Timebox
Timebox var eit engelsk psykedelisk pop-band i 1960-åra. Dei vart skipa i oktober 1965 i Southport i Lancashire.
Timebox | |||
Opphav | Southport i England | ||
---|---|---|---|
Aktiv | 1965–1970 | ||
Sjanger | Psykedelisk pop | ||
Tilknytte artistar | Patto | ||
Plateselskap | Pye, Piccadilly Records, Deram | ||
Tidlegare medlemmer | Ollie Halsall Clive Griffiths Chris Holmes Kevan Fogarty Geoff Dean Richard Henry Andy Petre Mike Patto John Halsey |
Karrriere
endreBandet heite opphavleg The Take 5 og vart skipa av vibrafonisten og seinare gitaristen Ollie Halsall, pianisten og organisten Chris Holmes, sologitaristen og vokalisten Kevan Fogarty, bassisten Clive Griffths og trommeslagaren Geoff Dean. Bandet flytta til London i oktober 1966 og arbeidde etter kort tid på pakketurnear med The Kinks, The Small Faces, Tommy Quickly og Lou Christie, i tillegg til at dei spelte fast på Whisky A Go Go. Dei fekk så ein amerikansk songar, Richard Henry, og byta namn til Timebox. I februar 1967 fekk dei kontrakt med Piccadilly Records og gav ut debutsingelen «I'll Always Love You» / «Save Your Love».
Etter dette drog Henry attende til USA og Geoff Dean pådrog seg tuberkulose og vart erstatta av Andy Petre. I april det året gav dei ut den instrumentale singelen «Soul Sauce» / «I Wish I Could Jerk Like My Uncle Cyril». Mike Patto kom så inn i bandet og tok ei framståande rolle i bandet som vokalist og låtskrivar. Då Petre slutta tok John Halsey over på trommer.
Dei spelte inn to singlar for Piccadilly, før dei fekk kontrakt med Deram i 1967. Dei spelte inn fem singlar for Deram mellom 1967 og 1969 og spelte på BBC-program som Noise at Nine, Stuart Henry on Sunday og Jimmy Young. Den einaste hitten deira på UK Singles Chart var ein coverversjon av The Four Seasons-songen «Beggin'», som nådde 38. plassen på lista i juli 1968.[1] Etter den siste singelen deira vart mislukka i 1970, slutta Chris Holmes (han vart seinare med i Babe Ruth),[2] og dei andre medlemmane fortsette under namnet Patto.
Diskografi
endreSinglar
endre- «I Will Always Love You» / «Save Your Love» (1967, Piccadilly)
- «Soul Sauce» / «I Wish I Could Jerk Like My Uncle Cyril» (1967, Piccadilly)
- «Don't Make Promises» / «Walking Through the Streets of My Mind» (1967, Deram)
- «Beggin'» / «A Woman That's Waiting» (1968, Deram)[1]
- «Girl Don't Make Me Wait» / «Gone Is the Sad Man» (1968, Deram),[3] som er gjeven ut på Nuggets II
- «You Better Run» (45) (1968, Deram)
- «Baked Jam Roll in Your Eye» / «Poor Little Heartbreaker» (1969, Deram)
- «Yellow Van» / «You've Got the Chance» (1969, Deram)
Album
endre- The Original Moose on the Loose (1976, Cosmos)
- The Deram Anthology (1998, Deram) (compilation album)
- Beggin' (2008, RPM) (compilation album)
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Timebox (band)» frå Wikipedia på engelsk, den 4. august 2019.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 Roberts, David (2006). British Hit Singles & Albums (19th utg.). London: Guinness World Records Limited. s. 560. ISBN 1-904994-10-5.
- ↑ «Babe Ruth Band Online». Baberuthband.com. Henta 4. august 2019.
- ↑ Discogs - Girl Don't Make Me Wait (1968, 7"-single)