Vital av Van der Graaf Generator

Wikimedia-fleirtydingsside
Vital: Van der Graaf Live
Konsertalbum av Van der Graaf
Utgjeve Juli 1978
Innspelt 16. januar 1978
Spelestad Marquee Club i London
Sjanger Progressiv rock
Lengd 86:14
Selskap UK Charisma Records
USA PVC Records
Produsent Guy Evans
Van der Graaf-kronologi 
The Quiet Zone/The Pleasure Dome
(1977)
Vital: Van der Graaf Live Time Vaults
(1982)


Vital: Van der Graaf Live er det første konsertalbumet til det engelske progressive rockebandet Van der Graaf Generator. Det vart spelt inn 16. januar 1978 på Marquee Club i London og gjeven ut i juli, ein månad etter bandet vart oppløyst i 1978.[2] Albumet (først på vinyl og sidan på CD), vart gjeven under det forkorta namnet Van der Graaf, slik albumet The Quiet Zone/The Pleasure Dome frå året før var blitt gjort, og har den same besetninga, i tillegg til nykommaren Charles Dickie på cello og klaverinstrument, som offisielt kom inn i bandet i august 1977[2] og den originale saksofonisten og fløytisten David Jackson, som kom inn i bandet for denne innspelinga.

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic3/5 stars [1]

Albumet er kjend for stundom radikale omarbeidde versjonar av eldre materiale. Sjølv om Van der Graaf Generator sjeldan var mindre enn intense på scenen, var dei særskild kjend for villskapen på turneane deira i 1977 og 1978. Utan Hugh Banton, som med orgelet sitt hadde vore ein viktig del av lydbiletet til bandet før han slutta i 1976, gjorde frontmannen Peter Hammill meir av seg på rytmegitar, noko som bidrog til denne villskapen.

Bakgrunn endre

Van der Graaf Generator spelte dei første konsertane sine med denne besetninga den 20. februar 1977 i Roundhouse i London. Etter ein europeisk turné med bandkollegaene på Charisma Records, Hawkwind og ein konsert på Brunel University den 25. mars, brukte bandet den neste månaden på å spele inn det neste albumet sitt, The Quiet Zone/The Pleasure Dome, i Foel, Rockfield og Morgan studio.[2] Etter to konsertar på Ibiza, vart cellisten Charles Dickie med i besetninga i august. Dickie debuterte med Van der Graaf i september på Scheeßel-festivalen. For resten av 1977 turnerte bandet i Portugal, Belgia, Storbritannia, Frankrike, Sveits og Tyskland.[2][3]

Etter dette hadde dei planlagt to konsertar på Marquee Club i London den 15. og 16. januar 1978, og David Jackson, som hadde slutta nesten nøyaktig eitt år tidlegare av økonomiske, personlege og musikalske årsaker, vart invitert med på desse konsertane.[2] Som gjesteartist spelte berre Jackson på den andre halvdelen av konserten, men då dei to første songane («Cat's Eye/Yellow Fever» og «The Sphinx in the Face») ikkje var med på albumet, var det berre fire songar att på Vital, der han ikkje er med.

Innspeling endre

Det vart nytta ein 24-spors mobil opptakar for å spele inn den andre konserten til Van der Graaf på Marquee stint, og Guy Evans brukte desse opptaka til å mikse det som vart Vital i Foel Studio.[2] På denne tida turnerte Peter Hammill i Amerika og fullførte det neste soloalbumet sitt, The Future Now (1978).[2] Evans oppdaga eit teknisk problem med lydbanda. Jackson sa dette: «På grunn av tekniske restriksjonar på innspelinga, fekk eg berre eitt av de 24 tilgjengelege spora på lydbandet. Då Guy skulle mikse plata oppdaga han at sporet mitt var heilt stille. Det hadde vore ein feil på linja til lydbandmaskinane. Guy måtte leite gjennom alle dei andre spora for å finne dei der det hadde vore lydlekkasje frå saksofonen, som på vokalsporet. Han måtte så ta ut saksofonen min, reinse det, og så skru opp lyden. Det er det du høyrer på det ferdige albumet.»[2]

Songar endre

«Ship of Fools» var B-sida til singelen «Cat's Eye» i 1977, som berre kom ut i Frankrike. Denne kom først ut på CD på samlealubmet «I Prophesy Disaster», og studioversjonen kom ut som bonusspor på The Quiet Zone/The Pleasure Dome i 2005. «Door» var ein annan song frå denne tida og eit langt ukjend studioopptak som kom ut både på The Box og igjen som bonusspor på The Quiet Zone/The Pleasure Dome. Ei studioutgåve av «Mirror Images» kom seinare ut på Peter Hammill-albumet pH7 i 1979, og «Nadir's Big Chance» var tittelsporet på studioalbumet hans med same namn frå 1975. Hammill spelte òg inn på ny «Sci-Finance» som «Sci-Finance (Revisited)» med noko endra tekst i 1988 på soloalbumet In a Foreign Town. I meldinga si for AllMusic kalla Greg Prato «Sci-Finance (Revisited)» «Talking Heads-aktig.»[4] «Urban» var ein komposisjon som stundom vart spelt i 1975 (utan den instrumentale seksjonen frå «Killer»), men var den einaste då ny songen som det ikkje er spelt inn studioversjonar av. Det nye Van der Graaf henta fram att «Urban» for vårturneen i 1977, og hadde då med seksjonen frå «Killer», før dei droppa songen for resten av året, og henta han fram att i 1978. Han er no den einaste songen på Vital som det ikkje finst studioversjonar av. «The Medley» er på eit vis eit nytt spor, skapt av ein kombinasjon av «A Plague of Lighthouse Keepers»-seksjonane «Eyewitness» og «The Clot Thickens» med andredelen av «The Sleepwalkers». Ein studioversjon av dette unike sporet vart spelt inn for John Peel i oktober 1977, og har sidan kome ut på samlealbumet After the Flood.

Studioversjonen av «Still Life» var på albumet med same namn frå 1976, ein studioversjon av «Last Frame» var på The Quiet Zone/The Pleasure Dome, og studioversjonar av «Killer» og «Pioneers Over c» opnar og avsluttar H to He, Who Am the Only One (1970). Studioversjonen av «The Sleepwalkers» er på Godbluff (1975), og studioversjonen av «A Plague of Lighthouse Keepers» er på Pawn Hearts (1971).

Innhald endre

Alle spora er skrivne av Peter Hammill, utanom der andre er nemnde.

Side ein endre

Nr.TittelStudioversjonLengd
1.«Ship of Fools»B-side til singelen «Cat's Play» (1977)6:44
2.«Still Life»Still Life (1976)9:44
3.«Last Frame»The Quiet Zone/The Pleasure Dome (1977)9:05

Side Two endre

Nr.TittelStudioversjonLengd
4.«Mirror Images»ph7 (1979)*5:51
5.«Medley: A Plague of Lighthouse Keepers / The Sleepwalkers» (Hammill, Hugh Banton, Guy Evans, David Jackson) / (Hammill)Pawn Hearts (1971) / Godbluff (1975)13:43

Side Three endre

Nr.TittelStudioversjonLengd
6.«Pioneers over c» (Hammill, Jackson)H to He, Who Am the Only One (1970)17:08
7.«Sci-Finance»In a Foreign Town (1988)*6:13

Side Four endre

Nr.TittelStudioversjonLengd
8.«Door»The Box (2000)5:30
9.«Urban / Killer / Urban» (Hammill) / (Hammill, Judge Smith, Banton) / (Hammill)ingen / H to He, Who Am the Only One (1970)8:18
10.«Nadir's Big Chance»Nadir's Big Chance (1975)*3:59

(*) soloalbum av Peter Hammill.

Utgjeving endre

Den europeiske utgjevinga var ei dobbelplate på Charisma Records, medan den amerikanske utgåva kom ut på PVC Records. Første gongen albumet kom ut på CD i Storbritannia kom det ut med same plateomslag som originalplata, men med berre side og to på plata. Det vart så gjeve ut på ny med somme av songane frå side tre og fire (utan «Sci-Finance» og «Nadir's Big Chance») og med riktig sporliste på omslaget. Heile albumet vart opphavleg gjeve ut på CD i Japan.[5][6] I 2005 kom ei ommastra versjon på dobbel-CD med alle spora frå originalplata.

Mottaking endre

Vital er blitt meldt to gonger på AllMusic. Bruce Eder[1] skreiv om CD-utgåva som manglar to spor, medan Dave Thompson[7] skreiv om nyutgjevinga frå 2005. Eder skreiv at «gruppa presenterer den rå, nærme, rett-i-trynet-måten som gjorde Van Der Graaf Generator til favorittar blant punkbanda, trass i progrockopphavet deira. Mellom den høglydte og raspete vokalen til Hammill og den knasande, overforsterka gitaren, høyrest 'Still Life', 'Door' og 'Pioneers Over c' alle nesten ut som dei er spelte av punkeband.» Begge meldingane gav Vital tre av fem stjerner.

Då albumet kom ut var meldingane generelt positive. Melody Maker kalla VdGG «eit band med nok mystikk til å halde Sherlock Holmes på saka i tre bind. Vital indikerer meir enn nokon gong den inspirerte malstraumen av bitter visjon og kontrollert naken stordom som Van der Graaf kan skape».[8] John Gill skreiv for Sounds: «Albumet fangar den mørke sjela til VdG, og festar tidlegare og noverande musikalske mareritt på vinyl».[9]

Ei negativ melding publisert i NME av John Gray sa «...sjølv endelaus ekstase kan bli keisamt.» Gray roste den nye utgåva av «Pioneers over c» som «veløvd og komplett,» og samanlikna bassen til Nic Potter med Jannick Top frå Magma, og likte noko av fiolin- og cellospelinga, men var kritisk til «fryktelege utgåver av to av dei beste songane til Hammill» («Still Life», «Last Frame»), og meinte at teksten som var fjerna frå medleyen av «A Plague of Lighthouse Keepers» og «Sleepwalkers» «gjorde dei ineffektive».[10]

Medverkande endre

Van der Graaf
Teknisk
  • Mike Dunne – lydteknikar
  • Miksa i Foel Studio i Llanfaircaereinion i Powys
  • Dave Anderson – lydteknikar
  • Guy Evans – produsent
  • Peter Hammill – eksistensiell produsent
  • Fotografi av Gordian Troeller

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre