62°09′12.4″N 6°57′12.0″E / 62.153444°N 6.953333°E / 62.153444; 6.953333


Timbjørgane, òg kalla Tindbjørgane eller Tynnbjørgane, matrikkelgard nr 94 i Stranda kommune, er ein nedlagt gard ved Sunnylvsfjorden i Møre og Romsdal fylke.

Om namnet: Oluf Rygh[1] trur at den opphavlege namneforma var timbrbjørgane og hadde samanheng med at folk hogg timber (tømmer) der. Den rettaste, opphavlege namneforma er truleg Timbjørgane, og kombinasjonen av dei norrøne orda timbr og bjarg, vil gi namnetydinga: tømmerberga.

Garden ligg om lag 560 moh, ved Timbjørgnuten (sjå bilete), vegen opp frå fjorden er særs tungvint og går gjennom vanskeleg lende. Det var langt til næraste granne som var fjordgarden Inste Åkernes, om lag 2,5 km lenger nord. På motsett side av fjorden ligg øydegardane Almane og Furnes. I fjellheimen bakanfor Timbjørgane er Rundefjellet (1213 moh) det mest dominerande. Gardshusa er lokalisert på to stader: dei eldste husa frå 1600-talet låg på nedsida av Timbjørgnuten (mot fjorden), medan oppsitjarane som kom der på 1800-talet bygde nye hus ved ei glenne på oppsida av nuten. På begge stadane er berre restar murane synlege i dag. Levevegen på Timbjørgane var krøterhald og veiding.

Ein trur at det kan ha vore fredlause som tidlegast hadde tilhald på staden. Den første brukaren ein kjenner til, var på garden før 1660[2]. I 1771 låg garden truleg øyde, og presten Hans Strøm nemner i «Beskrivelse over Fogderiet Søndmør»[3] at i tida omkring 1766 var «Tindbiørg - En øde Gaard som og skrives Tonbierg». Etter å ha lege ubrukt i meir enn 50 år, kom det ny brukar i 1813. Ein gong på slutten av 1800-talet vart garden på nytt fråflytta og sidan har der ikkje budd folk.

I fjellheimen ved Timbjørgane var i eldre tid den største bjørnestamma på Sunnmøre, og folket på garden var mykje plaga av bjørn og det var heller ikkje fritt for ulv.

Timbjørgane ligg i verdsarvområdet Vestnorsk Fjordlandskap[4] som vart innskrive på UNESCO si Verdsarvliste 14. juli 2005, og staden høyrer òg inn under Geiranger-Herdalen landskapsverneområde[5].

Garden har gitt namn til bokforlaget Timbjørgane (Arild Flydal).

Referansar endre

  1. «Norske Gaardnavne» av Oluf Rygh (Oslo, Børsum, 1969)
  2. Sunnylven og Geiranger 2: Gard og ætt (om Timbjørgane: side 407-409) Stranda sogelag 1993.
  3. Physisk og Oeconomisk Beskrivelse over Fogderiet Søndmør av Hans Strøm (1766) - side 296
  4. Verdsarv Vestnorsk Fjordlandskap
  5. Geiranger-Herdalen Landskapsvernområde

Bakgrunnsstoff endre