Tolleiv Olsson Villand

Tolleiv Olsson Villand (17141778) var ein kjend norsk kjempekar og villstyring i Hallingdal på 1700-talet. Han var fødd i Hovet i Hol i Hallingdal som den eldste sonen av Blank-Ola, og den eldste av dei åtte villandskarane.

Tolleiv Olsson Villand
Fødd 1714
Død

1778 (64 år)

Tolleiv heitte etter farfaren Tolleiv Uppsata frå Ål, og vart fødd utanfor ekteskap i 1714. Han voks opp på garden Villand i Hovet, men fekk som vaksen garden Grøt av farbroren Tolleiv Rikandsrud. Denne selde han snøgt vidare, men kjøpte og løyste inn søre Villand og budde der frå 1747.

Tolleiv vart gift med Kari Larsdotter Sundre frå Ål, og fekk fleire born med henne.

Lars Reinton skriv om Tolleiv at han var den villaste og mest agelause av alle villandsbrørne. Han var høg, «trjå alni å två tumma», vert det fortald. Han var ovende sterk alt som ung, og vann på alle som prøvde seg i kast med han.

Vanskar med retten endre

Det Tolleiv er mest kjend for er at han skulle ha overfalt og dengd mor si i 1752. Dette er attgjeve i mange kjelder. Han skulle ha slengd henne bortetter slik at «mjærme henna gikk or le», sa dei. Denne saka førte med tida til at han kom på festninga og laut gjera straffarbeid nokre år. Tolleiv slost og med broren Ola, og med styvfaren Ola Larsson Fossgard.

Klagemålet mot Tolleiv vart framført om lag samstundes som mor hans la fram saka mot mannen sin i 1752. Protokollen skriv:

...fordi hand skal have afvigte 26 Ianv: dette Aar slaget hans moder Ragnil Ellingsdatter med en veede kubbe eller et Træe, og derforuden adskillige gange tilforn have ilde handlet med hans kone og brødre, saa at de ey skal have fred hverken Nat eller Dag, derom at anhøre vidner, fornemme paastand og være Dom undergive, saa er og under falsmaals straf vidnerne indkaldet til denne tid og Stæd, alt efter stævningens nærmere bemeld af dato 31 Iangv: 1752.

Ragnhild stod no fram i retten og trega på dette, av di ho vedgjekk at Tolleiv hadde vore full då det stod på. Men Tolleiv hadde fare so hardt fram mot skyldfolket sitt at han vart dømt til festningsarbeid. Båe brørne hans vitna om det same. No kom det og fram at styvfaren hadde vore skamfaren vinteren før, og sameleis stod det til med kona Kari.

Bøndene i bygda la på den andre sida fram attest på at Tolleiv nok hadde ført seg som eit skikkeleg menneske ute mellom folk.

Verste motmannen til Tolleiv var broren Ola, eldste sonen hans Ola Fossgard. Ein annan bror, Torkjell Olsson Villand, som var lensmann, gjekk mellom, men forsvara Ola i saka. Frå saka kjem det fram at Tolleiv meinte Ola hadde klaga han grovt for å få han unna, og at Ola var misunneleg på Tolleiv (på grunn av arveretten). Tolleiv meinte beint fram at Ola hadde «voldt hono slaveriet på».

Det er tydeleg at Tolleiv hadde steld seg ille etter ei veke på fylla. Han og Ola skulle ha slost med einannan den 23. januar, og overfallet på mora kom tre dagar etter. Tolleiv vart teken i forvaring fredagen same veka, og klagemålet vart sett fram om lag 31. Segnene fortel og om sjølve arresten, som ikkje gjekk fredeleg for seg. Han vart dregen til arresten som «ain vill ukse».

Etter nokre år på festninga kom Tolleiv heim att i 1757. Han fekk nåde av kommandanten, og vart gjort til soldat i Søndenfjeldske gevorbene infanteriregiment. Kona hans hadde då freista å få han ut ein to års tid. Grunnen var at ho sat einsam på garden med små born, og ho hadde ikkje pengar til å leige arbeidshjelp. Tolleiv kom då endeleg heim i 1758, og han sat i ro på Villand resten av livet, vert det fortald. Han hadde lova kommandanden på Akershus festning å ikkje bråke meir, og gjorde som han hadde lova. Han våga ikkje å slåst etter at han kom heim, men såg gjerne at andre tok seg eit basketak.

Born endre

Tolleiv og Kari fekk fleire born i lag:

  • Birgit Tolleivsdotter Villand, 1745-1825, gift til Bry.
  • Ola Tolleivson Villand, 1747-1817
  • Elling Tolleivson Villand, 1760-1835
  • Åse Tolleivsdotter Villand, 1765-ca. 1840, gift til Rime.