Tirana

(Omdirigert frå Tiranë)

Tirana (albansk Tiranë) er hovudstad og den største byen i Albania. Offisielt har sjølve byen 418 495 innbyggjarar (2011), men uoffisielle overslag går så høgt som 700 000. Dei 14 tidlegare kommunane som i dag utgjer storkommunen Tirana, hadde til saman 557 422 innbyggjarar.[2] Tirana er ein kommune i regionen med same namn og er hovudstad i regionen.

Tirana
Tiranë
by
Utsyn over Skanderbeg-plassen i Tirana
Våpenskjold
Land  Albania
Region Tirana
Høgd 110 m
Areal 41,8 km²
Folketal 418 495 (1. oktober 2011)[1]
Grunnlagd 1614
Tidssone UTC +1
Kart
Tirana
41°19′44″N 19°49′04″E / 41.328888888889°N 19.817777777778°E / 41.328888888889; 19.817777777778
Tirana kommune innafor regionen Tirana
Tirana kommune innafor regionen Tirana
Tirana kommune innafor regionen Tirana
Wikimedia Commons: Tirana

Tirana vart grunnlagt av den osmanske hærføraren Sulejman Pasha i 1614. Opphavet til namnet er usikkert; ein populær teori er at han er oppkalla etter Teheran etter Sulejman si erobring av Persia.[3] I 1920 vart byen utnemnd til mellombels hovudstad, som eit kompromiss mellom dei nordlege og sørlege delane av Albania.

Administrativ inndeling

endre
 
Storkommunen Tirana etter 2014.

Den noverande kommunen vart oppretta gjennom ei admininistrasjonsreform i 2014, ved at den tidlegare bykommunen Tirana vart slått saman med landkommunane Petrelë, Farkë, Dajt, Zall-Bastar, Bërzhitë, Krrabë, Baldushk, Shëngjergj, Vaqarr, Kashar, Pezë, Ndroq og Zall-Herr.[4] Dei tidlegare landkommunane inngår no som kommunaleiningar i den nye storkommunen. Kommunen har hovudsete i Tirana.

 
Administrative einingar innafor den tidlegare bykommunen Tirana.

Den tidlegare bykommunen Tirana var delt inn i 11 administrative einingar, som i dag òg er kommunaleiningar:

Tidlegare administrativ inndeling

endre

Fram til år 2000 var den dåverande bykommunen Tirana hovudstad i distriktet Tirana.[5] Den dåverande bykommunen omfatta berre sjølve byen Tirana.[4]

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Tirana