Tina Svensson

norsk fotballspelar

Tina Svensson Grønlund (fødd 16. november 1966) er ein norsk tidlegare fotballspelar frå Verdal som vart verdsmeister med Noreg i 1995, to år etter ho vann EM-pokalen. Ho vann også VM-sølv i 1991 og OL-bronse i 1996.

Tina Svensson
Statsborgarskap Noreg
Fødd 16. november 1966 (57 år)
Levanger kommune
Idrett fotball, lengdeløp på skeiser
Tok del i

Sommar-OL 1996

Klubbspel endre

Tina Svensson var sentral på Verdal IL sitt kvinnelag i fotball til juni 1985. Ho flytta då til Asker i Akershus fylke og melde seg inn i Asker SK. Det neste tiåret var ho ein viktig forsvarsspelar eit klubblag som i perioden 1988-92 vann fire av fem seriepokalar og to gongar sigra i NM-finalen. Ved sesongslutt i 1996 la ho vekk fotballskorne.

Landslagsspel endre

Svensson var aktiv på landslaget frå 1990 til -96. Ho deltok i 1991 både i EM-finalen og VM-finalen, begge enda med norsk tap. I 1993 var ho med om å vinne europameisterskapen. To år seinare kom høgdepunktet då ho som venstreback for Noreg lukkast verte verdsmeister i Sverige. Under Sommar-OL 1996 i Atlanta var ho innbytar i bronsefinalen. Svensson spelte i 57 landskampar og skåra 11 mål.

Merittar endre

  • Verdsmeister: 1995 for Noreg
  • Europameister: 1993 for Noreg
  • VM-sølv: 1991 for Noreg
  • EM-sølv: 1991 for Noreg
  • OL-bronse: 1996 for Noreg
  • Seriemeister: 1988, 1989, 1991 og 1992 med Asker SK
  • Noregsmeister: 1990 og 1991 med Asker SK

Kjelder endre