Thomas Mellin-Olsen

Thomas Mellin-Olsen (fødd 8. november 1977) er ein tidlegare friidrettsutøvar frå Bergen som vann gullmedaljen i lengdehopp i samtlege fire noregsmeisterskap i åra 2002-05. Elles utmerkte han seg som ein habil 100-meterløpar. Han var medlem i Gular.

Thomas Mellin-Olsen
Statsborgarskap Noreg
Fødd 8. november 1977 (46 år)
Idrett friidrett

Karriere endre

Allereie i sitt syttande år hoppa Mellin-Olsen 7,16 meter i lengdegropa. Dei komande åra satsa han på 100 meter, der han som best fekk notert 10,39 sekund ved eit stemne i Uddevalla den 24. juli 1999. Etter 2000 konsentrerte han seg om lengdehopping. 22. juli 2002 vann han lengde-øvinga under europacup for landslag i slovakiske Banská Bystrica med eit hopp som målte 7,91 meter, hans livs lengste. Tre veker seinare kvalifiserte han seg til EM-finalen i München med eit hopp på 7,85 m. I finalen vart han tolvte- og sistemann med sine 7,57 m. Veka etter vart han norsk meister i øvinga for fyrste gong, ein prestasjon han gjentok dei neste tre åra.

Medaljar i noregsmeisterskap endre

  • 1997 i Overhalla: Bronse på 100 m – 10,68
  • 1999Byrkjelo: Bronse på 100 m – 10,77
  • 2002 i Sandnes: Gull i lengdehopp – 7,79 m, framom Arjan Bos (7,47 m)
  • 2003 i Fredrikstad: Gull i lengdehopp – 7,68 m, framom Bjarte Holmelid (7,43 m)
  • 2004 i Florø: Gull i lengdehopp – 7,43 m, framom Lars Eric Sæther (7,21 m)
  • 2005 i Fana: Gull i lengdehopp – 7,57 m, framom Benjamin Jensen (7,53 m). Bronse på 100 m – 10,70
  • 2006 i Oslo: Bronse i lengdehopp – 7,18 m

Personlege rekordar og årsbeste endre

År 2001 2002 2003 2004 2005 2006
Lengde 7,42 7,91 7,63 7,80 å 7,67 å 7,18

Kjelder endre