Opna hovudmenyen
Thrillington
Studioalbum av Paul McCartney
Utgjeve 29. april 1977 (Storbritannia)
17. mai 1977 (USA)
Innspelt Juni 1971
Studio Abbey Road Studios, London
Sjanger Easy listening, jazz
Lengd 44:50
Selskap Regal Zonophone (Storbritannia)
Capitol (USA)
Produsent Percy «Thrills» Thrillington
Paul McCartney-kronologi
Wings over America
(1976)
Thrillington London Town
(1978)


Thrillington er eit album frå 1977 av Paul McCartney, under pseudonymet Percy «Thrills» Thrillington. Heile albumet består av instrumentale versjonar av songane frå Paul og Linda McCartney sitt album Ram frå 1971.

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic3/5 starsStar full.svgStar full.svgStar empty.svgStar empty.svg[1]
MusicHound2/5[2]
Rolling Stoneunfavourable [3]

HistorieEndra

Albumet vart spelt inn i juni 1971 - med McCartney som produsent - og var meint å kome ut kort tid etter. Arrangøren Richard Anthony Hewson vart spurt om å orkestrere albumet før Ram hadde kome ut.[4] Då Paul og Linda valte å skipe Wings, vart albumet lagt på hylla.

I førebuinga av Thrillington, fann McCartney opp Percy Thrillington, og laga annonsar i forskjellige musikktidsskrift i Storbritannia for å skape blest rundt Thrillington.

Albumet kom ut i april 1977 og namnet til McCartney vart berre nemnt i omslaget som ein ven av Percy. Thrillington gjekk stort sett under radaren då det kom ut, men fekk ei melding i magasinet Rolling Stone.[5] Det vart raskt kjend at det var McCartney som arbeidde under eit pseudonym og albumet vart eit samlarobjekt. McCartney innrømde rolla si for journalisten Peter Palmiere på ein pressekonferanse i Los Angeles den 27. november 1989 under verdsturneen hans.

InnhaldEndra

Alle songar er skrivne av Paul og Linda McCartney, utanom der andre er nemnde. 

Side ein
# Tittel Lengd
1. «Too Many People»   4:31
2. «3 Legs»   3:41
3. «Ram On»   2:49
4. «Dear Boy»   2:50
5. «Uncle Albert/Admiral Halsey»   4:56
6. «Smile Away»   4:39
Side to
# Tittel Lengd
7. «Heart of the Country»   2:27
8. «Monkberry Moon Delight»   4:36
9. «Eat at Home»   3:28
10. «Long Haired Lady»   5:44
11. «The Back Seat of My Car»   4:51

MedverkandeEndra

MusikararEndra

ProduksjonEndra

KjelderEndra

  1. ThrillingtonAllmusic
  2. Gary Graff & Daniel Durcholz, MusicHound Rock: The Essential Album Guide, Visible Ink Press (Farmington Hills, MI, 1999), s. 731.
  3. Swenson, John. «The rock heard 'round the world» Rolling Stone 30. juni 1977: 94, 97
  4. Sounes, Howard (2010). Fab: An Intimate Life of Paul McCartney. London: HarperCollins. s. 284. ISBN 9780007321551. 
  5. «Random Notes» Rolling Stone 2. juni 1977: 37
  6. «Thrillington,» by Matt Hurwitz, Good Day Sunshine Magazine, 1995
  7. Richard Hewson, personal interview with Matt Hurwitz, July 2015