Chameleon in the Shadow of the Night

Chameleon in the Shadow of the Night
Studioalbum av Peter Hammill
Utgjeve 4. mai 1973
Innspelt Februar og 1973[1]
Studio
Sjanger Progressiv rock, psykedelisk rock
Lengd 50:21
Selskap Charisma
Produsent John Anthony
Peter Hammill-kronologi
Fool's Mate
(1971)
Chameleon in the Shadow of the Night The Silent Corner and the Empty Stage
(1974)


Chameleon in the Shadow of the Night er det andre soloalbumet til den britiske musikaren Peter Hammill. Det kom ut etter at bandet til Hammill, Van der Graaf Generator, vart oppløyst og (som med mange av soloalbuma hans frå denne tida) spelte dei tidlegare medlemmane i Van der Graaf Generator på albumet.

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic3/5 starsStar full.svgStar full.svgStar empty.svgStar empty.svg[2]

InnspelingEndra

Albumet vart produsert av John Anthony i Rockfield Studios i Wales, for første gongen med førehandsinnspelte partar laga av Hammill i heimestudioet sitt i Worth. For den siste miksen vart det nytta mykje betre utstyr i Trident Studios. Albumet kom ut i mai 1973 på Charisma Records.

Somme av songane («German Overalls» og «In the End») omhandlar avgjersla til Van der Graaf Generator om å gje seg etter ein slitsam og demoraliserande turné som dei tente lite pengar på.[3] «German Overalls» nemner bandmedlemmane Hugh Banton og David Jackson.

Hammill har halde fram å spele «Easy to Slip Away» på konsertane sine fram til i dag. Songen fortel om korleis han mista kontakt med studentkompisen Mike og skodespelarinna Susan Penhaligon (som òg vart nemnt i Van der Graaf Generator-songen «Refugees»).

Den komplekse og atmosfæriske «(In the) Black Room/The Tower» var opphavleg tenkt for Van der Graaf Generator-albumet som skulle følgje Pawn Hearts, eit album som aldri vart noko av då bandet vart oppløyst.[4] Songen var alt blitt spelt av Van der Graaf Generator på scenen i 1972, og ei innspeling frå øvingar i 1972 (med dårleg lydkvalitet) kom ut på samlealbumet Time Vaults. Albumversjonen frå Chameleon in the Shadow of the Night vart spelt inn med dei tidlegare Van der Graaf Generator-medlemmane Banton, Jackson og Evans. Seinare, då bandet kom saman att i 1975 og 1976, spelte dei «(In the) Black Room» på konsertane sine, og det same gjorde dei under sameininga i 2005.

PlateomslagEndra

Plateomslaget vart designa av Paul Whitehead, som òg hadde laga omslag for Fool's Mate og for Van der Graaf Generator (The Least We Can Do is Wave to Each Other og Pawn Hearts) i tillegg til andre Charisma-artistar som Genesis (Trespass, Nursery Cryme og Foxtrot). Det syner stjerneteiknet til Peter Hammill, Skorpionen to gonger, som eit måleri av ein verkeleg skorpiono og som ein del av ein personleg logo som Hammill introduserte på dette albumet, og som kom til å vere med på mange av plateomslaga hans framover. Biletet av Hammill på framsida vart teken av Bettina Hohls i Hamburg.

InnhaldEndra

Nr.TittelLengd
Nr.TittelLengd
Nr.TittelLengd

MedverkandeEndra

TekniskEndra

KjelderEndra

  1. http://www.vandergraafgenerator.co.uk/pawnhearts/cham4.jpg
  2. Allmusic review
  3. Gallo, Armando. ««Chameleon in the Shadow of the Night» (review)». Henta 18. juli 2007. 
  4. Christopulos, J., and Smart, P.: «Van der Graaf Generator – The Book», page 174. Phil and Jim publishers, 2005. ISBN 0-9551337-0-X