Hugh Banton

Hugh Robert Banton (fødd april 1949[1]) er ein britisk organist og orgelbyggjar, mest kjend som medlem av gruppa Van der Graaf Generator.

Hugh Banton
Hugh Banton.jpg
Hugh Banton, organist i Van der Graaf Generator
FøddApril 1949 (71 år)
FødestadYeovil i Somerset i England
FødenamnHugh Robert Banton
OpphavStorbritannia
AktivSidan 1968
Sjangerprogressiv rock
InstrumentOrgel, bassgitar, klaverinstrument, basspedalar
Tilknytte artistarVan der Graaf Generator
Verka somOrganist, orgelbyggjar

KarriereEndra

Banton var fødd inn i ein musikalsk familie, der faren spelte piano og moren ofte song til musikk på radio. To av onklane hans var kyrkjeorganistar. Han byrja først å spele piano då han var fire, og tok pianotimar frå han var sju år gammal. I tenåra tok han timar i både klassisk piano og orgel hos organisten dr. Percy G. Saunders i Wakefield Cathedral, men han likte like godt rock 'n' roll som klassisk musikk.[2]

Etter han forlet skulen gjekk han i lære som fjernsynsteknikar hos BBC i Evesham, og så i London, før han vart medlem av Van der Graaf Generator i mai 1968 då gruppa flytta frå Manchester til London.[3] I gruppa spelte han Farfisa- og Hammondorgel, og la til ei lang rekkje effektar, som phasing, lydbandekko og forvrenging.

Frå 1970 tok han over bassistrolla i gruppa og brukte basspedalane på orgelet. Han spelte òg bassgitar på innspelingar. Han modifiserte Hammond E112-orgelet sitt slik athan kunne skilje forsterkinga med forskjellige effektar. I 1975 byrja han å byggje sitt eige orgel basert på eit Hammondorgel, men med ekstra elektroniske oscillatorar for å få ein full kyrkjeorgellyd.

Banton endra karriere i slutten av 1976 og slutta i Van der Graaf Generator for å arbeide på utviklinga, utforminga og installasjonen av elektroniske kyrkjeorgel for Makin Organs i Oldham i Lancashire, der han vart teknisk direktør. I 1992 skipa han sitt eige selskap, The Organ Workshop, i Lymm i Cheshire, og seinare i Evesham i Worcestershire. Orgela hans er digitalt genererte bølgjeformer som emulerer lyden av kyrkjeorgel og ein av spesialitetane hans er å kombinere digitale orgelstopp i vanlege vinddrivne pipeorgel, som skapar eit større hybridinstrument. Selskapet hans har installert orgel i forskjellige storleikar i både Storbritannia og utlandet.

Sidan 2005 har han spelt i eit sameina Van der Graaf Generator i lag med Peter Hammill og Guy Evans.

DiskografiEndra

SoloEndra

  • J.S. Bach - The Goldberg Variations (orgel) (2003)
  • Gustav Holst - The Planets (orgel) (2009)
  • J.S. Bach - HB plays JSB on HB3 (2019)

Van der Graaf GeneratorEndra

Andre samarbeidEndra

KjelderEndra

  1. Christopulos, J. & Smart, P. (2005), «Van der Graaf Generator - The Book» (Published by «Phil and Jim») ISBN 0-9551337-0-X, page 17
  2. «Interview with Hugh Banton by Tim Locke». 5. oktober 2001. Henta 26. juli 2020. 
  3. Christopulos, J. & Smart, P. (2005), «Van der Graaf Generator - The Book» (Published by «Phil and Jim») ISBN 0-9551337-0-X, page 18

BakgrunnsstoffEndra