Tilloøyane (russisk Острова Тилло; Ostrova Tillo) er ei gruppe av småøyar i Karahavet i Russland. Dei ligg like utanfor kysten av Tajmyrhalvøya i Sibir og er dekte av tundravegetasjon. Dei fleste øyane ligg berre 3–4 km frå kysten.

Plasseringa til Tilloøyane og Bukhta Voskresenskogo på kysten av Karahavet.
Tilloøyane utanfor Bukhta Voskresenskogo

Den største øya i gruppa er Usatsjøya[treng kjelde], òg kalla Tilloøya[treng kjelde]. Ho er 7 km lang og nesten 2 km på det breiaste i aust. Det er ein innsjø på sørsida i vest, som berre er skild frå havet av ei smal landtunge. Øya ligg ved munningen av ei grunn bukt kalla Bukhta Voskresenskogo. Bukta grensar i vest til Poljarnikhalvøya.

Havet omkring Tilløyane er dekt av fast is om vinteren, som er lang og bitter. Sjølv om sommaren er det isflak i havet omkring, så dei er landfaste med kontinentet det meste av året.

Øyane høyrer til Krasnojarsk kraj og er ein del av Det store arktiske statlege naturreservatet, det største naturreservatet i Russland og Europa.

Historie endre

Tilloøyane vart utforska av den arktiske geologen og vitskapsmannen baron Eduard Toll under den russiske polekspedisjonen på skipet «Zarja» i 1900-1902. Ekspedisjonen var finansiert av Det russiske vitskapsakademiet og skulle utforske nordkysten av Russland.

Øygruppa er kalla opp etter Oleksij Tillo (fødd i Kiev i 1839), ein framståande ukrainsk geograf, kartograf og landmålar.

Kjelder endre

Sjå òg endre

75°35′N 89°31′E / 75.583°N 89.517°E / 75.583; 89.517