Theophilus Cibber
Theophilus Cibber (25. eller 26. november 1703–oktober 1758) var ein engelsk skodespelar, dramatikar og skribent, son av skodespelaren og teaterleiaren Colley Cibber.
Theophilus Cibber | |||
Theophilus Cibber i rolla som Ancient Pistol. | |||
Fødd | 26. november 1703 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | London | ||
Død | oktober 1758 | ||
Dødsstad | Irskesjøen | ||
Verka som | teaterskodespelar | ||
Far | Colley Cibber | ||
Ektefelle | Jane Cibber, Susannah Maria Cibber |
Han byrja å opptre i ung alder, og følgde faren som teaterleiar. I 1727 skreiv Alexander Pope ein satire over mellom anna Theophilus Cibber i verket Dunciad, som ein ungdom som «thrusts his person full into your face» (III 132). På scenen var han særleg kjend for å spela Ancient Pistol i Henry IV, Part 2, og nokre av dei komiske rollene som far hans hadde spelt då han var yngre, men nokre mindre mindre sympatiske kritikarar skulda han for overvektlegging.[1] Privatlivet hans førte seinare til dårleg omdøme og skandale for Theophilus. Han døydde i eit skipbrot på veg til Irland og ein sesong i Dublin.
Bakgrunn
endreTheophilus Cibber blei fødd under syklonen kjend som Great Storm of 1703. Han byrja å opptre ved Drury Lane Theatre som sekstenåring, i 1721.[2] Som ung var Cibber kjend for eit dåreliv, og var tilknytt unge menn med liknande levevis og omdøme, som hertugen av Wharton.[3]
Som son av Catherine og Colley Cibber, ein av leiarane ved teateret, kom Theophilus tidleg med i leiinga av Drury Lane. I 1723 blei han leiar for sommarsesongen, og i 1727 blei han assistentleiar under den vanlege sesongen.[4] Han tok over styringa av teateret i sesongen 1732–33, til han blei sjuk.[5] Det oppstod usemje mellom han og dei to andre leiarane, John Ellys og John Highmore.[6] Dei oppsøkte Cibber senior og tilbaud å kjøpa han ut for 3000 guinea. Dette gjekk han med på utan å snakka med Theophilus, som dei to andre straks gav avskjed.[7] Theophilus leia skodespelarane i eit opprør der dei sette opp eit rivaliserande, men uformelt, teaterkompani i Haymarket. Etter ein periode der leiarane ved Drury Lane mellom anna prøvde å stoppa Cibber ved å få den leiande skodespelaren hans, John Harper, arrestert som lausgjengar,[8] vann Theophilus kampen om omdømet og fekk til slutt tilbake kontroll over teateret att.[9]
Ekteskap og konflikt
endreTheophilus var gift med skodespelaren Jane Johnson. Dei hadde fire barn: Colley George, fødd i 1726, Catherine, f. 1727, Jane, f. 1729, og Elizabeth, f. 1732. Colley George og Catherine døydde som små, og mora døydde berre 26 år gammal i barselfeber etter å ha fødd Elizabeth.[10] Jane og Elizabeth blei oppdregne i heimen til bestefaren, Colley Cibber.[11]
To år etter at Jane døydde, gifta Cibber seg opp att med songaren og skodespelaren Susannah Maria Arne, som var syster av musikaren Thomas Arne, den 21. april 1734.[12] I ei uvanleg hending for denne tida insisterte Susannah Maria på ein ekteskapsavtale som verna eigedommen og inntekta hennar. Avtalen slo også fast at om ho døydde utan barn, skulle pengane arvast av foreldra i staden for mannen hennar. Paret fekk to barn, Susannah i 1735 og Caius-Gabriel i 1736, men begge døydde då dei var mindre enn eitt år.[11]
Både Theophilus og Susannah Maria var medlemmer av Drury Lane teaterkompani, som Cibber leia. Frå 1735 byrja Cibber å henta ut inntektene til kona si frå teateret personleg, i strid mot ekteskapsavtalen, og i 1737 selte han tilmed kleda og dei personlege eigdelane hennar for å få inn pengar.[13] I 1738 var ekteparet innblanda i ein skandaløs rettstvist der allmugen blei kjend med at Cibber skulle ha bidrege til kona sin utruskap. Familien Cibber skulle ha etablert eit trekantforhold med John Sloper, ein mann frå landadelen som Theophilus hadde teke imot pengar frå.[14] Alle tre hadde budd i eit hus i Kensington, som Sloper betalte leige og vedlikehald for, fram til Cibber rømte til Frankrike for å koma unna kreditorane sine.[15] Han blei opprørt då Susannah Maria skreiv eit brev til han og sa at ho ville forlata han til fordel for Sloper.[16]
Cibber vende tilbake til England, og byrja forhandla om ein avtale med Susannah Maria og Sloper, med eit absurd avbrot der han bortførte Susannah Maria frå herskapshuset til Sloper som enda med at alle tre budde på same vertshus, sjølv om Sloper fyrte av ein pistol over hovudet til Cibber.[17] Theophilus stengte kona sin inne i eit hus i Wild Court i Great Wild Street, men ho blei redda ut av bror sin Thomas, som braut seg inn og slo ned vakta.[18] Theophilus fekk Thomas fengsla ei tid i Bridewell, medan Susannah Maria vende tilbake til Sloper.[19] Cibber saksøkte Sloper for 5000 pund for såkalla «criminal conversation» knytt til hor med kona hans. Som vitne for Cibber kunne vertshushaldarane Mr og Mrs Hayes fortelja at dei hadde kikka på Sloper og Mrs Cibber, og dermed kunne vitna om hor. Forsvaret for Sloper kalla inn hushaldaren deira frå Kensington, Anne Hopson, som vitna om at Cibber hadde teke imot pengar frå Sloper i full kunnskap om at kona hadde eit tilhøve til han.[20] Saka enda med at Cibber blei tilkjent ei svært lita erstatting på 10 pund.[21]
Sloper trekte seg tilbake til landet, og Susannah gav opp å opptre ei stund. Då Cibber opptredde som Lord Foppington i The Relapse ved Drury Lane blei det kasta frukt og søppel på han.[22] Året etter, i 1739, saksøkte Cibber Sloper for 10 000 for å halda på ("detaining") kona hans. Denne gognen blei han tilkjent 500 pund.[23] Susannah drog til Ireland og hadde ein konsertsesong i lag med Händel medan skandalen stilna, men vende seinare tilbake til Drury Lane der ho hadde suksess i lag med David Garrick, og blei ein kjend tragisk skodespelar. Cibber tapte innverknaden sin i teaterverda, og dreiv dei siste åra mellom ulike scener der han hadde diverse roller.[24] Den overdrivne skodespelarstilen hans gjekk av moten, og han drakk i overkant.[25]
Faren døydde 11. desember 1757, og gav Theophilus berre 50 pund i testamentet sitt. Dagen etter skreiv Theophilus til Lord Chamberlain, hertugen av Newcastle, og bad om teaterarbeid.[26] Theophilus framførte ein eulogi til faren på scena i sørgedrakt, utan mykje suksess, og han måtte leita etter anna arbeid.[27] Thomas Sheridan tilbaud han arbeid ved Smock Alley Theatre i Dublin. Undervegs til Irland gjekk skipet han var på, «Dublin Trader», på grunn i ein storm med rundt 60 passasjerar om bord.[28] Cibber forsvann i havet.[29]
Forfattarskap
endreSom syttenåring tilverka Cibber Shakespeare sitt skodespel Henry VI, An Historical Tragedy of the Civil Wars in Reign of King Henry VI.[30] Seinare tilverka han Romeo and Juliet, og spelte Romeo med den fjorten år gamle dottera si Jenny som Juliet.[31] Theophilus sine skodespel, som omfattar balladeoperaen Patie and Peggie, komedien The Lover, The Auction og pantomimen The Harlot's Progress, er ikkje rekna som større verk.[32] Dei blei gjevne ut i ei moderne utgåve av David Mann i 1981.
Det er omstridd om Theophilus skreiv Lives of the Poets of Great Britain and Ireland, to the Time of Dean Swift (1753). Samuel Johnson hevda boka var skriven av Robert Shiels. Det meste av teksten er henta frå tidlegare verk av Gerard Langbaine og Giles Jacob. Andre verk i namnet til Theophilus er A Letter from Theophilus Cibber to John Highmore (1733), A Lick at a Liar: or Calumny Detected. Being an Occasional Letter to a Friend (1752), An Epistle from Mr Theophilus Cibber to David Garrick, esq. (1755) og Two Dissertations on the Theatres (1756), som trass tittelen var i tre delar.[33]
I april 1740 gav far til Theophilus' ut ein sjølvbiografi, An Apology for the Life of Colley Cibber, Comedian, som var ein kommersiell suksess.[34] Kort tid etter utgjevinga laga Theophilus sitt eige forslag om ein sjølvbiografi, og byrja samla inn bidrag frå framtidige tingarar.[35] I juli same året kom An Apology for the Life of Mr. T[heophilus] C[ibber], Comedian: Being a Proper Sequel to The Apology for the Life of Mr. Colley Cibber, Comedian, with an Historical View of the Stage to the Present Year / Supposed to be Written by Himself in the Style and Manner of the Poet Laureate ut, men Theophilus var ikkje forfattaren. Dette var eit anonymt åtak på familien Cibber med mønster etter Colley Cibber sitt verk. Theophilus hevda han hadde sendt tilbake tingarbidraga og truga utgjevaren med ei søksmål, men ingenting skjedde vidare.[36] Forfattaren blei aldri funnen, men Henry Fielding blei mistenkt.[37]
Roller i utval
endre- Daniel i The Conscious Lovers av Richard Steele (1722)
- Earl of Somerset i Sir Thomas Overbury av Richard Savage (1723)
- Toywell i A Wife to be Let av Eliza Haywood (1723)
- Le Beau i Love in a Forest av Charles Johnson (1723)
- Pert i The Impertinent Lovers av Francis Hawling (1723)
- Ptolemy i Caesar in Egypt av Colley Cibber (1724)
- Lord Toupet i The Rival Modes av James Moore Smythe (1727)
- Bays i Bayes's Opera av Gabriel Odingsells (1730)
- Philander i The Triumphs of Love and Honour av Thomas Cooke (1731)
- George Barnwell i The London Merchant av George Lillo (1731)
- Gaffer Dunfork i The Devil to Pay av Charles Coffey (1732)
- Captain Bellamant i The Modern Husband av Henry Fielding (1732)
- Jack Stocks i The Lottery av Henry Fielding (1732)
- Squire Chip i The Modish Couple av James Miller (1732)
- Ramilie i The Miser av Henry Fielding (1733)
- Looby Headpiece i The Mother-in-Law av James Miller (1734)
- Messala i Junius Brutus av William Duncombe (1734)
- Amasie i The Christian Hero av George Lillo (1735)
- Martin i The Man of Taste av James Miller (1735)
- Captain Spark i The Universal Gallant av Henry Fielding (1735)
- Nerestan i Zara av Aaron Hill (1736)
- Joculo i The Universal Passion av James Miller (1737)
- Julio i Art and Nature av James Miller (1738)
- Cibber, a Comedian i The Coffee House av James Miller (1738)
- Melisander i Agamemnon av James Thomson (1738)
Kjelder
endre- ↑ Barker, p. 166
- ↑ Barker, p. 165
- ↑ Barker, p. 165
- ↑ Barker, p. 166
- ↑ Barker, p. 168
- ↑ Barker, pp. 168–170
- ↑ Barker, p. 170
- ↑ Barker, pp. 170–172
- ↑ Barker, pp. 172–173
- ↑ Ashley, p. 197
- ↑ 11,0 11,1 Koon, p. 185
- ↑ Barker, p. 180
- ↑ Barker, pp. 183–184
- ↑ Barker, p. 184
- ↑ Barker, pp. 184–185
- ↑ Barker, p. 185
- ↑ Barker, pp. 187–188
- ↑ Barker, p. 188
- ↑ Barker, p. 188
- ↑ Barker, p. 190
- ↑ Barker, p. 190
- ↑ Barker, p. 191
- ↑ Barker, p. 192
- ↑ Barker, p. 191
- ↑ Ashley, pp. 154–155
- ↑ Barker, pp. 257–258
- ↑ Ashley, p. 156; Barker, p. 258
- ↑ Ashley, p. 156
- ↑ Barker, p. 193
- ↑ Barker, p. 166
- ↑ Ashley, p. 199
- ↑ Ashley, p. 199
- ↑ Ashley, p. 200
- ↑ Barker, p. 194
- ↑ Barker, p. 201
- ↑ Barker, pp. 201–202
- ↑ Ashley, p. 154; Barker, p. 202
- Denne artikkelen bygger på «Theophilus Cibber» frå Wikipedia på engelsk, den 19. juni 2023.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Anon. (Theophilus Cibber on the title page) (1740). An Apology for the Life of Mr. T[heophilus] C[ibber], Comedian: Being a Proper Sequel to The Apology for the Life of Mr. Colley Cibber, Comedian, with an Historical View of the Stage to the Present Year / Supposed to be Written by Himself in the Stile and Manner of the Poet Laureate. London: Printed for J. Mechell.
- Ashley, Leonard R. N. (1965) Colley Cibber, New York: Twayne.
- Barker, Richard Hindry (1939) Mr Cibber of Drury Lane, New York: Columbia University Press.
- Cibber, Theophilus (putatively). Lives of the Poets of Great Britain and Ireland, to the Time of Dean Swift, London.
- Koon, Helene (1986) Colley Cibber: A Biography, Lexington, Kentucky: University Press of Kentucky, ISBN 0-8131-1551-5.
- Mann, David (ed.) (1981). The plays of Theophilus and Susannah Cibber, New York: Garland Pub.
- Stone, Lawrence (1990). Road to Divorce:England 1530–1987, Oxford: Oxford University Press.
- Truelove, F. (1739). The Comforts of Matrimony, Exemplified in the Memorable Case and Tryal Lately Brought by T. C. against W. S. Esq. for Criminal Conversation with the Plaintiff's Wife, London.