Time Vaults
Time Vaults Samleplate av Van der Graaf Generator | ||
Utgjeve | 1982 | |
Innspelt | Crowborough 1972, Ross-on-Wye 1972, Rockfield 1973/1974 og Norton Canon 1975 | |
Sjanger | Progressiv rock | |
Lengd | 45:18 | |
Selskap | Sofa Sound (opphavleg kassett SS3) | |
Van der Graaf Generator-kronologi | ||
---|---|---|
Vital (1978) |
Time Vaults | Maida Vale (1994)
|
Time Vaults er eit samlealbum av Van der Graaf Generator. Det kom opphavleg berre ut på kassett i 1982, nesten fire år ette rVan der Graaf Generator vart oppløyst i 1978. Seinare vart det gjeve ut på vinyl og i 1992 kom det på CD.
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
Allmusic | [1] |
Albumet inneheld unytta opptak og øvingsopptak frå perioden 1972 til 1975, då bandet hadde ein pause. Innspelingane «har ikkje studiokvalitet»[2], og somme av dei har ganske dårleg lyd med støy. Mellom anna inneheld albumet opptak frå dei første øvingane til Van der Graaf Generator då dei var komen saman att i 1975, som «Rift Valley». Øvingsversjonane av «Roncevaux» og «Black Room» er frå opptak i 1972, og var opphavleg meint for innspeling for det neste albumet deira i 1972.
«Coil Night» vert framført med Peter Hammillpå bassgitar og David Jackson på piano. Tittelsporet «Time Vaults» bestod av fleire stykke som ikkje var gjevne ut før blanda med studioprat. Ein annan versjon av «Black Room» kom ut på soloalbumet til Peter Hammill, Chameleon in the Shadow of the Night. «Faint and Forsaken» er ein kombinasjon av instrumentalpartiet i «Forsaken Gardens» og «Faint-Heart and the Sermon», og versjonar av desse kom ut på Hammill-albuma The Silent Corner and the Empty Stage og In Camera.
Innhald
endreNr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «The Liquidator» | Hammill | 5:24 |
2. | «Rift Valley» | Hammill, Jackson, Evans | 4:40 |
3. | «Tarzan» | Hammill, Jackson, Evans, Banton | 2:09 |
4. | «Coil Night» | Jackson | 4:12 |
5. | «Time Vaults» | ikkje oppført | 3:33 |
6. | «Drift (I Hope It Won't)» | Banton | 2:40 |
7. | «Roncevaux» | Hammill | 6:55 |
8. | «It All Went Red» | Hammill | 4:07 |
9. | «Faint and Forsaken» | Hammill | 2:45 |
10. | «Black Room» | Hammill | 8:52 |
Medverkande
endre- Van der Graaf Generator
- Peter Hammill – vokal, gitar, piano, bass
- David Jackson – saksofon, piano
- Hugh Banton – orgel, bass
- Guy Evans – trommer
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Time Vaults» frå Wikipedia på engelsk, den 29. juli 2020.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Prato, Greg (2011). «Time Vaults - Van der Graaf Generator | AllMusic». allmusic.com. Henta 3. juli 2011.
- ↑ Notat i plateomslaget av Peter Hammill for «Time Vaults», cd (1992). Thunderbolt.