Thierry Henry

fransk fotballspelar

Thierry Daniel Henry (fødd 17. august 1977 i Les Ulis i Frankrike) er ein fransk landslagsspelar i fotball. Han er angrepsspelar, og spelar no for det spanske Primera Division-laget FC Barcelona.

Thierry Henry
Thierry Henry i 2013
Personleg informasjon
Fullt namn Thierry Daniel Henry
Fødd 17. august 1977 (46 år)
Fødestad Les Ulis i Frankrike
Høgd 188 cm
Posisjon Spiss, ving
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
1994-1999 Monaco 105 (20)
1999 Juventus 16 (3)
1999-2007 Arsenal 254 (174)
2007-2010 Barcelona 80 (35)
2010-2014 Red Bulls 122 (51)
2012Arsenal (lån) 4 (1)
Totalt 581 (284)
Landslag
1997-2010 Frankrike 123 (51)
Trenar for
2018-2019 Monaco
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga

Henry er kjend for evna si til å komme rundt forsvararar med sitt rykket sitt, den store farten sin og den gode ballkontrollen. I tillegg til å vere ein stabil målscorar i Arsenal, med godt over 20 mål per sesong i gjennomsnitt, er han òg svært ofte nest sist på ballen.[1] Han vert òg rekna som ekspert på dødballar, og tek både straffespark og frispark for Arsenal.

Frå 1993 til 1998 spela Henry i det franske topplaget AS Monaco. Etter suksessen i VM i 1998 vart han seld til det italienske storlaget Juventus. Etter eit halvt år der drog han saman med sine franske vener Patrick Vieira og Emmanuel Petit til Arsenal, som då vart trena av Arsène Wenger. Der utvikla Henry seg til å verte ein spelar på verdsnivå. Han vart toppskårar i Premier League i både 2004/05-sesongen (25 mål) og 2005/06-sesongen (27 mål).

Tysdag 18. oktober 2005 tangerte han fyrst Ian Wright sin rekord på 185 klubbmål for Arsenal, før han sette ein ny rekord med eit mål meir for London-klubben. Dette hende då han scora begge måla i 2–0-sigeren over Sparta Praha i ein Meisterliga-kamp.

Hausten 2005 gjekk det rykte om at Henry var på veg til FC Barcelona eller Juventus. I 2007 blei han Barcelona-spelar.

Karriere som spelar endre

Klubb Ligakampar Ligamål Periode
  AS Monaco 105 20 08/1995–01/1999
  Juventus 16 3 01/1999–08/1999
  Arsenal 241 166 08/1999–

Kjelder endre

  1. Sjå oversikt over mål og målgjevande på Yahoo Sports