Thomas Høeg

norsk politikar

Thomas Arbo Høeg (21. november 185213. februar 1930) var ein norsk skipsreiar og politikar frå Drammen. Han representerte valkrinsen Holmestrand, Horten, Tønsberg, Sandefjord, Larvik og partiet HøgreStortinget perioden 1922–1924. Botanikaren Ove Arbo Høeg var son hans.[1]

Thomas Høeg
Fødd21. november 1852
Drammen kommune
Død13. februar 1930 (77 år)
Statsborgar avNoreg
PartiHøgre
Yrkepolitikar
BarnOve Arbo Høeg, Fritz Høeg
Alle verv

Thomas Høeg var frå 1876 fullmektig i reiarlaget Knutsen & Herlofson i Larvik. Etter reiarlaget gjekk konkurs i 1886 vidareførte han drifta under namnet Ths. Høeg & Co A/S. Firmaet dreiv både reiarlag, skipsmeklar- og kolforretning, dampskipsekspedisjon, is- og tømmertransport. Høeg styrte fleire av desse forretningane heilt til han døydde.[1]

Høeg var medlem av bystyret i Larvik frå 1893 til 1925.[1] Han var ordførar 1905–07 og varaordførar 1914–19.[1] Ved stortingsvalet 1921 stod han på tredjeplass på Høgre-lista for byane i Vestfold, og vart innvald med god margin. På Tinget var han nestformann i Protokollkomiteen.[1]

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 «Thomas Arbo Høeg – lokalhistoriewiki.no», lokalhistoriewiki.no, henta 19. mars 2023