Thorir Hergeirsson
handballtrenar
Þórir Hergeirsson (norsk: Thorir Hergeirsson) (fødd 27. april 1964) er ein islandsk handballtrenar som er trenar for det norske kvinnelandslaget i handball. Han tok over stillinga etter Marit Breivik i 2009, men hadde då vore assistenttrenar sidan sommaren 2001.
Thorir Hergeirsson | |
Statsborgarskap | Island |
Fødd | 27. april 1964 (60 år) Selfoss |
Yrke | handballtrenar |
Thorir Hergeirsson på Commons |
Hergeirsson flytte til Noreg i 1986 for å studera ved Norges Idrettshøgskole. Han starta karrieren sin som juniortrenar i Fredensborg/Ski. Seinare trena han Elverum håndball og Gjerpen idrettsforening før han kom til Norges Håndballforbund som trenar for juniorlandslaget.
Med Hergeirsson som trenar har landslaget vunne VM-bronse i 2009, EM-gull i 2010, VM-gull i 2011 og OL-gull under sommar-OL 2012 i London.
Hergeirsson er busett på Klepp på Jæren, er gift og har tre born.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Thorir Hergeirsson» frå Wikipedia på bokmål, den 30. august 2012.