Adaptivt immunforsvar

(Omdirigert frå Tileigna immunitet)

Adaptivt eller tileigna immunforsvar er den delen av immunforsvaret hjå ryggradsdyr som tilpassar seg dei spesifikke patogena som kjem inn i kroppen, til skilnad frå det medfødde immunforsvaret. Det er danna av B-seller, T-seller og antistoff.

Antistoffmolekyl

Det adaptiver immunforsvaret er sterkare enn det medfødde, men treng fleire dagar frå den fyrste kontakten med patogenet før det gjer seg gjeldande. Då vil utvalde B- og T-seller ha mogna og øksla seg ved selledeling til ein sterk og fokusert immunrespons som er nøye tilpassa patogenet. Ein annan viktig eigenskap med det apative immunforsvaret er det immunologiske minnet. Det adaptive immunforsvaret kan verka snøggare og sterkare ved seinare infeksjonar av det same patogenet, noko som er grunnlaget for vaksinering.

Alle artar med eit adaptivt immunforsvar har eit vevskompatibiltetskompleks (MHC) som avgjer om to individ kan motta transplantasjon frå kvarandre.[1]

Kjelder endre

«immunsystemet» av Tor Brynjar Stuge i Store medisinske leksikon, snl.no. Henta 11. august 2020.

  1. Harvey Lodish, Arnold Berk, Chris A. Kaiser, Monty Krieger, Anthony Bretscher, Hidde Ploegh, Angelika Amon, Kelsey C. Martin (2016). Molecular Cell Biology (8 utg.). W. H. Freeman. s. 1104. 
  Denne biologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.