Koordinatar: 61°12′53″N 6°32′41″E

Tjugum sokn var tidlegare eit kyrkjesokn i Ytre Sogn prosti i Den norske kyrkja. Soknet vart slege i hop med Kvamsøy sokn til det nye Balestrand sokn i 2000.

Tjugum sokn is located in Sogn og Fjordane
Tjugum markert på kart over Sogn og Fjordane

Tjugum sokn femnde området som soknar til Tjugum kyrkje, og omfatta mellom anna kommunesenteret Balestrand (St. Olafs kyrkje i Balestrand høyrer til Den engelske kyrkja). Tjugum har soge som kyrkjestad til attende i mellomalderen. Den eldste kyrkja ein kjenner til på staden meiner ein vart bygd kring 1300.[1]

Tjugum kyrkje er ei åttekantkyrkje frå 1863.
Foto: Per Olav Bøyum

Fram til Balestrand kommune vart oppretta i 1850 høyrde Tjugum sokn til Leikanger prestegjeld.[2]

Fotnotar endre

Bakgrunnsstoff endre