Thomas Häßler
Thomas Jürgen Häßler (fødd 30. mai 1966 i Vest-Berlin) er ein tysk tidlegare fotballspelar frå Vest-Berlin som vart verdsmeister med Vest-Tyskland i 1990 og europmeister med Tyskland i 1996.
Personleg informasjon | |||
---|---|---|---|
Fullt namn | Thomas Jürgen Häßler | ||
Fødd | 30. mai 1966 (58 år) | ||
Fødestad | Vest-Berlin i Vest-Tyskland | ||
Høgd | 166 cm | ||
Posisjon | Midtbanespelar | ||
Seniorkarriere* | |||
År | Lag | Kampar | (Mål) |
1984–1990 | FC Köln | 149 | (17) |
1990–1991 | Juventus | 32 | (1) |
1991–1994 | Roma | 88 | (11) |
1994–1998 | Karlsruher | 118 | (28) |
1998–1999 | Borussia Dortmund | 18 | (2) |
1999–2003 | 1860 München | 115 | (21) |
2003–2004 | Austria Salzburg | 19 | (1) |
Landslag | |||
1988–2000 | Tyskland | 101 | (11) |
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga |
Midtbanespelaren Häßler spelte 101 landskampar for (Vest-)Tyskland i tida 1988-2000, og var med i samtlege seks meisterskapsturneringane i åra frå VM 1990 til EM 2000. Allereie i VM i fotball 1990 opplevde han å verte verdsmeister då Vest-Tyskland slo Argentina 1-0 i ein sjansefattig finale. To år seinare var Häßler ein av dei mest framståande aktørane i EM i fotball 1992, men kunne ikkje hindre at Danmark slo Tyskland 2-0 i finalen. Derimot lukkast han verte europmeister då Tyskland vann EM-finalen 1996 på såkalla «golden goal». Frisparkspesialisten Häßler skåra 11 landslagsmål.
På klubbnivå var Häßler innom sju ulik klubbar i tre land i tidsromet 1984-2004. Lengst spelte han for FC Köln (1984-90), AS Roma (1991-94), Karlsruhe (1994-98) og 1860 München (1999-2003). Med Köln deltok han i UEFA-cupfinalen i 1986, der det vart tap, og han fekk seriesølv med laget både i 1989 og 1990. Sidan måtte han bokføre tap i den italieneske cupfinalen 1993 med AS Roma og i den tyske cupfinalen 1996 med Karlsruhe.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Thomas Häßler» frå Wikipedia på tysk, den 8. juni 2016.