Tom Birger Hansen (fødd 25. februar 1948) er ein dansk tidlegare mellomdistanseløpar frå Århus som vann sølvmedaljen på 1500 meter ved europameisterskapen 1974.

Tom B. Hansen


Statsborgarskap Kongeriket Danmark
Fødd 25. februar 1948 (76 år)
Aarhus
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 1968, Sommar-OL 1972

Aktiv endre

Hansen sletta i 1970 den 15 år gamle danske rekorden til Gunnar Nielsen på 1500 meter. Den 29. juli sprang han på Stockholms stadion i mål på 3.40,6 og vart andremann i løpet etter norske Arne Kvalheim, som vart klokka inn på 3.40,2. Sommaren 1972 mista Hansen landsrekorden til Gerd Larsen. Knapt seks veker seinare tok Hansen den 9. august tilbake rekorden då han vann eit stemne i Helsinki på den fine tida 3,38,9. Under dei olympiske sommarleikane i München i september kvalifiserte han seg til finalen på 1500 m, der han på sisterunda gav han opp og enda sist.

Den 25. juni 1973 forbetra Hansen danmarksrekorden til 3.36,8 ved eit stemne heime i Århus. I juli 1974 viste han at den gode forma var intakt då han i Stockholm med 3.37,0 vart andremann etter verdseinaren John Walker frå New Zealand. 1500-metersfinalen under Friidretts-EM 1974 i Roma fann stad 8. september. Løpet gjekk lenge i eit moderat tempo, noko som gagna den uvanleg spurtsterke Hansen. Ut av siste sving kleiv han opp i leiinga og såg ut til å gå å mot ein klar siger, heilt til austtyske Klaus-Peter Justus kom frå langt bak i feltet og passerte dansken få meter føre mållinja.

Etter 1975-sesongen lukkast Hansen ikkje å halde tidlegare toppnivå.

Medalje og plasseringar i internasjonale meisterskap endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre