Thomas Enger

norsk komponist og skribent

Thomas Enger (fødd 1973 i Oslo) er ein norsk kriminalforfattar, journalist og komponist.

Thomas Enger
Thomas Enger by 1rhb 2019.jpg
Nasjonalitet Norsk
Fødd 1973 (48 år)
Oslo
Yrke Journalist, forfattar
Påverka av James Patterson, Harlan Coben, Henning Mankell, Jo Nesbø[1]
Periode 2009-
Sjanger Kriminallitteratur
Debut Skinndød
Nettstad thomasenger.net

Han debuterte som forfattar i 2009 med kriminalromanen Skinndød.[2] Boka er den fyrste av seks planlagde bøker om kriminaljournalisten Henning Juul. Den andre boka, Fantomsmerte, kom i 2011. Serien er seld til 17 land.[2]

Enger er utdanna journalist og har arbeidd ni år i Nettavisen.[3] Han er oppvaksen på Jessheim og busett i Oslo.[3] I tillegg til å skrive bøker komponerer han musikk. Han har skrive musikk til filmar og arbeider med ein musikal.[3]

BøkerEndra

  • 2009 – Skinndød – Kriminalroman
  • 2011 – Fantomsmerte – Kriminalroman
  • 2013 – Blodtåke – Kriminalroman
  • 2013 – Den onde arven – Kriminalroman

ReferansarEndra

  1. Brynjulf Jung Tjønn (5. februar 2010). ««Blir han den nye Jo Nesbø?»». nrk.no. Henta 19. mars 2012. 
  2. 2,0 2,1 ««Thomas Enger»». Nettstaden til Gyldendal Norsk Forlag. Henta 19. mars 2012. 
  3. 3,0 3,1 3,2 ««Om Thomas»». Nettstaden til Thomas Enger. Henta 19. mars 2012. 

BakgrunnsstoffEndra