Opna hovudmenyen
London Town
Studioalbum av Wings
Utgjeve 31. mars 1978
Innspelt Februar 1977 – januar 1978
Studio Abbey Road Studios og AIR Studios i London; Waterlemon CayJomfruøyane (ombord yachten «Fair Carol»)
Sjanger Rock
Lengd 51:29
Selskap Parlophone (Storbritannia)
Capitol (USA)
Produsent Paul McCartney
Wings-kronologi
Thrillington
(1977)
London Town Wings Greatest
(1978)
Singlar frå London Town
  1. «With a Little Luck»
    Utgjeve: 20. mars 1978
  2. «I've Had Enough»
    Utgjeve: 12. juni 1978
  3. «London Town»
    Utgjeve: 21. august 1978

London Town er det sjette studioalbumet til Wings, gjeve ut i 1978. Prosessen med å få i stand albumet var lang og vanskeleg og to bandmedlemmar slutta. Eit resultat av innspelinga var singelen «Mull of Kintyre», som var den bestseljande singelen i britisk historie til då.

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic4/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar empty.svg[1]
Robert Christgau(B)[2]
The Essential Rock Diskografi5/10[3]
MusicHound2/5[4]
Q2/5 starsStar full.svgStar empty.svgStar empty.svgStar empty.svg[5]
Rolling Stone(positiv)[6]
The Rolling Stone Album Guide2/5 starsStar full.svgStar empty.svgStar empty.svgStar empty.svg[7]

Innhaldsliste

HistorieEndra

Etter det kommersielle høgdepunktet i 1976 med Wings at the Speed of Sound og den suksessrike Wings Over the World-turneen, planla Paul McCartney eit liknande år for 1977. Men det gjekk ikkje heilt som planlagt.

I februar 1977 byrja Wings innspelingane i Abbey Road Studios, som heldt fram til slutten av mars. Her spelte Wings inn dei fem songane «Girls' School», «Name and Address», «London Town», «Children, Children» og Linda McCartney sin «B-Side to Seaside», som seinare vart B-sida til singelen «Seaside Woman» (gjeve ut under namnet «Suzy and the Red Stripes»).[8] Den første planen var å turnere USA, men dette vart stoppa då Linda oppdaga ho var gravid med det tredje barnet til ho og Paul. Då dei forstod at dei ikkje kom til å turnere, såg dei seg om etter stader å spele inn musikk, og Wings drog til yachten «Fair Carol» på Jomfruøyane i mai 1977 der dei spelte inn fleire nye songar. Den første arbeidstittelen var Water Wings. Då Linda McCartney kom langt ut i svangerskapet, tok bandet ein pause frå innspelinga, men hadde ein ny song klar, «Mull of Kintyre» som kom ut i november det året i lag med «Girls' School». Dette vart den einaste utgjevinga deira i 1977.[9]

Før singelen kom ut, slutta trommeslagaren Joe English då han hadde heimlengsel til Amerika[10] og reiste heim att. Sologitaristen Jimmy McCulloch slutta Wings for å bli med Small Faces i september det året. For første gongen sidan 1973 og Band on the Run, var Wings ned til kjernen på tre medlemmar med Paul og Linda McCartney og Denny Laine.

I november, to månader etter sonen James var fødd, og kort tid etter innspelinga for London Town heldt fram, vart den skotske hyllesten «Mull of Kintyre» gjeven ut til stor suksess og vart den mestseljande singelen i Storbritannia fram til då, og slo rekorden til The Beatles sin «She Loves You».[11] Sjølv om han vart forbigått i 1984 av Band Aid, er «Mull of Kintyre» framleis den fjerde mestselde singelen i Storbritannia, og den mestselde av singlar som ikkje var til inntekt for veldedige føremål.

Etter nokre siste innspelingar i januar 1978, var London Town fullført og singelen «With a Little Luck» kom ut i mars, og gjekk til topps i USA,[12] medan albumet kom ut ei veke seinare. Albumet inneheld songen «Girlfriend» som òg vart spelt inn av den amerikanske popstjerna Michael Jackson i 1979 på albumet hans Off the Wall. London Town fekk generelt god kritikk og selde godt. Det nådde fjerdeplassen på albumlista i Storbritannia og andreplassen i USA, der det selde over ein million eksemplar til platinaplate. Men etter ein sterk start, stoppa salet opp og dei neste singlane, «I've Had Enough» og tittelsporet, vart berre mindre hittar. Pønken hadde oppstått på denne tida, og bidrag nok til at albumet selde mindre enn tidlegare Wings-album, men London Town vert i dag rekna som slutte på den kommersielle gullalderen til Wings.

Paul McCartney var visstnok misnøgd med Capitol Records i USA, der «Mull of Kintyre» hadde seld dårleg, for den dårlege marknadsføringa av London Town. Då kontrakten hans tok slutt, signerte han for Columbia Records for Nord-Amerika, mens han vart verande på EMI elles i verda. I 1984 kom han attende til Capitol i USA.

I 1993 vart London Town nymastra og gjeve ut på CD som ein del av serien «The Paul McCartney Collection». «Mull of Kintyre» og B-sida «Girls School» vart gjevne ut som bonusspor.

InnhaldEndra

Alle songar er skrivne av Paul McCartney, utanom der andre er nemnde. 

Side ein
# Tittel Lengd
1. «London Town» (Paul McCartney/Denny Laine) 4:10
2. «Cafe on the Left Bank»   3:25
3. «I'm Carrying»   2:44
4. «Backwards Traveller»   1:09
5. «Cuff Link»   1:59
6. «Children Children» (McCartney/Laine) 2:22
7. «Girlfriend»   4:39
8. «I've Had Enough»   3:02
Side to
# Tittel Lengd
9. «With a Little Luck»   5:45
10. «Famous Groupies»   3:36
11. «Deliver Your Children» (McCartney/Laine) 4:17
12. «Name and Address»   3:07
13. «Don't Let It Bring You Down» (McCartney/Laine) 4:34
14. «Morse Moose and the Grey Goose» (McCartney/Laine) 6:25
Bonusspor på CD-utgåva frå 1993
# Tittel Lengd
15. «Girls' School»   4:38
16. «Mull of Kintyre» (McCartney/Laine) 4:42

MedverkandeEndra

SalslisterEndra

VekeslisterEndra

Liste (1978) Plassering
Australske Kent Music Report Chart[13] 3
Den austerrikske albumlista[14] 4
Kanadiske RPM-lista[15] 2
Den nederlandske albumlista[16] 1
Den franske SNEP-lista [17] 3
Den japanske Oricon-lista [18] 4
Den newzealandske albumlista[19] 4
Den norske VG-lista[20] 2
Den spanske albumlista[21] 9
Den svenske albumlista[22] 4
UK Albums Chart[23] 4
US Billboard 200[24] 2
US Cashbox albums chart[25] 2
US Record World albums chart[25] 2
Den vesttyske Media Control-lista[26] 6

ÅrslisterEndra

Liste (1978) Plassering
Den australske albumlista[13] 25
Den austerrikske albumlista[27] 12
Den kanadiske albumlista[28] 22
Den nederlandske albumlista[29] 16
Den franske albumlista[30] 11
Den japanske albumlista[31] 45
UK Albums Chart[32] 24
U.S. Billboard 200[33] 56

Salstrofé og salstalEndra

Region Salstrofé Salstal
Frankrike (SNEP)[34] Gull 265 800[35]
Tyskland (BVMI)[36] Gull 250 000^
Japan (Oricon Charts) 86 000[18]
Nederland (NVPI)[37] Platina 100 000^
Storbritannia (BPI)[38] Gull 100 000^
USA (RIAA)[39] Platina 1 000 000^

^salstala er basert på sertifiseringa aleine

KjelderEndra

  1. Erlewine, Stephen Thomas. London Town av WingsAllmusic. Henta 21. mai 2018.
  2. «Robert Christgau: Album: Wings». Henta 21. mai 2018. 
  3. Strong, Martin C. (2006). The Essential Rock Diskografi. Edinburgh, UK: Canongate. s. 696. ISBN 978-1-84195-827-9. 
  4. Gary Graff & Daniel Durchholz (eds), MusicHound Rock: The Essential Album Guide, Visible Ink Press (Farmington Hills, MI, 1999), s. 731.
  5. Nicol, Jimmy (October 1993). «Re-releases: Paul McCartney The Paul McCartney Collection». Q. s. 119. 
  6. Maslin, Janet (15. juni 1978), «Music Reviews : London Town by Wings», Rolling Stone, arkivert frå originalen 2009-11-17, henta 21. mai 2018 
  7. «Paul McCartney: Album Guide». rollingstone.com. Arkivert frå originalen 4. juli 2014. Henta 21. mai 2018. 
  8. Luca Perasi, Paul McCartney: Recording Sessions (1969–2013), L.I.L.Y. Publishing, 2013, ISBN 978-88-909122-1-4, s. 150–153.
  9. McCartney: Songwriter ISBN 0-491-03325-7 s. 121
  10. McCartney: Songwriter ISBN 0-491-03325-7 s. 121
  11. McCartney: Songwriter ISBN 0-491-03325-7 s. 121
  12. McCartney: Songwriter ISBN 0-491-03325-7 s. 122
  13. 13,0 13,1 Kent, David (1993). Australian Chart Book 1970–1992. St Ives, NSW: Australian Chart Book. ISBN 0-646-11917-6. 
  14. «austriancharts.at Wings - London Town». Hung Medien (på tysk). Henta 21. mai 2018. 
  15. «Top Albums/CDs - Volume 29, No. 13» (PHP). RPM. 24. juni 1978. Henta 21. mai 2018. 
  16. «dutchcharts.nl Wings - London Town». Hung Medien, dutchcharts.nl (på nederlandsk). MegaCharts. Henta 21. mai 2018. 
  17. «InfoPlate : Tous les Albums classés par Artiste > Choisir Un Artiste Dans la Liste : Wings». infodisc.fr. Arkivert frå originalen 21. mai 2018. Henta 21. mai 2018. 
  18. 18,0 18,1 Oricon Album Chart Book: Complete Edition 1970–2005. Roppongi, Tokyo: Oricon Entertainment. 2006. ISBN 4-87131-077-9. 
  19. «charts.org.nz - Wings - London Town». Hung Medien, charts.org.nz. Recording Industry Association of New Zealand. Henta 21. mai 2018. 
  20. «norwegiancharts.com Wings - London Town». Hung Medien, norwegiancharts.com. VG-lista. Henta 21. mai 2018. 
  21. Salaverri, Fernando (September 2005). Sólo éxitos: año a año, 1959–2002 (1st utg.). Spain: Fundación Autor-SGAE. ISBN 84-8048-639-2. 
  22. «swedishcharts.com Wings - London Town». Hung Medien, swedishcharts.com (på svensk). Sverigetopplistan. Henta 21. mai 2018. 
  23. «Artist: Paul McCartney». Official Chart Company. Henta 3. november 2013. 
  24. London Town av WingsAllmusic
  25. 25,0 25,1 McGee, Garry (2003). Band on the Run: A History of Paul McCartney and Wings. Lanham, MD: Rowman & Littlefield. s. 233. ISBN 978-0-87833-304-2. 
  26. «Album Search: Wings» (på German). Media Control. Henta 21. mai 2018. 
  27. «Austriancharts.st - Jahreshitparade 1978» (på tysk). Hung Medien. Arkivert frå originalen 29. oktober 2009. Henta 21. mai 2018. 
  28. «RPM Top 100 Albums of 1978». RPM. 30. desember 1978. Henta 21. mai 2018. 
  29. «Dutch charts jaaroverzichten 1978». Dutchcharts.nl. Henta 21. mai 2018. 
  30. «Les Albums (CD) de 1978 par InfoPlate» (på fransk). infodisc.fr. Arkivert frå originalen (PHP) 11. juli 2013. Henta 21. mai 2018. 
  31. «1978年間アルバムヒットチャートTop50【PRiVATE LiFE】年間ランキング». Entamedata.web.fc2.com. Henta 1. juni 2016. 
  32. «Archived copy». Arkivert frå originalen 11. januar 2012. Henta 16. september 2013. 
  33. «Archived copy». Arkivert frå originalen 31. desember 2012. Henta 1. mars 2011. 
  34. «French album salstrofé – Wings – London Town» (på fransk). Syndicat National de l'Édition Phonographique. 
  35. «Les Albums Or». infodisc.fr. SNEP. Arkivert frå originalen 1. september 2012. Henta 21. mai 2018. 
  36. «Gold-/Platin-Datenbank (Wings; 'London Town')» (på tysk). Bundesverband Musikindustrie. 
  37. «Dutch album salstrofé – Wings – London Town» (på nederlandsk). Nederlandse Vereniging van Producenten en Importeurs van beeld- en geluidsdragers. 
  38. «British album salstrofé – Wings – London Town». British Phonographic Industry.  Enter London Town in the field Search. Select Title in the field Search by. Select album in the field By Format. Click Go
  39. «American album salstrofé – Wings – London Town». Recording Industry Association of America.  If necessary, click Advanced, then click Format, then select Album, then click SEARCH