Aaron Hill
Aaron Hill (10. februar 1685–8. februar 1750) var ein engelsk dramatikar og forfattar av diverse tekstar.
Aaron Hill | |
Statsborgarskap | Kongeriket Storbritannia |
Fødd | 10. februar 1685 |
Død |
8. februar 1750 (64 år) |
Yrke | lyrikar, skodespelforfattar, essayist, skribent |
Aaron Hill på Commons |
Liv og virke
endreHill stamma frå landadelen i Wiltshire. Han blei utdanna ved Westminster School, og la deretter ut på reise. Han skreiv 17 skodespel, nokre av dei omformingar av andre skodespel, som hans versjonar av Voltaire sine Zaire og Mérope. Han skreiv også dikt av varierande kvalitet. Etter å ha skrive nokre satiriske linjer om Alexander Pope blei han løna med bitande omtale i The Dunciad, som førte til usemje mellom dei to forfattarane. Dei blei seinare forlikte att. Han var ein ven av og brevvekslar med Samuel Richardson, og gav mykje ros til romanen hans Pamela. I tillegg til det litterære verket sitt tok Hill del i fleire forsøk på forretningsverksemd, som regel utan hell.
Hill blei styrar Theatre Royal i Drury Lane då han var 24 år gammal. Før han fekk sparken av ukjende grunnar sette han opp premieren av George Frideric Handel sin opera Rinaldo, den fyrste italiane operaen utforma for publikum i London. Komponisten var tett knytt til oppsetjinga, og Hill var med på å skriva librettoen, sjølv om det er omdiskutert nøyaktig kva han bidrog med.[1]
I 1724 grunnla han bladet The Plain Dealer, som kom ut annakvar veke. I 1753 blei det gjeve ut ei posthum samling av Hill sine essay, dikt og brev. Dramatic Works blei gjeven ut i 1760. Biografien hans var med i Lives of the Poets of Great Britain and Ireland, to the Time of Dean Swift, band 5 (tillagt Theophilus Cibber, men vanlegvis rekna som anonymt skriven).
Verk i utval
endre- A Full and Just Account of the Present State of the Ottoman Empire (1709)
- Elfrid (1710), skodespel
- The Walking Statue; Or, the Devil in the Wine Cellar (1710), farse
- Squire Brainless (1710), farse
- The Fatal Vision (1716), skodespel
- Fatal Extravagance (1721), skodespel
- King Henry the Fifth: Or, the Conquest of France, By the English. A Tragedy. (1723)
- Athelwold (1731), revidert versjon av Elfrid
- The Plain Dealer (1724), essay med William Bond
- The Progress of Wit, being a caveat for the use of an Eminent Writer (1730)
- The Prompter (1735), essay
- Zara (produced 1736) etter Voltaire
- Mérope (1749), etter Voltaire
- The Roman Revenge (1754), etter Voltaire
- The Insolvent, or Filial Piety (1758)
- Daraxes (published 1760), pastoral opera
- Merlin in Love (gjeve ut 1760), pantomimeopera
- The Muses in Mourning (gjeve ut 1760), opera
- Saul (gjeve ut 1760), tragedie
- A Snake in the Grass (gjeve ut 1760), burlesk
Kjelder
endre- ↑ Robert D. Hume. "Aaron Hill", Grove Music Online, red. L. Macy (vitja 20. mai 2006), grovemusic.com (krev abonnement).
- Denne artikkelen innehld tekst frå eit verk som no er i offentlege eige (public domain): Cousin, John William (1910). A Short Biographical Dictionary of English Literature. London: J. M. Dent & Sons. Wikisource
- Aaron Hill, The Art of Acting: An Essay, 1753
- Brestoff, Richard, The Great Acting Teachers and their Methods, A Smith and Kraus Book, Lyme, NH, 1995 ISBN 1-57525-012-8
- Denne artikkelen bygger på «Aaron Hill (writer)» frå Wikipedia på engelsk, den 16. juni 2023.
Bakgrunnsstoff
endre- Aaron Hill at the Eighteenth-Century Poetry Archive (ECPA)
- Verk av Aaron Hill på Project Gutenberg
- Works by or about Aaron Hill at Internet Archive
- The Works of the Late Aaron Hill, 4 vols (1753)