John Walker

USA-amerikansk musikar

John Joseph Maus (12. november 19437. mai 2011), med artistnamnet John Walker, var ein amerikansk songar, låtskrivar og gitarist. Walker er mest kjend som medlem av The Walker Brothers, som hadde stor suksess midt på 1960-talet, særleg i Storbritannia.

John Walker

Fødd12. november 1943
FødestadNew York City i USA
Død7. mai 2011 (67 år)
DødsstadLos Angeles
FødenamnJohn Joseph Maus[1]
OpphavUSA
Aktiv1957–2011
SjangerPop, country
InstrumentGitar
Tilknytte artistarThe Walker Brothers
Scott Walker
Gary Walker
PlateselskapAladdin, Dore, Almo, Mercury, Philips, GTO, Arena

Tidleg liv og karriere endre

John Maus vart fødd i New York City, som son av John Joseph Maus Sr., som kom frå Tyskland, og kona Regina. Med foreldra og den eldre systera, Judith, flytta han til California i 1947, først til Redondo Beach og seinare til Hermosa Beach. Han lærte seg saksofon, klarinett og gitar som barn, og frå han var 11 år gammal var han med i fleire fjernsynsshow. Han hadde ei rolle i situasjonskomedien Hello Mom, og deltok i i filmane The Eddy Duchin Story (1956) og The Missouri Traveler (1958). Han vart ven med Ritchie Valens og var kisteberar i gravferda til Valens. I 1959 flytta familien igjen, til Inglewood, der han vart kjend med David Marks og Dennis og Carl Wilson, og hjelpte dei mellom anna å spele gitar.[2] Han byrja å bruke namnet John Walker då han var 17 år gammal, fordi han var misnøgd med at folk ikkje klarte å uttale det verkelege namnet hans.[3][4]

Frå 1957 og frametter arbeidde han som songar og gitarist i lag med systera, som duoen John and Judy. Dei spelte inn fleire singlar for Aladdin, Dore, Arvee og Eldo mellom 1958 og 1962. I 1961 starta dei ei backinggruppe som John, Judy and the Newports, før bandet vart oppløyst etter ein tur til Hawaii. Dei møtte så Scott Engel, som hadde spelt bass i The Routers, og med trommeslagaren «Spider» Webb, skipa dei eit nytt band, Judy and the Gents. Maus fekk eit ID-kort med namnet John Walker, for å kunne spele i klubbar kring Los Angeles medan han framleis ikkje var gammal nok til å kome inn på klubbane. I 1963 turnerte Walker og Engel, i lag med to andre musikarar, i Midtvesten som «The Surfaris», sjølv om gruppa ikkje bestod av nokre av musikaren som spelte på Surfaris sine plater. Walker gav òg ut den første soloplata si, «What a Thrill», på Almo med The Blossoms som korsongarar.[3]

The Walker Brothers endre

For meir om dette emnet, sjå The Walker Brothers.

Han starta The Walker Brothers (opphavleg The Walker Brothers Trio) i 1964, med seg sjølv som solovokalist og gitarist, Engels på bass og harmonivokal og Al «Tiny» Schneider på trommer. Walker og Engel vart signert som ein duo av Mercury Records, og spelte inn den første singelen sin, «Pretty Girls Everywhere» i Los Angeles. Der vart dei fast inventar på nattklubben Gazzari's og spelte på fjernsynsshowet Shindig! som var utvikla av Jack Good. Så spelte dei vekentleg på TV-showet Ninth Street A Go Go. Seint i 1964 møtte dei trommeslagaren Gary Leeds, som tidlegare hadde spelt i The Standells, og som hadde turnert i Storbritannia med songaren P.J. Proby. Han overtydde dei om at dei ville klare å få stor suksess i Storbritannia. Før dei reiste spelte dei inn singelen «Love Her», med produsent Nick Venet og arrangøren Jack Nitzsche, og med Scott Engel på solovokal for første gong. Walker og Engel fekk raskt platekontrakt i Storbritannia og spelte inn fleire populære singlar, som «Make It Easy On Yourself» og «The Sun Ain't Gonna Shine Anymore».

I denne perioden spelte The Walker Brothers ofte med The Yardbirds og John Walker selde gitaren sin til gitarist Jeff Beck, som vart nytta på fleire av dei kjende innspelingane til The Yardbirds frå våren 1965 til tidleg i 1966.

John Walker skreiv i sjølvbiografien sin The Walker Brothers: No Regrets - Our Story:[3]

«Eg var alltid leiaren i bandet. Det var eg som sa 'la os gjere dette, la oss gjere sånn. Eg brukte mykje tid på å få musikken til gruppa fantastisk. Folk flest forstår ikkje at det var eg som valde ut songane som vart dei største singlane til The Walker Brothers..... eg var klar over at mykje hadde endra seg: Scott hadde blitt frontmannen i gruppa... No når det var han som song førstestemma, så nytta eg høve tli å skape nokre uvanlege harmoniar, noko eg aldri hadde gjort før. Me visste at me kvar hadde ei viktig rolle, og kjende ansvaret overfor kvarandre, med eit mål i tankane, som var å lage gode plater som var unike i si tid.»

Seinare karriere endre

The Walker Brothers vart oppløyst tidleg i 1968, hovudsakleg på grunn av gnissingar mellom Maus og Engel, etter ein turné seint i 1967 i Storbritannia, der òg Jimi Hendrix, Cat Stevens og Engelbert Humperdinck spelte, og etter ein turné i Japan. John Walker byrja så å spele solo med eit nytt backingbadn. Han gav ut singelen «Annabella», skriven i lag med Graham Nash, som nådde 24. plassen på den britiske singellista,[5] og eit album, If You Go Away. Han gav ut fleire singlar på Philips, og så på Carnaby, som var eigd av Mervyn Conn, men desse gjorde det mindre bra, og i 1969 kom albumet This Is John Walker. I 1971 spelte han inn eit album som var produsert i lag med Bill Wyman i Château d'Hérouville i Frankrike, men dette kom aldri ut. To år seinare turnerte han ei kort stund med songaren Jimmy Wilson og gruppa hans, som The New Walkers, før dei vart oppløyste.[2][3]

Seint i 1974 gjekk han, Engel og Leeds med på å samle The Walker Brothers att. I 1975 gav dei ut albumet No Regrets, og sidan følgde Lines (1976) og Nite Flights (1978), som gjorde det mindre bra. Etter at kontrakten til gruppa med GTO Records vart gruppa igjen oppløyst.[2][3]

I 1986 gjorda han ein turné der han spelte musikk frå 1960-åra, før han flytta frå England til San Diego. Han utvikla sidan sitt eige platestudio. Han byrja òg å skrive musikk for andre artistar og starta sitt eige forlag, Arena.[1] I 2000 starta han sitt eige plateselskap og gav ut plata You. Han turnerte i Storbritannia igjen med 60-talsmusikk igjen og gav ut albumet Silver Sixties Tour 2004. I 2007 gav han ut to album, Just For You, ei samling kjærleikssongar, og Songs of Christmas and Inspiration. Han turnerte i Storbritannia igjen i 2009 med meir 60-talsmusikk,[1][2][3] og i 2010 i lag med Dakotas.[6]

Ein dobbel sjølvbiograf, skriven av Walker og Gary Leeds, The Walker Brothers: No Regrets - Our Story, kom ut i 2009.[2]

Walker døydde av leverkreft i 2011.

Diskografi endre

Singlar endre

John and Judy endre

«Bother Me Baby» / «Who's To Say» (Aladdin 3420, 1958)
«Hideout» / «Love Bug» (Dore 530, 1959)
«You Can't Have My Love» / «Tell Me» (Dore 540, 1960)
«This Feeling» / «Tell Me Why» (Dore 553, 1960)
«Live It Up» / «Oh No No» (Arvee 5025, 1961)
«I Love You So» / «Love Slave» (Eldo 118, 1961)

Johnny Walker endre

«What A Thrill» / «Beginning of the End» (Almo 208, 1964)

The Walker Brothers endre

For meir om dette emnet, sjå The Walker Brothers.

John Walker endre

Solo John/Solo Scott (Philips, 1966) (delt EP med Scott Walker) (4. plass i Storbritannia[7])
«Annabella» / «You Don't Understand Me» (Philips BF 1593, 1967) (UK # 24)[5]
«If I Promise» / «I See Love In You» (Philips BF 1612, 1967)
«I'll Be Your Baby Tonight» / «Open The Door Homer» (Philips BF 1655, 1968)
«Kentucky Woman» / «I Cried All The Way Home» (Philips BF 1676, 1968)
«Woman» / «A Dream» (Philips BF 1724, 1968)
«Yesterday's Sunshine» / «Little One» (Philips BF 1758, 1968)
«Everywhere Under The Sun» / «Traces Of Tomorrow» (Carnaby CNS 4004, 1969)
«True Grit» / «Sun Comes Up» (Carnaby CNS 4009, 1969)
«Cottonfields» / «Jamie» (Carnaby CNS 4012, 1970)
«Over And Over Again» / «Sun Comes Up» (Carnaby CNS 4017, 1970)
«Huellas de Manana» / «Quienes Somos Nosotros» (Carnaby, 1970)
«Good Days» / «Midnight Morning» (1973)

Albums endre

If You Go Away (Philips BL 7829, 1967)
This Is John Walker (Carnaby CNLS 6001, 1969)
You (2000)
The Silver Sixties Tour 2004 (2004)
Just For You (2007)
Songs of Christmas and Inspiration (2007)

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 John Walker at Bullet Management, arkivert frå originalen 31. mars 2012, henta 26. september 2013 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 Biography at official website
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 3,4 3,5 Walker, John; Walker, Gary (2009). The Walker Brothers: No Regrets - Our Story. London: John Blake. s. 320. ISBN 978-1-84454-815-6. 
  4. 2009 interview, ThisIsNottingham.co.uk, arkivert frå originalen 5. mai 2013, henta 26. september 2013 
  5. 5,0 5,1 Roberts, David (2006). British Hit Singles & Albums (19th utg.). London: Guinness World Records Limited. s. 590. ISBN 1-904994-10-5. 
  6. Wyllyotts Theatre (Potters Bar, Herts), March - June 2010
  7. «UK EP chart listing». www.everyhit.com. 16. mars 2000. Henta 26. september 2013. 

Bakgrunnsstoff endre