Thomas Henrik Hammer

Norske sorenskrivar

Thomas Henrik Hammer (10. juli 181516. februar 1900) var ein norsk embetsmann frå Toten. Han var stortingsmann frå Stavanger amt 1859-61.

Thomas Henrik Hammer
Fødd 10. juli 1815
Toten
Død

16. februar 1900
Eigersund kommune

Yrke politikar, jurist

Hammer var son av Abraham Falck Hammer (1781–1837), landhandlar på Rogneby i Østre Toten. Sjølv studerte han jus og vart cand.jur. i 1839. Der etter var han sorenskrivarfullmektig i Jæren og Dalane til han i 1860 vart sorenskrivar i Indre Sogn. Sidan hadde han tilsvarande embete i Dalane frå 1869, og var dessutan magistrat og politimeister i Egersund.

I 1850-åra var Hammer medlem av bystyret i Egersund. Stortinget 1859-60 representerte han Stavanger amt, medan han på Stortinget 1865-66 var fyrste varamann frå Nordre Bergenhus amt. 1859-60 var han sekretær i Justiskomité nr. 1.

Hammer døydde i Egersund i sitt 85. år. Han var tildelt St. Olavs orden.

KjelderEndra