Titran kapell
Titran kapell er ei åttekantkyrkje i Frøya kommune i Trøndelag.
Titran kapell | |||
kyrkje | |||
Kyrkjesamfunn | Den norske kyrkja | ||
---|---|---|---|
Bispedøme | Nidaros | ||
Prosti | Orkdal | ||
Sokn | Frøya | ||
Fellesråd | Frøya | ||
Type | åttekantkyrkje | ||
Material | tre | ||
Innvigd | 1873 (bedehus), 1912 (kapell) | ||
• Endringar | 1912 | ||
Takryttar | ja | ||
Klokker | 1, 1912 | ||
Preikestol | 1912 | ||
Døypefont | 1912 | ||
Altartavle | Ragnvald Bjørlo (1921) e. Carl Bloch | ||
Orgel | 1990 | ||
Sitjeplassar | 200 | ||
Titran kapell 63°40′10″N 8°18′31″E / 63.6694°N 8.3087°E | |||
Wikimedia Commons: Titran kapell |
Det var kyrkje på staden på 1400-talet, men ho vart lagd ned på 1770-talet. I 1873 vart det oppført eit åttekanta bedehus som dannar kjernen i det noverande kapellet. I 1912 vart bedehuset utvida med våpenhus i vest og kor og sakristi i aust. Det vart innvigd den 12. desember same året.
Kyrkjegarden ved kapellet er lagd ned, men det finst ein nyare kyrkjegard nokre hundre meter unna. Framfor kapellet står eit minnesmerke over Titranulukka i 1899.
Kjelder
endreBakgrunnsstoff
endre- Historier.no
- Titran kapell i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren
- Rasmussen, Alf Henry (1993). Våre kirker. Norsk kirkeleksikon. Kirkenær: Vanebo forlag. s. 256. ISBN 82-7527-022-7.