Tolimadue

fugleart
Tolimadue
Tolimadue
Tolimadue
Utbreiing og status
Status i verda: NT Nær trugaUtbreiinga av Tolimadue
Utbreiinga av Tolimadue
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Overorden: Columbimorphae
Orden: Duefuglar Columbiformes
Familie: Duefamilien Columbidae
Underfamilie: Columbinae
Slekt: Leptotila
Art: Tolimadue L. conoveri
Vitskapleg namn
Leptotila conoveri

Tolimadue (Leptotila conoveri) er ein fugl i duefamilien, endemisk for Colombia med utbreiing i små oppstykka leveområde i Tolima-departementet, mest sikkert nær hovudstaden Ibagué.

Skildring endre

Tolimadua er ei due med mange fargesjatteringar som har glidande overganger, men oversida er mørk brun. Undersida er lys brungul, brystet i rosa. Framhovudet har lys blå fargetone som glir over i mørk gråblå nakke. Eit identifiserande kjenneteikn er kvitt område mot enden av dei ytre halefjørene. Auga er kvite med raud ring, beina er lyseraude, nebbet svart. Denne dua har kroppslengd på mellom 22,5 og 25 centimeter. Lætet er ein einsleg 'ou'-tone kvart 7-8 sekund.

Det mest kjente leveområdet er i Tolima. Tidlegare, og fram til 1952 var denne dua observert ved utspringet til Magdalena-elva i Huila-departementet. Ho skal òg ha vore observert i Cundinamarca-departementet i austlege Andes.[1] Det naturlege habitatet for tolimadua er opphavleg fuktig skog og krattskog mellom 1600 og 2255 moh., kanskje òg noko høgare. Dessutan lever ho i gjenreist sekundærskog, endatil har ho hatt reirplass i kaffitre og i buskar nær bustadområde. Klimatypen her i denne høgda er subtropisk.

Tolimadua hekkar mellom mai og september i tre, lågt over bakken. Kvart kull er på to egg.

Populasjonen er estimert til mellom 1000 og 2500 individ, og er trudd å vere minkande. Trugsmåla er mangel på naturleg habitat. IUCN har klassifisert arten som sterkt truga, EN.

Kjelder endre

Referansar
  1. Baptista et al. (1997)

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Tolimadue