Theofron Munktell

Johan Theofron Munktell (20. mars 18052. juli 1887) var ein svensk industrialist, fødd i Kärrbo, Västmanland. Han gjekk i lære hjå Gustaf Broling i Stockholm, som då var ein av dei beste metallurgane i Sverige. Då han var 17 år gamal vart Munktell tilsett ved Kungliga Myntverket, der han var ansvarleg for å utvikla nye myntprentemaskiner. Samstundes tok han til å interresera seg for dampmaskiner.

Theofron Munktell

Fødd22. mars 1805
Kärrbo församling
Død2. juli 1887
Eskilstuna stadsförsamling
NasjonalitetSverige
Yrkemekanikar, landstingspolitiker, industrimann, ingeniør
InstitusjonarMyntverket
BarnTheofron Muncktell
MedlemKungliga Vetenskapsakademien

I 1832 flytta Munktell til Eskilstuna, der han stifta Eskilstunas Mekaniska Werkstad. På 1930-talet gjorde han ei studiereise til England, for å sette seg inn i moderne støypejarnteknologi.

Munktell var ein nyskapande person og firmaet hans var med på å føra Sverige inn i den industrielle tidsalderen. I 1853 produserte firmaet det fyrste damplokomotivet i Sverige; det vart kalla «förstlingen». I 1859 laga firmaet det fyrste treskjeverket i Sverige.

I 1879 vart firmaet eit aksjeselskap og bytta namn til «Munktells Mekaniska Verkstads Aktiebolag». Sjølv om son hans, som òg heite Theofron, og systersonen hans, Theofron Boberg, hadde kome inn i leiinga var Johan Theofron aktiv til han døydde 82 år gamal. Han mottok ei rekkje utmerkingar for arbeidet han hadde utført for Eskilstuna og Sverige.

Johan Theofron Munktell.

,

Eit viktig produkt for Munktells Mekaniska Verkstads Aktiebolag var damplokomobilar. I 1913 starta firmaet traktorproduksjon. Den fyrste traktoren, med typebetegnelsen 30-40, hadde ein masse på 8,3 tonn. I 1932 gjekk firmaet saman med J & C G Bolinders Mekaniska Verkstads AB i Stockholm. Det nye firmaet vart liggande i Eskilstuna og fekk namnet AB Bolinder Munktell. I 1943 tok AB Bolinder Munktell til å samarbeide med Aktiebolaget Volvo i Göteborg og i 1950 vart AB Bolinder Munktell oppkjøpt av Volvo.

Sjå òg endre

Bakgrunnsstoff endre