Timiș
Timiș eller Tamiš er ei 359 km lang elv i Romania og Serbia. Ho spring ut frå Semenicfjella, sør i Karpatane i Caraş-Severin fylke i Romania. Frå her renn ho gjennom regionen Banat region og munnar ut i Donau nær Pančevo, nord i Serbia.
Timiș Tamiš (Тамиш) | |||
elv | |||
Tamiš nær Pančevo
| |||
Land | Romania, Serbia | ||
---|---|---|---|
Nedslagsfelt | 13 085 km² | ||
Renn gjennom | Sfântu Gheorghe, Râmnicu Vâlcea, Slatina | ||
Lengd | 359 km | ||
Middelvassføring | 47 m³/s | ||
Kjelde | Semenicfjella i Trei Ape i Romania | ||
• høgd | 1 440 moh. | ||
Munning | Donau, nær Pančevo i Serbia | ||
Timiș 45°12′51″N 22°08′43″E / 45.2141°N 22.1452°E | |||
Kart med Timiș innteikna
| |||
Wikimedia Commons: Timiș River |
Namn
endreElva har ei rekkje liknande namn på lokale språk: Rumensk Timiș, serbisk Тамиш eller Tamiš, tysk Temesch og ungarsk Temes. I antikken vart elva kalla Tibiscus og Tibisis.
Kjenneteikn
endreElva har eit nedslagsfelt på 13 085 km² (8085 km² i Romania, 5000 km² i Serbia). Via Donau høyrer elva til Svartehavet sitt nedslagsfelt.
Elva startar frå innsjøen Trei Ape der elvane Brebu, Grădiştea og Semenic renn ut. Etter å ha kome inn i Banat flyt ho sakte og svingar seg over slettene. I regntunge periodar fører ho ofte til flaum i dette området. Flaumen i 2005 råka særleg hardt då landsbyane Boka og Jaša Tomić fekk store skadar. I april 2005 vart elva målt 8,44 m over normalt nivå, det høgaste som er målt i elva. Våren 2007 byrja arbeidet med å vollar langs elvebreidda for å hindre fleire flaumar her.[1]
I den nedre delen er elva regulert og dei siste 53 km er det mogeleg med skipsfart. Den viktigaste hamna er industribyen Pančevo.
Sideelvar
endre241 km av elva renn gjennom Romania og her mottar ho fleire mindre sideelvar: Râul Rece, Slatina, Valea Mare, Măcicaș, Pârâul Lung, Armeniș, Sebeș, Bistra, Șurgani, Timișana, Pogăniș, Timișul Mort og Vena Mare. 118 km renn i Serbia og her mottar ho berre ei større sideelv, Brzava, som òg er den største sideelva hennar.
Byar
endreDei største byane Caransebeș og Lugoj i Romania.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Timiș River» frå Wikipedia på engelsk, den 4. juli 2008.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Mala Prosvetina Enciklopedija, Third edition (1985); Prosveta; ISBN 86-07-00001-2
- Jovan Đ. Marković (1990): Enciklopedijski geografski leksikon Jugoslavije; Svjetlost-Sarajevo; ISBN 86-01-02651-6
- Administrația Națională Apelor Române - Cadastrul Apelor - București
- Institutul de Meteorologie și Hidrologie - Rîurile României - București 1971
- Trasee turistice - județul Timiș [1]