Opna hovudmenyen

Tom Leadon (fødd i 1952) er ein amerikansk musikar. Han var medlem i det tidlegare bandet til Tom Petty, Mudcrutch. Han er bror til Bernie Leadon, som tidlegare spelte i Eagles.[1]

Tom Leadon
Tom Leadon, June 2016.jpg
Fødd1952
FødestadRosemount
OpphavUSA
SjangerRock
InstrumentGitar
Verka somGitarist

BiografiEndra

På skulen var Leadon medlem i the Epics i Gainesville i Florida, der han møtte Petty. Leadon var sologitarist og Petty spelte bass. Kort tid etter dei danna Mudcrutch, med Randall Marsh på trommer, fekk gruppa inn ein sologitarist til, Mike Campbell. Leadon og Campbell delte på å spele gitarsoloar på konsertane til Mudcrutch i og kring Gainesville.

Leadon slutta i Mudcrutch i 1972[2] og flytta til Los Angeles, i fotspora til den eldre broren Bernie, som nyleg hadde starta Eagles med Randy Meisner, Glenn Frey og Don Henley. Leadon spelte òg bass i bandet til Linda Ronstadt, og i 1976 vart han med i countryrockbandet Silver, som hadde ein hit same året med «Wham-Bam».

I 1975 spelte the Eagles inn ein av dei originale songane til Leadon, «Hollywood Waltz», og gav han ut på One of These Nights. Den endelege versjonen er tilskriven Tom Leadon, Bernie Leadon, Frey og Henley.[3] Seinare det året gav Buck Owens ut sin versjon av denne songen.

Leadon vart seinare gitarlærar i Nashville.[1]

I 2007 starta Petty opp att Mudcrutch og spelte inn eit album med Leadon, Campbell, Marsh og Benmont Tench. Albumet kom ut 15. april 2008.[2]

I memoara sine, Conversations with Tom Petty, seier Petty at det var Leadon som inspirerte han til å flytte til Los Angeles for å prøve og slå gjennom som musikar.

KjelderEndra

  1. 1,0 1,1 Dean, Bill (29. april 2008). «Mudcrutch reunites for album». The Gainesville Sun. Henta 16. april 2015. 
  2. 2,0 2,1 Light, Alan (23. april 2008). «Tom Petty revives his old Mudcrutch band». International Herald Tribune. Henta 16. april 2015. 
  3. «Song Lyrics: Hollywood Waltz Lyrics: Eagles». Country Music Television. 2009. Henta 16. april 2015.