Singlar
År Singel Liste Plassering
1976 «Squeeze Box» Billboard Pop Singles 16[10]
1976 «Squeeze Box» UK Singles Chart 10[9]

Salstrofé endre

Organisasjon Nivå Dato
RIAA – USA Gull 10. desember 1975[11]
RIAA – USA Platina 8. februar 1993[11]


Medverkande endre

The Who
Andre
Produksjon
  • Glyn Johns – produsent, lydteknikar, miksing
  • Jon Astley – nymiksing
  • Chris Charlesworth – leiande produsent
  • Bill Curbishley – leiande produsent
  • Richard Evans – design
  • Doug Sax - mastering
  • Bob Ludwig – ommastering
  • Robert Rosenberg – leiande produsent
  • John Swenson – notat i omslaget
  • Chris Walter – fotografi

Kjelder endre

  1. Robert Christgau: Pazz & Jop 1975: Critics Poll
  2. «The Who by Numbers - The Who - Songs, Reviews, Credits - AllMusic». AllMusic. Henta 6. oktober 2019. 
  3. Christgau, Robert (1981). «Consumer Guide '70s: W». Christgau's Record Guide: Rock Albums of the Seventies. Ticknor & Fields. ISBN 089919026X. Henta 6. oktober 2019 – via robertchristgau.com. 
  4. Graff, Gary; Durchholz, Daniel (eds) (1999). MusicHound Rock: The Essential Album Guide. Farmington Hills, MI: Visible Ink Press. s. 1227. ISBN 1-57859-061-2. 
  5. «The Who: Album Guide». Rollingstone.com. Arkivert frå originalen 6. februar 2011. Henta 6. oktober 2019. 
  6. Clutterbuck, Jeff (2019). «The Daily Vault Music Reviews : The Who by Numbers». dailyvault.com. Henta 6. oktober 2019. 
  7. «The Who By Numbers». Rollingstone.com. Arkivert frå originalen 20. juni 2017. Henta 6. oktober 2019. 
  8. «Artist Chart History – The Who». Allmusic. Henta 6. oktober 2019. 
  9. 9,0 9,1 «The Who at». Chartstats.com. Arkivert frå originalen 23. juli 2012. Henta 6. oktober 2019. 
  10. «The Who Official Band Website – Roger Daltrey, Pete Townshend, John Entwistle, and Keith Moon , , The Who By Numbers». Thewho.com. Henta 6. oktober 2019. 
  11. 11,0 11,1 «Gold and Platinum Database Search». Riaa.com. Henta 29. november 2009. 

Bakgrunnsstoff endre