Opna hovudmenyen

Tirat Carmel, tidlegare Ṭīrat el Lōz, (hebraisk skrift טִירַת כַּרְמֶל, arabisk طيرة اللوز), Tirat HaCarmel eller Al-Tira, er ein by i Haifa distrikt i Israel. I følgje Israelsk statistisk sentralbyrå (CBS) mot slutten av 2007 hadde byen eit folketal på 18 700.[1]

Tirat Carmel
טִירַת כַּרְמֶל
by
PikiWiki Israel - Tirat Carmel.jpg
Våpenskjold
Land Flag of Israel.svg Israel
Distrikt Haifa distrikt
Koordinatar 32°46′N 34°58′E
Areal 5,6 km²
Folketal 18 700 (2007)
Israel location map.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Tirat Carmel

Den moderne byen vart grunnlagd på staden til den arabiske landsbyen al-Tira.

Tirat Carmel fekk offisielt bystatus i 1992.

HistorieEndra

 
Gate i Tirat Carmel

Tirat Carmel er bygd på ruinane av byen al-Tira. Krossfarane kalla han St Yohan de Tire.[2] Han vart styrt av osmanarane seint i mellomalderen og renessansen og var eit jordbruksområde med kveite, geiter og anna gardsdrift.[3] Byen var kjend for produksjon av oliven og mandlar.

I 1949 vart det oppretta to innslusingssenter for jødiske immigrantar på same stad, som i 1954 vart omorganisert som ein del av kommunen Tirat Carmel.[treng kjelde]

DemografiEndra

I følgje CBS var den etniske samansetnaden i byen i 2001 99,6 % jødar og andre ikkje-arabarar, utan ein større arabisk folkesetnad.

VenskapsbyarEndra

BakgrunnsstoffEndra