The Wicked Messenger

The Wicked Messenger
Song av Bob Dylan
frå albumet John Wesley Harding
Utgjeve 27. desember 1967
Innspelt 29. november 1967
Sjanger Folkrock, countryrock
Lengd 2:02
Selskap Columbia
Komponist Bob Dylan
Tekstforfattar Bob Dylan
Låtskrivar(ar) Bob Dylan
Produsent Bob Johnston

«The Wicked Messenger» er ein song skriven og framført av Bob Dylan for albumet John Wesley Harding. Songen vart spelt inn i Columbia's Studio A i Nashville den 29. november 1967.[1]

Songen har ei lett instrumentering, som resten av John Wesley Harding. Han har ei repterande, fallande basslinje gjennom songen, og det mest markante intrumentet er den akustiske gitaren til Bob Dylan.[2]

Tekst endre

Teksten har sitt opphav i Bibelen. I boka Wicked Messenger: Bob Dylan and the 60s skreiv Mike Marqusee:

« Songtittelen verkar å vere henta frå Salomos ordtak 13:17: «A wicked messenger falleth into mischief: but a faithful ambassador is health.»(Ein upåliteleg bodberar fell i ulukke, eit trufast sendebod kjem med lækjedom.).[3] I songen dukkar personen først opp i ålmenta, uboden, som ein besett[...] Den upålitelege bodberarane er artisten, profeten, protestsongaren.[4] »

Dylan studerte Bibelen på denne tida, og han brukte mange bibelreferansar i songane på John Wesley Harding.[5]

Andre versjonar endre

Songen er blitt spelt mange gonger av andre artistar, mellom andre av The Faces på albumet First Step, The Black Keys på filmmusikkalbumet I'm Not There, Patti Smith på albumet hennar Gone Again og Marion Williams på albumet hennar «Standing Here Wondering Which Way to Go». David Nelson Band har spelt denne songen i fleire år på konsertane sine. Songen er òg blitt spelt av Jerry Garcia med bandet Legion of Mary på turneen deira i 1975. I Hellas har Dionysis Savvopoulos skrive ein gresk tekst for albumet Βρώμικο ψωμί (Dirty Bread) i 1972 med tittelen «Άγγελος Εξάγγελος». Denne vart spelt inn på ny i 1997 på albumet Το ξενοδοχείο (The Motel).

Kjelder endre

  1. Bjorner (15. mai 2000). «29. november 1967». Bjorner's Still on the road. Henta 9. november 2018. 
  2. «John Wesley Harding [Remaster]». Muze Inc. Arkivert frå originalen 24. februar 2012. Henta 9. november 2018. 
  3. «Proverbs 13:17». Biblos.com. Henta 9. november 2018. 
  4. www.google.com Books listing Wicked Messenger: Bob Dylan and the 1960-åra by Mike Marqusee, pp. 248-249
  5. Gill, 1998, My Back Pages, p. 127.